Laurdag 23. januar kan du sjå Forskar Grand Prix Stavanger på NRK 2 med forskarar her i regionen konkurrere om å bli den beste forskingsformidlaren.
Gjekk du glipp av Forskar Grand Prix på Folken under Forskingsdagane i haust? Då har du moglegheit til å sjå showet på tv heime i di eiga stove.
Stavanger-finalen, med 8 forskarar frå Universitetet i Stavanger (UiS) og Stavanger universitetssjukehus (SUS), vart spelt inn som eit live-program, og skal sendast på Kunnskapskanalen NRK 2 laurdag 23. januar kl. 17.40.
Konferansier i Stavanger er Leif Tore Lindø, til dagleg journalist i Stavanger Aftenblad.
Her ein oversikt over programma som blir vist på NRK 2 framover:
16. januar, kl. 17.30 – Oslo
23. januar, kl. 17.40 – Stavanger
30. januar, kl. 17.10 – Tromsø
6. februar, kl. 16.25 – Bergen
13. februar, kl. 16.25 – Agder
20. februar, kl. 16.25 – Trondheim
27. februar, kl. 16.25 – Nasjonal finale
Ekstremvariant av formidling
Forskarar snakkar ofte om viktige og kompliserte tema, men klarer dei å fortelje om forskinga si på ein slik måte at alle forstår kva dei snakkar om? Det er utfordringa dei unge og uredde forskarane har som deltakarar på Forskar Grand Prix.
Med ei lyssett scene og kamera retta mot seg, i tillegg til eit dommarpanel og ein sal full av publikum, er arrangementet ein ekstremvariant av forskingsformidling. Det er dommarane og publikum som gjev poeng og stemmer fram vinnaren.
Først ut på NRK 2 er altså Oslo-finalistane. Kven blir den beste forskingsformidlaren i Oslo og Akershus? Og kven frå Oslo og Akershus får delta i den nasjonale Forskar Grand Prix-finalen? Svar på det får du førstkomande laurdag.
Folken-finale
Det er studentar ved Fjernsyns- og multimedieproduksjon (BA) ved UiS som har filma og produsert Stavanger-finalen saman med Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS.
Showet som neste laurdag skal visast på NRK er eit live opptak frå Folken tysdag 22. september 2020.
Produksjonen utgjer ein del av undervisninga til UiS-studentane, noko som har vore tilfelle heilt sidan starten i 2010 – då det for første gong i Noreg vart arrangert Forskar Grand Prix i Bergen, Stavanger og Trondheim.
Deltakarar frå Stavanger-regionen:
Terese Johannessen, SHARE – Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten, UiS: Stress, press og andre utfordringer: tre steg til bedre kvalitet i helsetjenesten
Ida Sjursø, Læringsmiljøsenteret, UiS: Når mobbingen kan foregå 24 timer i døgnet
Abhinav Bhaskar, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, UiS: Norway’s role in building a greener Europe
Andrzej Tunkiel, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, UiS: Using AI to drill for energy today and tomorrow
Magnus Bjørkavoll-Bergseth, Kardiologisk avdeling, SUS: Kan vi oppdage hjerteinfarkt før symptomene merkes?
Christian Kuran, Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging, UiS: Hvor trygge er vi på veien? Regeltøyning og regelbryting i tungtransportbransjen
Marianne Bore Haarr, Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi, UiS: Hvordan få mer treffsikre medisiner mot kreft og andre sykdommer?
Álvaro Fernández Quílez, Stavanger Medical Imaging Laboratory, UiS/SUS: Can artificial intelligence be used for a more gentle diagnosis of prostate cancer?
Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Mari Hult