Rektors orientering til styret 13. mars 2025

Her finn du orienteringa frå rektor til styremøtet 13. mars 2025.

Publisert Sist oppdatert
UiS rektor Klaus Mohn foran grønn bakgrunn
Rektor Klaus Mohn

Om ein månad går søknadsfristen ut for samordna opptak, og me er alle veldig spente på interessa for Universitetet i Stavanger som studiestad, og reint konkret på utviklinga i talet på søkjarar. I mellomtida arbeider heile organisasjonen knallhardt med marknadsføring, mobilisering og rekruttering.

Studentrekrutteringsaktivitetane held fram med full styre, studentambassadørar har besøkt vidaregåande skular over heile landet og me har arrangert eit digitalt opplegg for dei skulane som ikkje kunne få besøk. I førre veke arrangerte me open dag og om lag 2000 vidaregåande elevar kom på besøk og fekk eit innblikk i studiemoglegheiter hjå oss. Samstundes var rådgjevarar frå skulene på seminar hos oss for å bli betre kjent med studietilbodet.

Informasjon om studietilbod og studentliv ved UiS vert elles annonsert i dei viktigaste sosiale media, og saman med organisk innhald har dette gjeve millionar av visningar og trafikk til nettsidene. So langt i år ser me ein oppgang i talet på sidevisningar på uis.no samanlikna med same periode i fjor. Saman med tilskottet av eit fantastisk nytt studenthus vonar me at tiltaka våre skal bere frukt, som me ser att i gode søkartal til Universitetet i Stavanger.

Spesielt stor er spenninga når det gjeld lærarutdanningane. Her har me introdusert tre nye studietilbod som gir betre fleksibilitet rundt utdanninga, og som opnar fleire inngangar til fullført lærarutdanning. Det gjeld eit nytt årsstudium i «læring og psykologi», som kan brukast i lærarutdanninga utan tap av progresjon, og det gjeld to nye mastergradstilbod som kan kvalifisere kandidatar som ikkje har utdanning på mastergradsnivå.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland og utdanningsminister Kari Nessa Nordtun har elles signalisert ei mogleg omlegging av lærarutdanningane. Målet er å betre rekrutteringa, og det ser ut til at ein vil opne for ei samansett tilnærming, med 3+2 eller 4+1- struktur. Ei grunnleggande utdanning skal supplerast med ein praksisintensiv del, med løn. Meir fleksibilitet er bra, har eg kommentert i debattinnlegg i Khrono, men minner samstundes om at lærarmangelen ikkje er ei utdanningskrise. Dermed burde ein sjå meir nøye på korleis ein kan gjere yrket meir freistande. Politiske signal om omlegging kunne ein nok og ha venta med til søknadsfristen for samordna opptak var bak oss.

Eg har elles mottatt ein rapport frå dekanane ved Samfunnsvitskapleg fakultet og Handelshøgskulen UiS, med tilråding om å flytte NHS-Institutt for leiing og tenesteutvikling frå SV-fakultetet til Handelshøgskulen. Betydelege overlapp i utdanning og forsking gir potensial for betre ressursbruk ved UiS. Med ei flytting til Handelshøgskulen UiS vil NHS-Institutt for leiing og tenesteutvikling bli del av eit større og meir robust fagmiljø, og dette kan at utdanningstilboda deira blir mindre sårbvare. Enkelte framstiller dette som trugsel om nedlegging og utradering. Dette stemmer ikkje. Uavhengig av organisering vil utdanning og forsking innan hotellfag og reiseliv bli haldt ved lag, og aller helst i tett samarbeid med reiselivsnæringa. Saka blir no behandla i fakultetsstyra og i samarbeidsutval med tillitsvalde lokalt og sentralt (såkalla IDF-utval), før eg eventuelt kjem til styret med ei tilråding i juni.

Arbeidsmiljøundersøkinga er på veg ut. Nytt av året er at me sluttar oss til ei nasjonalt system for slike undersøkjingar. Dette vil gje enklare administrasjon, lågare kostnadar, og betre høve til samanlikningar med andre universitet og høgskular. Resultata er klare om eit par månadar, og vil bli nøye fulgt opp, i aller første omgang i ei stor leiarsamling i mai, men deretter på alle nivå i organisasjonen. Universitetsbiblioteket arrangerar ei rekke faglege og sosiale arrangement kvart semester, og dei er alle opne og gratis for alle. Kurs i kildekritikk og fusk, samt plagiering er viktige for å sikre at studentane får kunnskap om korleis eksempelvis KI kan og ikkje kan brukast. Denne kompetansen vil bli integrert i det ordinære studietilbodet fra 2026.

Biblioteket bruker mye ressurser på det fysiske lærings- og arbeidsmiljøet. Det er biblioteket sine tilsette som er tettast på studentane i kvardagen deire. Dette gir eit godt utgangspunkt for å sjå til at alle kjenner seg velkomne ved UiS. Det finst ikkje betre ambassadørar enn studentar som trivst.

Professor Dolly Jørgensen står i spissen for framgangsrike forskingssenteret Greenhouse, med miljøhumaniora som forskingsfelt. No har Dolly blitt tildelt den prestisjetunge, svenske Gad Rausings pris 2025 for si banebrytande forsking. Prisen er på 1,5 millionar svenske kroner og blir delt ut av Kungliga Vitterhetsakademien i Stockholm den 20. mars. Jørgensen får prisen for sitt brede forskingsperspektiv som spenner over humaniora, samfunnsvitenskap, naturvitenskap og teknologi. Særleg betyding har innsatsen hennar hatt for forståinga av tilhøvet mellom mennesker og natur.

I dette årets Postdoctoral Fellowship-utlysingar i EU fekk UiS løyving for heile tre av 15 søknadar. Eitt prosjekt blir leia av Dawn Mooney (Arkeologisk museum), og viser korleis tang og tare var ein del av kosten i kyst-Noreg for 1000 år sidan. Damiano Rotondo (Teknisk naturvitskapleg fakultet) leiar eit anna prosjekt som ser på IT-sikkerheit for autonome robotar og kjørety. Det tredje prosjektet er leia av Simona Caravita (Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora), og handlar om mobbing i skulen. Alle dei tre prosjekta fekk særs positive evalueringar, noko som stadfester at desse er blant dei aller beste som blei sendt inn til EU i denne runden.

Enkelte har elles kanskje fått med seg den stor merksemda rundt ei publisering i New England Journal of Medicine, som dokumenterer at simulering og systematisk opplæring har gitt fantastiske resultat for talet på dødsfall blant nyfødde og mødrene deira i Tanzania. I spissen for prosjektet står professor Hege Ersdal, som til dagleg er overlege ved Stavanger universitetssjukehus, men som og har og ei deltidsstilling som professor ved Universitetet i Stavanger.

Forskingssamarbeidet involverer Norad, Stavanger universitetssjukehus, og Lærdal medical og SAFER. Me soler oss difor litt i glansen, og fordi forskinga trekk på metodar og kompetanse frå simuleringsstiftinga SAFER, der Universitetet i Stavanger er blant stiftarane. Simulering er eit viktig fagfelt både for utdanning og forsking ved UiS, med eit stort potensial for betre ressursbruk.

Me er elles i ferd med å trappe opp innsatsen for å halde kontakt med fleire av dei som tidlegare har studert ved Universitetet i Stavanger. Difor har me etablert UiS alumni, som er eit fagleg og sosialt nettverk for tidlegare studentar. Som såkalla alumn ved UiS kan du halde kontakt UiS og tidlegare studievenar, pleie nettverk og få fagleg påfyll.

1.-3. april blir «UiS alumni-veka» arrangert for første gong. I spissen for arrangementet står Handelshøgskulen UiS, Teknisk-naturvitskapleg fakultet og Avdeling for innovasjon og eksternt samarbeid. Føremålet er å skape merksemd om UiS alumni, og trekke til oss fleire studentar som alumni-kontaktar. I høve alumni-veka blir det arrangert to frukostseminar og eitt ettermiddagsseminar, og eg har fått æra av å opne det heile.

Eg kan elles minne om at debattforum for UiS-tilsette blei lansert på intranett i slutten av februar, som ein intern arena for meiningsytringar og debatt. Her kan tilsette lufte tankar og invitere til diskusjonar om ulike tema. Det har så langt ikkje vore aktivitet i forumet.

Etter signala styret ga i styreseminaret, går me no vidare med å forhandle fram nye leigeavtalar for for areal tilpassa simulering ved Helsevitskapleg fakultet. Lokala er vegg i vegg med det nye universitetssjukehuset, tett på SAFER og HelseCampus Stavanger, i første etasje av same bygg der HV- fakultetet flytter alle sine tilsette og det aller meste av undervisninga frå 1. august i år.

Denne flyttinga vil gje ein auke i husleiga i år, og ein potensiell ytterlegare auke frå sommaren 2027 – om me då går for forlenging av leigekontraktane for tilsettareal i iPark ved det nye sjukehuset. I tråd med tidlegare drøfting med styret, set me no i gang eit intensivt arbeid for å kompensere for denne auken i husleige, gjennom utfasing av areal me leiger andre stader på campus, samt andre tiltak som kan ta ned dei samla kostnadane ved husleige og energi. Ein rapport frå ei arbeidsgruppe leia av professor Ragnar Tveterås gir ein meny av moglege tiltak, med fortetting, kontordeling, sensorikk, underdekning for kontorareal, betre bruk av undervisnings- og eksamensareal er relevante stikkord. Dette er eit arbeid som no er under planlegging, som er langsiktig, krevjande, og som styret vil få forelagt når tida er moden.

I samband med gjennomgang av arbeidet med informasjonssikkerheit og personvern, anbefalte styret i desember opprettinga av ei styringsgruppe for informasjonssikkerheit og personvern. Denne styringsgruppa er no etablert, og har hatt sitt første møte. Aktuelle tema for gruppa sitt arbeid omfattar det generelle trusselbiletet, signal frå styretmøtet i desember, status for arbeidet ved UiS og særleg korleis vi kan gjere arbeidet nyttig og relevant for tilsette og studentar.

Stavanger kommune og UiS har inngått samarbeidsavtale med Esbjerg kommune og Education Esbjerg. Avtalen er eit resultat av samarbeidet mellom byane i WECP-nettverket (World Energy Cities Partnership). Føremålet er å sikre ei systematisk utveksling av kunnskap, idear og erfaringar av felles interesse, særleg innan grøn omstilling og digital læring. Esbjerg sin praksisnære læring, der dei koplar studentar med bedrifter og andre aktørar tidleg i studiet, er noko vi også håpar å kunne dra nytte av gjennom samarbeidet.

NORSTIP er eit norsk stipendprogram retta mot masterstudentar frå utvalde partnarinstitusjonar utanfor EU/EØS. Ordninga kom i gang etter innføringa av studieavgift for denne studentgruppa. UiS fekk tildelt 23 stipend til opptaket i 2025, og studentane som no har fått NORSTIP-opptak kjem frå Indonesia, Sri Lanka, Vietnam, Malawi, Etiopia og Colombia.

I fjor haust tok Draghi-rapporten til orde for å styrkje Europas konkurranseevne og innovasjonsevne i møte med globale utfordringar. Kompetansebehovet knytt til grøn og digital omstilling er enormt både i Europa og i Noreg. Både Draghi og Enrico Letta, som føreslår F&I som ein femte fridom i den indre marknaden, gir europeiske universitetsalliansar ei sentral rolle i denne utviklinga.UiS har ei unik moglegheit til å påverke prioriteringane i EU og Noreg gjennom -alliansen.

Denne veka deltek vi i styremøte i ECIU i Brussel med deltaking frå EU-kommisjonen, der vi vektlegg samanhengen mellom høgare utdanning, kompetansebehov og konkurranseevne – med fri forsking og internasjonalt samarbeid som grunnlag. I tillegg blir den nye europeiske graden som skal leggje til rette for auka fleksibilisering av studia og styrking av livslang læring, sett på dagsorden.