Styret ved Universitetet i Stavanger diskuterte Israel på sitt møte 6. juni 2024.
Studentrepresentantane hadde fremja forslag om akademisk boikott av Israel. Dei ønskte også å avslutta innkjøpsavtalar med Israel.
Rektor gjekk i saksframlegget sitt imot dette forslaget av prinsipielle årsaker.
“Styret bør reflektera over akademisk boikott meir prinsipielt og universitet si rolle. I tillegg bør styret reflektera over kva ein akademisk boikott vil ha å seie for den einskilde forskar sin akademiske fridommen” heiter det i saksframlegget.
Det var usemje blant styremedlemmene, og i løpet av diskusjonen vart omgrepet "boikott" teke ut av forslaget.
Styret vart samde om følgjande vedtak:
- UiS avsluttar alle institusjonelle samarbeidsavtalar med israelske institusjonar, på grunn av den folkerettsstridige krigføringa på Gaza. UiS inngår heller ingen nye avtalar så lenge krigshandlingane går føre seg.
- UiS tek initiativ til opphøyr av innkjøpsavtalar som involverer Israel gjennom SIKT.
Saksframlegg: Anmodning om akademisk boikott av Israel
Sjå også nettsida om korleis UiS forheld seg til krigen i Gaza.