Tre grupper med masterstudentar frå økonomi og administrasjon deltok i konkurransen. Vinnarlaget stakk av med heile 40.000 kroner.
– Det har vore veldig kjekt. Travelt, men utruleg lærerikt. Om det er nokon som vil ta dette emnet neste år, så vil eg verkeleg anbefale det, seier Susanne Sigstad Sirnes.
I emnet Economics of Motivation var det 12. november tid for den årlege konkurransen UiS Rogaland Sparebank Case Competition.
Tre grupper fekk sjansen til å konkurrere om å vinne heile 40.000 kroner frå Rogaland Sparebank. Til slutt var det studentane Oda Sundseth, Maren Refsland og Susanne Sigstad Sirnes som stod igjen med den store gåvesjekken.
– Vi blei veldig glade då vi blei ropt opp som vinnarar. Dette var stas, seier UiS-studentane.
Motivasjon på arbeidsplassen var temaet. I løpet av dei siste månadane har studentane som tek emnet jobba tett på ei bedrift dei sjølv har plukka ut, intervjua sjefar og studert korleis dei held sine tilsette motiverte. Kvar gruppe har komme opp med idear og anbefalingar basert på pensumlitteratur, som kan vere med på å gjere ein reell forskjell på arbeidsplassane.
Studentane går på det siste året av mastergraden i økonomi og administrasjon på Universitetet i Stavanger.
Ville sjå på motivasjonen hos ei bedrift som skilde seg ut
I oppgåva til vinnarlaget undersøkte dei kva slags mekanismar som påverkar motivasjonen hos dei tilsette på verkstaden Møller Bil.
– Det var litt tilfeldig at vi valde Møller Bil, men vi høyrde at dei jobba med motivasjon no, og at dei var veldig interesserte i å lære meir om det, fortel Maren.
Studentane hadde eit ynskje om å lære noko om ei bedrift som er noko anna enn det dei sjølv ynskjer å jobbe med:
– Alle som kjem på besøk på Handelshøgskulen er store rekneskapsfirma og kontorbedrifter. Det var interessant å sjå på korleis motivasjonen er hos nokon som faktisk jobbar med hendene og brukar kroppen. Nokon som ikkje sit på kontor. Noko heilt anna enn det vi kjenner til, seier Maren.
Dei tre jentene er einige om at det er kjekt å jobbe med ein ekte case – der dei kan sjå teorien i praksis, og at det er svært realistisk inn mot arbeidslivet.
Rogaland Sparebank: – Ein fin måte å bringe akademia ut i næringslivet
Finansdirektør Tomas Nordbø i Rogaland Sparebank sat i juryen saman med professor emeritus Aslaug Mikkelsen ved Handelshøgskulen UiS. Han fortel kva som gjorde at gruppa trakk det lengste strået i konkurransen:
– Dei var best på å forstå forretninga dei hadde valt. Dei forsto problemstillinga veldig godt, og klarte å bringe den akademiske litteraturen inn i oppgåva. Dei hadde forslag som var reflekterte, og som lett kan implementerast.
Han rosar også samarbeidet med Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger.
– Dette har vi gjort i fleire år no. Vi i banken synest dette er ein fin måte å bringe akademia ut i næringslivet. Eg tenkjer det er ein gjensidig fordel både for bedriftene og for studentane.
Nordbø trur dette er ei svært nyttig erfaring for studentar på veg ut i arbeidslivet:
– Først må dei forstå den praktiske problemstillinga hos bedriftene, og så må dei i tillegg skrive det ned og presentere det. Å ha ein presentasjonsteknikk, og nokre hovudpunkt du skal selje inn, er viktig når du skal ut i næringslivet.
– Fin øving før masteroppgåva neste semester
Sadaf Basharat er stipendiat i samfunnsøkonomi på Handelshøgskulen UiS, og har saman med professor Mari Rege hatt ansvar for emnet.
– Sidan emnet handlar om motivasjon, tenkte vi at gevinsten på 40.000 kroner vil i stor grad påverke korleis studentane jobbar. Vi ynskjer å motivere dei til å gjere det bra.
Ho fortel litt om framgangsmåten:
– Gruppene har gjennomført to intervju med ein informant i bedrifta på to ulike stadium av oppgåva. Basert på desse intervjua, finn dei ut nivået på motivasjonen hos dei tilsette. Ved hjelp av pensumlitteraturen i førelesingane med Mari Rege, prøver dei å identifisere nokre nøkkelmekanismar, som påverkar motivasjonen.
Basharat seier at ho synest det har vore veldig kjekt å guide studentane gjennom prosessen.
– For meg var det også viktig å leggje vekt på akademisk skriving. Studentane skal skrive masteroppgåve neste semester, så dette er ei fin øving for å førebu seg på det, fastslår ho.