Internasjonal forsking, i form av kunnskapsoversyn og forskingsnotat, skal brukast for å auka gjennomstrøyminga ved Universitetet i Stavanger.
Å hjelpa fleire studentar til å fullføra studieløpet - såkalla gjennomstrøyming - har vore ei aktuell problemstilling ved universitet og høgskular i Noreg den seinare tida, deriblant ved Universitetet i Stavanger (UiS). UiS har den seinare tida starta eit eige prosjekt for å hindra fråfall av studentar ved universitetet.
Prosjektgruppa består av rådgjevar Trine Mathiesen Gilje og kontorsjef Kari-Anne Malmo frå Kunnskapssenter for utdanning (KSU) og seniorrådgjevarane Fredrik Skår og Irene Husveg frå UH-fakultetet. Det er òg sett i gong eit samarbeid med Universitetsbiblioteket og Institutional Research Network at UiS.
Forskingsbaserte tiltak
Tiltaka i prosjektet er forskingsbaserte, det vil seie at dei er baserte på resultata av eit utval systematiske kunnskapsoversyn om gjennomstrøyming og fråfall i høgare utdanning. Desse kunnskapsoversyna er identifiserte og vidareformidla av KSU, som har oppsummert kunnskapsoversyna og publisert dei, i form av forskingsnotat.
- Video: Hva er egentlig en kunnskapsoversikt? | Universitetet i Stavanger (uis.no)Denne videoen viser deg hva en systematisk kunnskapsoversikt er
Høgare utdanning har sjølvsagt lenge vore opptatt av at studentane deira skal fullføre studia. Det nye i denne samanhengen er at fakultetsadministrasjonen utformar prosjektet i svært nær samanheng med fleire tiår med systematisk forsking på temaet.
– KSU har ansvar for å identifisera og samanstilla forsking av høg kvalitet som kan utvikla heile utdanningssektoren. Dette er eit døme på noko me gjer i samanheng med ei samansett utfordring innanfor høgare utdanning, og det viser korleis utdanningssektoren kan bruka forsking til å vidareutvikla praksis, uttaler Kari-Anne Malmo, kontorsjef ved KSU.
Studiekompetanse vs studentkompetanse
Prosjektet tar utgangspunkt i at alle nye studentar kjem til UiS med ein fagleg studiekompetanse, men at ikkje alle har utvikla dei personlege ferdigheitene som er nødvendige for å lykkast som student. Desse personlege ferdigheitene kallar vi «studentkompetanse».
Manglande studentkompetanse er, i følgje forskinga, ein viktig grunn til at nokre studentar vel å avslutta studia før dei er ferdige. Ein viktig byggestein i studentkompetansen, og dermed ein dugleik som er sentral for gjennomføring av studieløpet, er det som i forskingslitteraturen på temaet blir kalla «grit» («viljestyrke», «tæl», «karakter» på norsk) (jf. m.a. Allen et al., 2021; Christopoulou et al., 2018).
Nokre er fødde med mykje «grit», mens andre treng ein del støtte til å utvikle denne dugleiken. Gjennom strukturert arbeid med å gjere nye studentar bevisste på kva overgangen frå elev til student krev av dei, vil det nye prosjektet legge til rette for utvikling av mellom anna «grit».
Seminar og open dag
Nå i mars veke tok prosjektet nye, konkrete steg. Prosjektgruppa hadde ein egen stand på Åpen dag ved UiS 7. mars, der besøkande elever frå vidaregåande skule vart bedne om å svare på kva dei tenkte er dei største skilnadene mellom det å være elev og student. Svara frå elevane er interessante innspel til utforminga av innhald i det studentførebuande kurstilbodet.
Dette viser korleis utdanningssektoren kan bruka forsking til å vidareutvikla praksis.
To representantar frå prosjektgruppa, Fredrik Skår og Kari-Anne Malmo, vart også inviterte til å presentera og diskutera piloten på eit instituttseminar for tilsette ved Institutt for kultur og språkvitenskap (IKS) i Egersund 9. mars.
– Gjennomstrøyming er ei stor utfordring for oss, og vi håpar at dette prosjektet kan bidra til å motverka fråfall. Vi er glade for å ha med oss KSU og fakultetsadministrasjonen i vårt målretta arbeid for å få fleire studenter gjennom studia, uttaler Ingun Leidland, kontorsjef ved IKS.
Døme på relevante forskingsnotat
Her er er forskingsnotat om temaet gjennomstrøyming som KSU har laga, på basis av internasjonale, systematiske kunnskapsoversyn:
- Frafall i høyere utdanning: disponerende faktorer og tiltak | Universitetet i Stavanger (uis.no)
- Studentfrafall og studentengasjement | Universitetet i Stavanger (uis.no)
- Undervisningsekspertise i høyere utdanning | Universitetet i Stavanger (uis.no)
- Hvilke områder må lærere i universitets- og høgskolesektoren ha kompetanse innen? | Universitetet i Stavanger (uis.no)
- Sosioøkonomisk status og akademiske prestasjoner i høyere utdanning | Universitetet i Stavanger (uis.no)
- Sosialpsykologiske tiltak i høgare utdanning | Universitetet i Stavanger (uis.no)
Tekst: Leif Tore Sædberg, KSU