UiS legg vekt på å utvikle eiga verksemd i grønare retning gjennom systematisk miljøarbeid og å synleggjere eige miljørekneskap. UiS har vore sertifisert som Miljøfyrtårn sidan 2019.
Publisert
Sist oppdatert
Universitetet i Stavanger er sertifisert som Miljøfyrtårn og rapporterer årleg inn miljøarbeidet ved institusjonen. Dette betyr at vi jobbar systematisk med å minske energiforbruket, avfallsmengda og CO2-avtrykket.
Gjennom Miljøfyrtårn-ordninga jobbar UiS målretta med å forbetre miljøprestasjonar innafor områda
- arbeidsmiljø
- avfallshandtering
- energiforbruk
- innkjøp og transport
Dette arbeidet skal bidra til at Universitetet i Stavanger i fellesskap med resten av samfunnet skal klare å oppnå FNs berekraftsmål.
Les meir om kva UiS gjer for å bli grønare: Grønn omstilling på UiS-campusane