Nyleg vart Melina Buns frå UiS tatt opp som medlem i Akademiet for yngre forskere. Dermed kan UiS skilte med fem medlemmar i prestisje-nettverket.
Akademiet for yngre forskere (AYF) er eit tverrfagleg nettverk og forskingspolitisk møteplass for yngre forskarar. Nettverket består av rundt 40 yngre forskarar som saman jobbar for nyskapande forskingsformidling og er pådrivarar for vitskapleg debatt.
Dette året mottok nettverket heile 72 søknadar frå unge forskarar som ønskjer å bli medlem. Ein av søkarane var Melina Buns frå Universitetet i Stavanger. Ho er no vorte medlem.
Les Akademi for yngre forskere tar opp 11 nye medlemmer.
– Det er ei stor ære å hå blitt utvald som medlem, seier Melina Buns.
Frå før er UiS representert i nettverket med Alexander Rothkopf, Dian Liu, Natalia Kucirkova og Siddharth Sareen.
Engasjert i den globale klimakrisa
Ho viser til at akademiet er ein sterkt aktør som kan bidra til å forme ei betre framtid for norsk akademia og forskarar. Sjølv ønskjer ho å arbeide for betre finansiell støtte for uavhengig forsking og for eit støttande og samarbeidande akademisk fellesskap. Ho vil også legge vekt på å styrke dialogen mellom samfunn og forsking.
Buns voner også at ho som medlem i Akademiet for yngre forskarar kan bidra til ein kritisk debatt om verdiar og prioriteringar i samfunnet i lys av den globale klimakrisa.
Buns si forsking er knytt til energiomstilling. Ho er blant anna leiar for NordForsk-prosjektet Energy Lives – eit prosjekt om historiske energiomstillingar. NordForsk er ein organisasjon under Nordisk ministerråd som finansierer nordisk samarbeid innan forsking og forskingsinfrastruktur.
UiS-forskaren er knytt til The Greenhouse – senter for miljøhumaniora og forskar på internasjonal miljø- og energihistorie. Ho legg vekt på den kritiske verdien av humanistisk forsking, noko vi treng i møte med den globale klimakrisa.
Internasjonal erfaring
Greenhouse-leiar professor Dolly Jørgensen er den fyrste til å gratulere kollegaen sin.
– Det er naudsynt å historisere forholdet vårt til energi. Melinas Buns internasjonale tilnærming til energi er eit viktig bidrag til forskinga vår.
Den internasjonale erfaringa til Buns er ikkje berre nyttig for forskinga hennar men òg for nettverket ho no blir ein del av.
– Dette er ei unik moglegheit til å arbeide med ei interdisiplinær gruppe av talentfulle forskarar for den uavhengige forskinga si framtid i Norge, seier Buns .