Klaus Mohn så både bakover og framover i jubileumstalen.
Kjære Statsråd, kollegaar, studentar og venar av Universitetet i Stavanger!
Velkommen til årsfest og jubileum!
I dag feirar me at det er 20 år sidan det blei vedteke i statsråd at Stavanger skulle få det femte universitetet i Norge. Det var ein milepæl mange hadde slite for, og som var ein kongstanke for høgskuleklynga i Stavanger heilt sidan 1960-åra.
Alt før me blei universitet var me tett på arbeids- og næringslivet, og både før og etter har me bidrege sterkt til både samfunnsbygging og verdiskaping:
·Gjennom åra har me utdanna tusenvis av kandidatar som bidreg til samtida, og som formar framtida – ingeniørar, lærarar, sjukepleiarar, leiarar, journalistar, tollarar, operasongarar. Ja, jamvel statsrådar har hatt utdanninga si frå UiS.
· Petroleumsforskinga ved UiS har skapt verdifull kunnskap for fellesskapet. Ei rekke selskap og oppfinningar har elles utspring frå UiS, som selskap som leverer smarthusløysingar, selskap som produserer elektroniske medisinske madrassar og selskap som leverer programvare til vindbransjen.
· Forskinga vår gjev svar og løysingar på store samfunnsutfordringar, og me er i forskingsfronten innafor fagfelt som realfag, teknologi, energi, samfunnssikkerheit, risikostyring, økonomi, helsevitskap og utdanningsvitskap.
Alt dette og mykje meir feirar me i dag.
20 år høyrest kanskje sjenerande ungt ut. Det er det òg, men eigentleg er det tale om ein ungdom med ei gamal sjel. For UiS har røter heilt tilbake til 1800-talet.
Faktisk heile 162 år tilbake - til 1862, då det kom lærarutdanning til Stavanger. 16 år seinare, frå 1878, kunne ein ta Teknisk kveldskule her i byen. Seinare kom andre utdanningar til. Mellom anna Norsk hotelfagskule som blei grunnlagt i 1912.
Tanken om eit universitet i denne regionen ble fyrste gong lansert i 1960, på eit møte i Rogaland Akademi.
Ikkje mange år seinare blei Norge som Askeladden å rekne og kunne, som han, rope “Eg fann, eg fann”, då det blei funne olje i Nordsjøen.
Stavanger var raskt på banen med studiar og forsking i tråd med nye behov for kompetanse innan petroleum og offshoreteknologi.
Opprettinga av petroleumsingeniørutdanninga i Stavanger var ein direkte respons på Ekofiskfunnet som blei gjort i oktober 1969 og som den gong var verdas største petroleumsfelt til havs. Petroleumsingeniørutdanninga var nyskapande og bygde på tilsvarande utdanningar frå USA.
I år markerer me at det er 50 år sidan dei første petroleumsingeniørane blei uteksaminert.
Men me feirar fleire jubileum i år:
Grunnskulelærarutdanninga er 70 år, barnehagelærarutdanninga er 50 år, lektorutdanninga vår er 15 år og den verdskjende utdanninga for lydfolk ved Fakultet for utøvande kunstfag er 30 år.
Og sist, men ikkje minst: Det eldste studiet i samfunnssikkerheit i landet feirar 25-årsjubileum i år.
Å svare raskt på samfunnet og nasjonen sine behov med nødvendig utdanning og forsking har blitt eit kjenneteikn ved Universitetet i Stavanger.
Eksempla på dette er mange:
· Samfunnssikkerheit blei definert og etablert som fag ved Universitetet i Stavanger.
· UiS er òg i forskingsfronten innan pasientsikkerheit, og me tilpassar oss eit stort potensial innan helsetenesteforsking.
· Me har utvikla grøne teknologiutdanningar innan elkraft og batteriteknologi og andre studietilbod retta mot grøn omstilling
· Forskingsprosjektet “Newborn Time” brukar kunstig intelligens til gjenoppliving og betre omsorg av nyfødde.
· Auka behov for medisinskteknisk personell i sjukehus og medisinsk industri gjorde at me hausten 2022 starta ei utdanning i medisinsk teknologi.
· UiS har leiande forsking innan leikbasert læring, sjølvregulering, lesing og mobbing.
· Ledelsesforsking frå Handelshøgskulen UiS syner at fleire kvinner i virksomhets-styrer gjev grundigare avgjersler.
Men me ser ikkje berre mot framtida.
Me er òg opptekne av fortida vår. Arkeologisk museum ved UiS bidreg til å avdekke kor me kjem frå som nasjon og no nettopp var arkeologar herfrå med og kartla Myklebustskipet, som kan vise seg å vere det største vikingskipet i Norge.
Me er stolte over det me har oppnådd så langt og gler oss til å bidra endå meir i framtida!
Gratulerer til deg som på denne dagen får teiknet på at du har oppnådd den aller høgste akademiske graden, og no kan kalle deg doktor.
Heile 87 kandidatar har disputert sidan førre årsfest og det er ny rekord.
Gratulerer òg til de som står her som prisvinnarar.
Bidraga dykkar har flytta forskingsfronten framover og gitt samfunnet ny og verdifull kunnskap.
Engasjement og framsynthet har vore eit kjennetekn ved universitetsarbeidet i denne regionen. Allereie da Rogaland distriktshøgskule blei etablert i 1969 la ein lokalt til rette for at distriktshøgskulen med tida skulle kunne utviklast til universitet: Ein la band på ei universitetstomt, starta byggeverksemd og etablerte ei eiga forskingsstifting.
I år 2000 la den samanslåtte Høgskulen i Stavanger ein universitetsstrategi. Administrativt og vitskapleg tilsette, politikarar og næringsliv jobba målbevisst, side ved side, mot målet, som blei nådd på denne dagen for 20 år sidan.
Universitetet i Stavanger står på skuldrene til mange eldsjeler. Vi har mange å takke! Så mange at eg ikkje kan nemne alle. Difor: Ein hjartefylt takk på vegne av Universitet i Stavanger til universitetsbyggarane våre - for det de har gjort for samfunnet i stort og ikkje minst for framtida!