Rektor Klaus Mohn ynskte studentane velkommen til eit nytt studieår under opningsseremonien i Fadderteltet på Campus Ullandhaug. Les talen her.
Kjære student,
Velkommen til Universitetet i Stavanger! A warm welcome to you as a new student. Eit spesielt velkommen til deg som er ny student.
Takk for at de valde Universitetet i Stavanger! Me skal gjere vårt for at de skal lære og trivast.
I dag er første dagen i resten av ditt liv. Det som ligg framom no er ikkje mindre enn ein ny epoke. Det kan høyrast pompøst ut. Men gjennom ny kunnskap vil studentlivet forme deg, og nye opplevingar vi forandre deg. Du vil vekse og utvikle deg, som enkeltperson og som medmenneske. Det er difor ikkje rart om det kriblar litt i magen. Ny by. Nytt studium. Kven vil eg bli kjent med? Vil eg trivast?
Det er den draumen me ber på… at noko vedunderleg skal skje, …som Olav H. Hauge skreiv.
Universitetet vårt er 20 år i år. Altså like gamalt som mange av dykk. Og like fullt av kraft, vitalitet og pågangsmot. Me vil gjere oss gjeldande, helst gjennom nyvinningar basert på kunnskap. Og ikkje minst som gode medborgarar. Som studentar håpar me at de har tilsvarande ambisjonar.
Ved UiS møter me samfunnsutfordringar med ny kunnskap. Slik vil me sikre velferdsstaten og kome nærmare løysinga på natur- og klimautfordringa. Og igjen håpar me at utdanninga kan ruste dykk for viktige oppgåver.
Frå i dag er du med i den akademiske fellesskapen. Her lev og andar me for konstruktiv kritikk og debatt. Ikkje fordi me elskar å krangle, men fordi opplyst meiningsbryting gir det beste grunnlaget for ny erkjenning og kunnskap.
La stemma di og bli høyrd. Bli med på å sikre ein god ytringskultur. Slå ned på hets, splittande retorikk og konspirasjonsteoriar. Gje likevel utrykk for dine eigne meiningar og motførestillingar. Slik finn du vegen til læring, vidareutvikling og vekst.
Det har aldri vore enkelt å vere student. Det skal det heller ikkje vere. Eit hovudmål med høgare utdanning er at ein skal utvikle sjølvstende i møte med utfordringar og vekse mot større oppgåver. Og då må ein få røynt seg litt under vegs.
Vegen er elles brulagt med utfordringar, tvil – og stundom hinder. Dei aller fleste let seg passere, stundom med litt ekstra tid eller innsats. Ein av dei amerikanske kjemikarane som vann nobelprisen i kjemi i 2023 strauk til dømes på sin første eksamen.
Sjølv sjangla eg litt dei første åra av studentlivet, av ymse grunnar. Eg studerte både historie og engelsk – før eg enda opp med samfunnsøkonomi. Kunnskap er aldri bortkasta.
Etter nokre år, kanskje etter at du har endra kurs eit par gonger og jobba hardt, så opnar det seg noko. Slik Hauge avsluttar det fine diktet sitt kanskje du og jamvel oppleve at du glir inn på ein våg du ikkje har visst om.
Vegen du treng finst! Og eg håpar at du finn han her i Stavanger.
Velkommen til UiS!