Statsbudsjettet for 2024 gir nye kutt for Universitetet i Stavanger.
Regjeringas framlegg til statsbudsjett inneber eit reelt kutt på mellom 2 og 2,5 prosent. UiS får ei betydeleg større realnedgang enn gjennomsnittet for universitets- og høgskolesektoren.
Mange kutt
Her er nokre av forslaga i statsbudsjettet:
- Såkalla inndekning for satsingar (tidlegare ABE-kutt) blir dobla, noko som betyr eit kutt på 20 millionar kroner i 2024. Dette utgjer om lag ein prosent av UiS-budsjettet.
- Pris- og lønnskompensasjon er sett til 4,4 prosent. Dette er 0,3 prosent lågare enn det Statistisk sentralbyrå har lagt til grunn, noko som tilsvarar eit kutt på seks millionar kroner for UiS.
- Regjeringa endrar finansieringsmodellen ved å flytta pengar frå forskingsproduksjon til resultatfinansiert utdanningsproduksjon. Det råkar UiS, som har hatt ei svært god utvikling innanfor forsking, men no blir meir avhengig av å produsera studiepoeng.
- Regjeringa trekk tilbake 16 rekrutteringsstillingar som vart gitt under covid-pandemien. Dette betyr eit kutt på 8 millionar kroner i 2024, som stig til 24 millionar i 2025
- I 2024 kjem også første heilårseffekt av kutta som vart innførte i samband med skolepengar for studentar utanfor EØS. Dette utgjer om lag 15,7 millionar kroner i 2024
- Budsjettet inneber ein liten reduksjon for sektoren som heilskap, men nedgangen rammar UiS hardare enn dei andre. Vi tek del i alle kutta, men får ikkje nokre av dei kompenserande tildelingane. Dette betyr at me må auka intensiteten i den økonomiske omstillingsprosessen ved universitetet, sier rektor Klaus Mohn.
Store ambisjonar
Samtidig understrekar rektor at Universitetet i Stavanger har store ambisjonar når det gjeld å oppfylle samfunnsoppdraget, blant annet på helse- og velferdsområdet.
- Me forventar at politikarane stiller opp, mellom anna når det gjeld profesjonsstudium i psykologi og nybygg for å forsterka helsesatsinga. Me treng også at dei stiller opp for andre satsingar på UiS, som det planlagde museumsbygget vårt. Dette prosjektet vil kosta lite i forhold til det andre universitet blir tildelt.