Silje Haus-Reve har fått opprykk til professor i innovasjon og regionale studium ved Handelshøgskolen UiS. Ho har i fleire år vist seg som ein produktiv forskar som publiserer forskinga si på høgt internasjonalt nivå.
Haus-Reve si forsking handlar om å forstå drivkreftene for innovasjon og utvikling, både i enkeltbedrifter, næringar og regionar. Ho fokuserer på korleis ulike typar kunnskap kan kombinerast for å fremja innovasjon, og korleis opparbeidd kompetanse kan brukast på nye måtar for å skapa moglegheiter og komma inn i nye marknader. Dette er spesielt viktig i vår tid, der me meir enn nokon gong treng å utnytta den opparbeidde kompetansen vår og retta han mot nye og meir miljøvennlege marknader. Forskinga hennar gir både innspel til strategiarbeid i bedrifter, og råd til avgjerdstakarar og politikarar om korleis ein kan fremja innovasjon.
Kvinneleg professor
– Kvalifikasjonsopprykk til professor er klart ei fjør i hatten. Det er inspirerande å lesa at andre fagpersonar vurderer kompetansen min til professornivå. Det er verkeleg ei drivkraft for å halda fram arbeidet mitt vidare.
Silje har ein doktorgrad frå UiS frå 2019, og var den første som oppnådde kvalifikasjonsopprykk frå tenure-track ved UiS. Det siste året har ho delteke i UiS sitt Tiltopp-program, eit NFR-balanseprosjekt for å auka andelen kvinnelege professorar. Ho er også den første som har oppnådd professorkompetanse gjennom UiS si tredje runde av programmet, som no er godt på veg til å nå målet om 45 % kvinnelege professorar.
Kvantitativ forskar og leiande internasjonale tidsskrift
Professor Haus-Reve er ein kvantitativ forskar som bruker analysar av registerdata. Dette gir moglegheita til å følgja både individ og bedrifter, og dessutan bedrifter sine innovasjonsaktivitetar over tid. Noreg har svært god tilgang på høgkvalitetsdata. Resultata frå forskinga hennar er publiserte i leiande internasjonale tidsskrift, inkludert Research Policy, Regional Studies og Economic Geography.
Aktiv pådrivar, gründer og leiar
I tillegg til den nye professortittelen sin, leiar ho også avdelinga for innovasjon, leiing og marknadsføring, arbeider med strategiske initiativ og internasjonalisering, og er knytt til Senter for Innovasjonsforskning ved UiS/NORCE.
– Silje er ein kvalitetsorientert pådrivar for god forsking og undervisning. Ho ein dyktig leiar, og har også vore ein viktig bidragsytar i det internasjonale akkrediteringsarbeidet vårt, uttaler ein fornøgd dekan, Ola Kvaløy.
Ho er også medlem av redaksjonskomiteen for økonomifestivalen Kåkånomics, og har starta universitetet sitt spin-off selskap DiveOpp AS saman med kollegaer ved Senter for Innovasjonsforskning.