Det er stadig aukande behov for dei med juskompetanse i næringslivet. Helen Totland Christensen frå EY meiner ein mastergrad i forretningsjus gir det breie kunnskapsfeltet som bedriftar ser etter.
Master i forretningsjus blei etablert på Handelshøgskolen ved UiS hausten 2021. Dette er ein juridisk utdanning med økonomifokus som gjer deg spesialkunnskap om forretningsjuridiske emne.
Interessert? Her kan du lese meir om mastergraden i forretningsjus.
Helen Totland Christensen er partnar i EY Stavanger. Ho meiner ein får store moglegheiter i karriera med ein slik grad, og at fleire bedriftar er på jakt etter dei med ein slik kompetanse.

Kva slags behov er det i næringslivet for kandidatar med mastergrad i forretningsjus?
Ofte blir jusutdanninga forbunde med prosedyreadvokaten i det tradisjonelle advokatfirma eller hos påtalemyndigheita. For å kunne prosedere i retten må ein ha fullført femårig juridisk profesjonsstudium og oppnådd mastergrad i rettsvitskap.
Det mange derimot ikkje er bevisst nok på er det stadig aukande behovet for dei med juskompetanse i det private næringslivet. Her snakkar me i enda større grad om rådgjeving enn den tradisjonelle tvisteløysinga. Bedriftar og organisasjonar i næringslivet vil ofte vere i skjæringspunktet mellom juss og økonomi. Det samme gjeld også for blant anna dei store revisjons- og rådgjevingsselskapa som heller ikkje har prosedyre og tvisteløysing som sitt kjerneområde. For desse bedriftane vil ei spesialisering i kjernefaga i forretningsjusen vere vel så relevant som breidda av fagområde ein er innom gjennom den ordinære jusutdanninga. Dette er eit kunnskapsfelt det er stor etterspurnad etter.
Kva er det desse kandidatane har som gjer dei ettertrakta?
I eit stadig meir kompleks næringsliv med stort behov for innovasjon og nytenking stillast tilsvarande høge krav til kandidatar som skal frå studietida og ut i næringslivet. Innan næringslivet vil det vere ein stor fordel å ha spesialkunnskapar også innan blant anna rekneskap og økonomi for å forstå det juridiske regelverket. Det tradisjonelle profesjonsstudiumet i rettsvitskap gjer ei brei og grundig forståing av juss, men ofte kan ordinære jusstudentar mangle økonomisk forståing, både innanfor rekneskap og annan generell bedriftsøkonomi.
For bedriftar med stillinger kor det er behov for kunnskap og forståing for både juss og økonomi, vil kandidatar med bakgrunn og grunnleggande forståing innan begge fagområde vere svært attraktive. Kandidatar med ein slik juridisk utdanning med økonomifokus vil kunne utføre rettslege analysar som er aktuelle ut frå økonomiske og kommersielle vurderingar.
Studentar med mastergrad i forretningsjus har eit breitt kunnskapsfelt som mange bedriftar ser etter, uavhengig av type industri.
Kva kan ein gjere med bakgrunn i forretningsjus hos for eksempel EY?
Ein stor del av tenestene som EY tilbyr sine klientar er i skjæringspunktet mellom juss og økonomi. Juridiske vurderingar er ofte ein større eller mindre del av veldig mange oppdrag me står overfor. Selskapsbeskatning, internasjonal beskatning, merverdiavgift og annan tradisjonell forretningsjus er alle tenester og oppdrag innanfor skatteavdelinga til EY, der kunnskap om både økonomi og juss er essensielt for å kunne levere eit best mogleg produkt til våre klientar.
Studer jus på Handelshøgskolen ved UiS!
Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka KI
Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten
Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...
– Eg vil beskrive programmet som førsteklasses, prestisjefylt, utfordrande, engasjerande og i verdsklasse
Hesam har studert master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og spesialiserte seg innan strategisk ...
Guro fikk en forsmak på arbeidslivet i Stavanger tingrett
Jurister jobber ikke bare med jus. De skal også håndtere mennesker, argumentere godt, overbevise retten, forstå andre og...
UiS fornyar avtalen med Norway Summit
Handelshøgskolen ved UiS har fornya avtalen med den framståande næringslivskonferansen Norway Summit.
Målet til Chandan er å bli ein banebrytande marknadsførar og gründer
Derfor tar han ein mastergrad i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS.
– Det er eit stort behov for revisorar, så det å velje ei ettertrakta utdanning var motiverande
Karen Høyland Ollestad valde UiS for å kome tettare i kontakt med det lokale næringslivet.