For å vere best mogleg førebudd til to krevjande år, har masterprogrammet i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS starta ein heilt eigen «BootCamp».
Akademisk skriving, kommunikasjon, samarbeid, forhandling, stressmeistring, matte og statistikk. Det er nokre av temaa studentane på Master i økonomi og administrasjon har gått gjennom under andre veke av haustsemesteret.
For første gong har masterprogrammet lagt opp til ei intensiv veke, kalla «BootCamp». Dette er eit obligatorisk program som er laga for at studentane skal kunne kome gjennom dei to åra på masterprogrammet på best mogleg måte.
Hadde fire mål
Professor Yuko Onozaka er studieprogramleiaren for master i økonomi og administrasjon, og er bak ideen og konseptet om BootCamp. Grunnen til at ho ville begynne med dette var for å gje studentane ein best mogleg start.
– Det er basert på tilbakemeldinger frå elevar og førelesarar. Mange studentar opplever utfordringar i programmet. Me trur at det å gje studentane moglegheiter til å (1) friske opp minna sine om viktig kunnskap frå bachelorprogram, som matematikk og statistikk, og (2) få kunnskap og tips om ting som teamarbeid og kommunikasjon kan forbetre læringopplevinga deiras betrakteleg. Så me bestemte oss for å sette av ei heil veke dedikert til desse formåla, seier Onozaka.
Ho fortel at det vart sett fire mål. Friske opp ferdigheiter, oppdatere ferdigheiter, utvikle eit felles språk (både bokstaveleg og metaforisk), og å bli kjent med kvarandre gjennom gruppeøvinger.
Viktig med mjuke ferdigheiter
Blant dei eksterne som har kome og førelest og prata til studentane er: Randi Garmann Lønrusten og Marius Næss frå Ergo;ergo om kommunikasjon, Roar Thun Waegger frå Waegger Negotiation om effektiv forhandling, og Erlend Rørvik frå Bjørnson om teamarbeid og det å takle stress og angst. Spesielt det siste var viktig å inkludere i denne veka, meiner Onozaka.
– Det er kjent kunnskap at mjuke ferdigheiter er avgjerande for den nåverande og framtidige arbeidsmarknaden, og det inkluderer sjølvleiing. Depresjon og det å bli utbrent er alvorlege problem i dagens arbeidsliv. Me ønska at studentane skulle forstå at dei ikkje kan lykkast viss dei ikkje kan ta godt vare på seg sjølv, seier ho.
Meir førebudd på studietida
– Det blir betre å starte på med undervising nå, enn viss me ikkje hadde hatt bootcamp, seier student Stine Lindanger, og legg til at det var spesielt interessant å få lære av dei eksterne som hadde kome til UiS for anledninga.
Sjølv om ho synest det både har vore ei informativ og tung veke, så meiner ho det absolutt var nyttig. Medstudent Fredrik Selliken er einig, og synest det gjekk fint å kome seg gjennom fem dagar med intensiv læring.
– Dei var flinke til å halde liv i oss, seier Selliken.
Fleire studentar nemnte at seksjonen om «Effective Negotiation» var ekstra interessant, og at økta med matte og statistikk var nyttig.
Bintu Aminiata Sisay frå Sierra Leone og Dorcas Anyango frå Kenya er også nøgd med å ha hatt ein intensiv start på studielivet i Stavanger.
– Det har vore bra, informativt og nødvendig. Me er meir førebudd nå, seier Anyango.
Rett etter intervjuet skal dei inn å ha vekas siste økt, leia av Erlend Rørvik (frå Bjørnson) som handlar om det å takle stress og angst.
– Det er uungåeleg. Dette treng med, ler dei begge to.
Så langt har tilbakemeldingene frå studentane vore positive, ifølge Onozaka. Dette er med i vurderinga om det skal bli arrangert ein BootCamp for andre gong.
– Men det er veldig ressurskrevjande, så me må vurdere effektiviteten nøye. Viss dette gir studentane ein mjuk overgang til masterstudiet, førebur dei på det svært utfordrande semesteret dei vil møte, og forbetrer læringsopplevingane deiras, så ønsker me å halde fram med det neste år.
Meir frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka KI
Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...
Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten
Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...