Universitetet i Stavanger har fått forlenga UNESCO-professorat i mangfald, inkludering og utdanning. Denne gongen er det pedagogikkprofessor Hildegunn Fandrem som sit i førarsetet. Ho overtek etter religionsprofessor Geir Skeie, som held fram som medleiar.
UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.
Utnemninga UNESCO Chair blir gitt til institusjonar verda rundt som har fagmiljø som utmerkar seg innanfor utvalde område som er relevante for UNESCO. Ordninga vart etablert i 1992.
UiS vart i 2020 tildelt det 4-årige professoratet etter søknad til UNESCO. Etter ny søknad har UiS fått tildelt professoratet for 4 nye år.
Viktigare enn nokon gong
– Dette er ei internasjonal anerkjenning av arbeidet me gjer på området mangfald, inkludering og utdanning, og det gir ei moglegheit til å setja på dagsorden ein tematikk som berre blir meir og meir viktig slik verda er i ferd med å utvikla seg no, seier den nyutnemnte UNSECO Chairen, Hildegunn Fandrem.
Fandrem er til dagleg professor i spesialpedagogikk ved Læringsmiljøsenteret og synes det er stas og ha blitt vurdert og blitt funnen tittelen verdig. Ho understrekar likevel at eit godt grunnarbeid er lagt av tidligare UNESCO Chair, Geir Skeie, og heile teamet i programområdet for mangfald inkludering og utdanning, der ho er nestleier.

– Akademia i dag handlar i stor grad om teamarbeid. Sjølv om professoratet no teknisk sett er knytt til meg og mi stilling, er det ei fjør i hatten til heile forskingsmiljøet vårt - dette står vi saman om, seier Fandrem.
UNESCO-samarbeidet har fram til nå hatt sin base i det nevnte programområdet, som endar sin periode ved årskskiftet, men målet er å senda inn ein ny programområde-søknad med liknande tematikk.
– Me ønskjer å vera ei motvekt til det som no skjer i USA, og vil gjera det me kan for å sikra arbeid vidare på eit tema-området som no ser ut til å mista fokus og forskingsstøtte i andre delar av verda, held Fandrem fram.
Brei relevans på UiS
– Vi veit at det er mange på UiS som har vore opptekne av denne tematikken, på tvers av fagmiljø. Det har vore ulike møtepunkt opp gjennom åra, blant anna mellom alle dei som er engasjert i spørsmål kring det fleirkulturelle Noreg. Gjennom programområdet for mangfald, inkludering og utdanning og UNESCO Chair - utenemninga i 2020 blei det meir struktur på arbeidet med mangfald og inkludering knytt til utdanningsfeltet.
– Når Geir og eg byrja å snakke med kvarandre om felles problemstillingar som til dømes mangfald i klasserommet, såg vi at vi hadde mange felles punkt, men der den eine ser på mangfald frå eit religions- og livssyns-perspektiv, ser den andre det frå ein sosialpsykologisk ståstad. Då må vi ut av komfortsonen og prøve å forstå teoriar vi ikkje er vane med å bruke, og av og til må vi gå rundar med oss sjølv, seier Fandrem.
– Det er mangfald i det også, held Skeie fram, – og det utfordrar oss til å tenke annleis, noko som må til for at det skal skje utvikling og for at ein skal skapa noko nytt. I alle prosjekta våre står tverrfaglegheit sentralt.
– Problemstillingane vi jobbar med må løysast på tvers, og utfordringar knytt til mangfald og inkludering dukkar opp på ulike måtar på ulike fagfelt, framhevar Fandrem.
– Tematikken er relevant også for sosiologar, dei som arbeider med helse- og sosialfag, forutan utdanning og humaniora – og også innan teknologi og næringsliv.
– Vi er eit arbeidsfellesskap, og har dei same utfordringane som andre arbeidsmiljø. Det handlar ikkje berre om å gjere studentar flinke til å jobbe med desse tinga gjennom utdanningane deira, og bringe fram forsking som kan gi auka innsikt, men rett og slett bli endå betre på å handtere mangfald og inkludering i vårt eige arbeidsmiljø. Ein vil gjerne at det skal gå av seg sjølv, men fullt så enkelt er det ikkje, meiner Skeie.
Samarbeid utanfor UiS
Fandrem er vidare oppteken av korleis forlenginga av UNESCO-professoratet er eit høve til og å halda fast på og utvikla vidare, gode samband som allereie er etablert på tvers av universitet, både nasjonalt og internasjonalt. Særlig trekk ho fram samarbeidet med ein annan UNESCO Chair, nemleg UNESCO-chair for mobbing og nettmobbing, James O’Higgins Norman, ved Dublin City University (DCU).

– James og eg har samarbeidd i mange år. Me starta samarbeid om eit internasjonalt nettbasert studium om mobbing for fleire år sidan, dette var viktig både for DCU og UiS, ettersom begge er medlemmer av dei såkalla ECIU Universities. Etter kvart har me også utvikla forskingssamarbeid. DCU og UIS har samarbeidd om søknad om, og realisering av, fleire COST-nettverk, det tidlegare TRIBES omhandla migrasjon og mobbing, mens det noverande ORBIT tek for seg religiøs identitet og mobbing. I tillegg er me partnarar i Marie Curie doktorgradsnettverket Participate, der digital mobbing er det sentrale tema. Og, sist men ikkje minst er DCU den internasjonale samarbeidspartnaren i det NFR-finansierte forskningsprosjektet vårt LIFE, om livsmeistring. Det blir fint og no halda fram samarbeidet i kraft av å vere UNESCO Chairar begge to.
Også VID vitenskapelige høgskole har vore ein viktig samarbeidspartnar i TRIBES og er det no i LIFE, dei har også vore aktive i det nevnte programområdet og vil være sentrale som deltakarar i det nye teamet rundt UNESCO chair.
Vil samarbeide utanfor akademia
– Forsking viser at det er vanskeleg å få til sosial utjamning gjennom utdanning sjølv om dette er eit politisk ønske. Når det viser seg så vanskeleg i praksis, treng vi meir kunnskap om kvifor dette skjer og samarbeid mellom forskarar, politikarar og dei som arbeider i skule og barnehage, seier Skeie.
– Mangfald og inkludering er del av komplekse samfunnsprosessar. Det er eit samfunnsope felt, og vi kan ikkje berre halde på med det innanfor ei snever, akademisk verd. Vi er difor allereie i gang med å utvikle samarbeid utenfor akademia, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Fijistiftelsen er til dømes ein samarbeidspartnar det er eit mål å få til noko meir saman med. Eg har tidligare arbeid frivillig for denne stiftinga, og synes det ville vera fint å kunne følgja dette arbeidet opp i meir formaliserte former på sikt og samtidig komma berekraftsmål meir i møte også globalt, seier Fandrem.
Berekraftsmål sentralt
Professoratet og tematikken mangfald, inkludering og utdanning er tett knytt til FN sitt fjerde berekraftsmål, om lik rett til god utdanning. Dette målet tar opp i seg det inkluderande perspektivet. Alle har rett til utdanning, og å kunne bruke den i samfunnet. Då er det viktig å sjå på korleis det er å vere i utdanningssystemet, både nasjonalt og internasjonalt. Sjølv om vi i Noreg har eit velfungerande utdanningssystem, er det stor variasjon i korleis ein opplever det. Då er vi rett inni problematikken knytt til mangfald og inkludering som og dreier seg om demokratisk medborgarskap.
– Er ikkje det eit av dei mest aktuelle områda å jobbe med i dag, så veit ikkje eg, avsluttar Fandrem.
Samarbeidspartnarar
Initiativ frå Stavanger kommune. Vil utvide samarbeidet.
Det opphavlege initiativet til å sende ein søknad til UNESCO kom frå Stavanger kommune, gjennom Sølvberget og fribyforfattarforeininga ICORN, som ønska seg eit tettare samarbeid med UiS innan desse tema.
– Etter kvart kopla VID og Fiji-stiftinga seg på, og vi såg at dette kunne vere ein god måte for UiS å samarbeide med andre utanfor akademia, som også er opptekne av desse spørsmåla.
Kontakt oss
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Hildegunn Fandrem fyller stillinga som UNESCO-professor. Hun er professor i spesialpedagogikk ved Læringsmiljøsenteret.
Fandrem si forsking handlar om mangfold og inkludering, minoritetsspråklege elevar, mobbing og livsmeistring. Ho er prosjektleiar for LIFE- og PARTICIPATE-prosjektet.