Her finn du orienteringa frå rektor til styremøtet 5. desember 2024.
Generelt
To dagar på overtid nådde SV og regjeringa eit forlik i forhandlingane om statsbudsjettet 2025, og det skjedde søndag 1. desember. Då blei det endeleg klart at Universitetet i Stavanger ikkje kan rekne med finansiering frå statsbudsjettet til etablering og oppstart av profesjonsstudium i psykologi hausten 2025. Me kan dermed konstatere at vår sak ikkje fekk tilstrekkeleg høg prioritet, korkje frå SV eller regjeringa. Så snart vonbrotet har lagt seg, skal me samle oss og lage ein plan som kan styrke sjansane våre i Statsbudsjettet 2026, som blir lagt fram i oktober neste år.
Då var det meir gledeleg de som skjedde i går. Etter et år med graving, boring og bygging opna me den nye Energisentralen her ved UiS. Med jordvarme frå 119 energibrønnar skal me no forsyne varme og kjøling til heile universitetsområdet. I tillegg vil bygget romme undervisning og forsking, på el-kraft og elektroteknologi. Med den nye energisentralen baner UiS veg for omstillinga, ikke bare på campus og i regionen, men og i eit globalt perspektiv.
Torsdag 21. november arrangerte UiS den andre årlege Henrik Steffens - førelesinga. I år var det professor i filosofi, Alice Crary, frå The New School of Social Research i New York, som føreleste om samanhengen mellom dyrevern og dyrevelferd på den eine sida, og velferd og verdigheit blant menneske på den andre sida. Over 200 menneske møtte opp, med ein stor del eksterne gjestar.
Veka før hadde eg elles gleda av å opne kunnskapssektorens sikkerheits- og beredskapskonferanse, som gjekk av stabelen her ved UiS torsdag 14. november. Med vår eigen statsråd i spissen mønstra konferansen eit sterkt batteri av innleiarar. Programmet greip elles direkte inn i verknadar av den internasjonale uroa på UH-sektoren sitt arbeid med sikkerheit under usikkerheit.
Sidan førre styremøte har me arrangert næringslivsseminar under Verdiskapingsforum, med om lag 215 frammøtte. Her stod mellom anna studentrekruttering på agendaen, både det me gjer ved UiS og no eit nytt initiativ satt i gang av Næringsforeininga i Stavanger-regionen, der målet er å marknadsføre Stavanger som studentby. Me fekk og høyre frå to av studentane som går på elkraft-studiet ved vårt eige TN-fakultet, der stipendfond vart introdusert om lag ei veke før søknadsfrist. Gjennom denne siste bidrog stipendordninga til meir enn 100 søkjarar til elkraftstudiet.
Smedvig, SB1 Sør-Norge og Lyse har teke initiativ til eit nytt stipendfond, med ambisjonar om å reise store midlar på sikt til eit evigvarande berekraftig fond, til gunst for utdanning og forsking ved UiS. Adm dir i Smedvig, Marit Salte, lanserte ideen i det same seminaret under Verdiskapingsforum.
I denne samanheng vil eg og nemne at me har sett ned ei ny arbeidsgruppe ved UiS, for å greie ut korleis me kan trekke til oss filantropar og sponsorar på meir systematisk vis. Ei relevant finansieringskjelde for mindre utviklingsprosjekt ved UiS er Sparebankstiftinga SR-Bank. I søknadsrunden no i haust vann UiS innsatspokalen i talet på søknadar, og me fekk 4 mill kroner tildelt til fire ulike prosjekt som det vert spennande å følgje vidare.
Om lag 120 leiarar var invitert til utvida leiarforum ved UiS mandag 25. november. Temaet for dagen var Utvikling i omstilling. Leiarforum er ein viktig arena for informasjonsutveksling, og sjølv nytta eg høvet til å ta opp att utfordringane knytt til omstilling, med understreking av leiarane sitt ansvar både for kommunikasjon, oppfølgjing og gjennomføring.
Me fekk elles særs gode presentasjonar av utviklingsprosjekt frå fleire fakultet. Det var oppløftande å oppleve at det skjer mykje godt arbeid i organisasjonen, arbeid som vonleg vil føre til høgare søkjartal, betre gjennomstrøyming, meir og betre forsking og innovasjon – og betre bruk av universitetet sine samla ressursar.
Divisjon for forskning
Ved UiS arbeider forskarar og forskingsadministrasjon målretta for å lykkast i Horisont Europa – EU sitt største finansieringsprogram. I løpet av dei siste åra har UiS delteke i nær 200 søknadar, med 26 tildelingar og ei samla støtte på om lag 160 mill kroner. Me konkurrerer også godt om nasjonale midlar til EU-nettverk som skal identifisere, samle, mobilisere og støtte søkarar/forskarar til å delta i Horisont Europa-søknadar saman med andre nasjonale og internasjonale aktørar.
Nyleg har UiS fått finansiering til to slike nettverk: Forskingsavdelinga ved UiS vil via nettverket ‘EU-enhet Vest’ være koordinator for eit nytt EU-nettverk kalt «CleanFlow Energy» som skal styrke deltakinga innanfor Klynge 5 – Klima, Energi og Mobilitet. Initiativet representerer eit viktig samarbeid og tverrsektoriell innovasjon som trengs for overgangen til eit klimavenleg samfunn og nullutslippløysingar.
Også vårt forskningssenter SHARE fekk saman med NTNU samfunnsforsking løyving til eit brukarnettverk for samfunnssikkerheit kalt «Norway Community of User Civil Security for Society». Begge nettverka mottek 1,5 mill kroner frå Noregs forskingsråd og Innovasjon Norge for perioden 2025-2027 og skal samarbeide tett med næringsklynger og offentlege aktørar.
Universitetsbiblioteket (UBiS) arbeider for eit godt læringsmiljø; og let seg ikkje stoppe av adventstid. Det blir julepynt, adventskalender, luciatog med barnehagebarn fra Krabat og juleverksted for studentene, m.m.
UBiS held og fram med suksessen «Bøker og Beats», der studentar frå UK viser seg frem på scenen i biblioteket. 10. desember skal vi ha kunnskapsmøte i biblioteket i samarbeid med Klimastiftelsen. Tema er Norges vei til nullutslipp: Hva vil næringslivet gjøre for å nå nullutslippsmålet?
Divisjon for organisasjon og infrastruktur
Eg tek høvet til ei oppdatering rundt arbeidet med arealforvaltning, som reiser store utfordringar i samband med omstillinga. Med eit samla omstillingsbehov på om lag 200 mill kroner og husleigekostnadar på 15 prosent, er det rimeleg at også arealbruken må reduserast i takt med resten av nedskaleringa, altså med om lag 10 prosent. Elles må kostnadane reduserast desto meir i andre delar av drifta, med risiko for større overtalligheit. Frå 2022-nivået inneber dette i så fall at arealkostnadane må ned med 30 mill kroner.
I dag er det slik at husleiga for alle fakultet og avdelingar blir dekka på institusjonsnivå. Ute i organisasjonen har ein dermed ingen motivasjon til å rasjonalisere med arealbruken. Tomme kontor og underutnytta undervisningsareal har ingen kostnad for avdelingar, fakultet og institutt. Dette fører til overforbruk, og støtter ikkje opp om omstillinga. Styret må difor være budd på utgreiing, planar og framlegg som kan innebere flytting og fortetting, underdekning for arbeidsareal, booking-ordningar for kontor og undervisningslokale, betre måling og oppfølgjing, insentivering av arealbruk, justert avvikling av eksamen, framleige osv.
Ein føresetnad for forbetring er at ein veit kor ein står. Kartlegging og kunnskap om dagens arealbruk vil difor bli viktig. Då vil ein sjå kor i organisasjonen det er god plass, og kva for einingar som har det mest trangbølt. Over tid kan arealbruken målast gjennom sensorikk og digitale målemetodar både i undervisnings- og kontorareal. Førebelse tal tydar på for mange tomme rom og betydeleg variasjon i bruk av arbeidsplassrelatert areal på tvers av organisasjonen.
Under leiing av professor Ragnar Tveterås er ei arbeidsgruppe i ferd med å greie ut slike spørsmål. Gruppa skal i tillegg foreslå ein modell som presiserer roller og ansvar i forvaltning og utvikling av areal ved UiS. Sluttrapporten skal leverast innan utgangen av året, og vil deretter danne utgangspunkt for det vidare arbeidet med omstilling i arealforvaltninga.
Delar av organisasjonen ber om nye og betre areal. Inntil vidare er mitt utgangspunkt at slike ambisjonar ikkje kan bli møtt med mindre me har klare planar for finansiering og/eller overkompenserande tiltak i andre delar av arealporteføljen. Spesielt gjeld dette om målet skal være å redusere arealbruk og arealkostnadar med ti prosent.
Betre utnytting av ressursane våre er ein fellesnemnar for omstillinga. Dette gjeld ikkje berre for areal, men og for dei menneskelege ressursane, som elles er aller viktigast. Dette er bakgrunnen for dei nye retningslinjene for arbeidsplanlegging, som blei tatt til orientering av styret i førre styremøte. Dei nye retningslinjene er forventa å gje eit løft i eksternfinansiert forsking, og samstundes frigjere ressursar til undervisning. Intensjonen er å verne studietilbodet mot for store nedskjæringar, og samstundes legge til rette for meir og betre forsking.
Det er for å sikre god ressursbruk at me og går gjennom dei over 100 studieprogramma ved UiS kvart år, med vurderingar av opptaksrammer for neste studieår. Denne saka er på styret sin agenda for dagens møte. Med trongare budsjettrammer må prioriteringane rundt studieporteføljen og bli hardare. I dag har me store ledige ressursar som står ubrukte ved studietilbod med mangel på søkjarar. Dette gjer det naturleg å vurdere ei justering i favør av studietilbod med mange kvalifiserte søkjarar og ressursmangel. Me har klar beskjed frå Kunnskapsdepartementet om at utnyttinga av utdanningskapasiteten må bli meir fleksibel og dynamisk. Difor ser me føre oss at slike vurderingar og tilrådingar vil bli meir vanlege i tida som kjem.
Per i dag er rundt 1/3 av omstillinga bak oss. Det betyr at me har dobbelt så mykje igjen som det som er gjennomført. Dei lågaste fruktene er henta, og tiltaka som no er under førebuing vil krevje mykje av oss. Styret får i dag og presentert framlegg til endeleg budsjettfordeling for 2025, med ei samla ramme som er 2,2 prosent lågare enn i inneværande år, i reelle termar. Framlegget til budsjett reflekterer den foreslåtte justeringa i opptaksrammer, og er elles prega av mykje godt arbeid med omstilling. Ei meir aktiv forvaltning av studieporteføljen er nemnt, og det same gjeld nye retningslinjer for arbeidsplanlegging og utgreiing av arealforvaltninga. I tillegg kjem vidare fleksibilisering av utdanningstilbodet, forbetring av tverrgåande arbeidsprosessar og fortsatt omstilling av fellestenestene.
Utviklinga i aktivitet og årsverk ved UiS er no på veg ned. Om me lykkast med planlegging og gjennomføring av tilhøyrande tiltak, har eg god tro på at me og vil nå måla for omstillinga.
Divisjon for innovasjon og samfunnskontakt
Me set elles stor pris på engasjementet frå styret når det gjeld omdømmebygging, attraktivitet og studentrekruttering. For rundt slike forhold er engasjementet stort også i universitetsleiinga og i resten av organisasjonen. Med enkelte unntak kunne me notere ein veldig fin oppgang i søkjartala i år. Dette kan tyde på at innsatsen kastar av seg. Difor trur og håpar me at den fine utviklinga kan halde fram.
I desse dagar startar kampanjane som bygg seg opp mot søknadsfristen for samordna opptak 15. april neste år. Eit hovudgrep er å oppsøkje ungdommen der dei er, både på fysiske og digitale møteplassar. Difor dreg eit korps av studentambassadørar frå UiS på skulebesøk i heile landet. I tillegg omfattar studentrekrutteringa Åpen dag ved UiS i mars kvart år, samt deltaking på messer og spesialsydde kampanjar på sosiale medium gjennom vinteren. Desse marknadsføringsaktivitetane er godt planlagt, og skjer etter kvart og i eit samspel med interessentar i nærings- og arbeidslivet.
Fakultet og fageiningar har aktivitetar og tiltak for studentrekruttering som går vidare enn dei etablerte tiltaka for marknadsføring på institusjonsnivå. Her skal eg innrømme at me ikkje har detaljert oversikt over aktiviteten i ulike delar av organisasjonen. Difor vil me no undersøkje om det finst eit potensial for forbetring i koordineringa mellom fakulteta og institusjonsnivået i planar og tiltak for studentrekruttering.
Styret vil bli oppdatert om søkjartal i første møte etter søknadsfristen, og då vil ein få eit inntrykk av korleis aktiviteten rundt marknadsføring og studentrekruttering har verka gjennom vinteren. Neste høve for oppdatering rundt studentrekruttering er den faste orienteringssaka om opptakstal i september-møtet neste år. Og med det set eg strek…
Takk for merksemda så langt.