Viten-TV er ein ny, gratis strømmeteneste for alle som likar dokumentarar, historie og forskingsstoff. Den vart lansert mandag, av tre norske universitet og ei høgskule.
Viten-TV tilbyr program av høg kvalitet og som går i dybden på tema innanfor både naturvitskap, teknologi, samfunn, miljø, helse og kultur.
– Mange opplever at dei ovesvømmast av videoar og påstandar med tvilsomt opphav. Det er difor vi lanserer Viten-TV, som skal vere ein garantist for faktabasert formidling, seier Odd Vegard Kandal-Wright, som leiar styringsgruppa til Viten-TV.
Det er Universitetet i Bergen, UiT Norges arktiske universitet, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som står bak Viten-TV.
Vitentv.no er adressa for den nye strømmetenesta.
Motvekt mot desinformasjon
– Vi lever i ei tid der desinformasjon får fritt spelerom. Mystiske algoritmar manipulerar både oss og innhaldet vi får servert. Vi har gjort oss avhengige av globale teknologigantar både for å få ut bodskap og for å delta i samfunnsdebatten. I dette klimaet er det heilt avgjerande å sikre at folk får trygg tilgang til kunnskap dei kan stole på. Kunnskap presentert i eit språk dei forstår, og på ei flate det er attraktivt å tilbringe tid på, seier rektorane ved dei fire institusjonane i ei felles ytring.
Nytt, men med mykje innhald
Viten-TV er splitter nytt, men innhaldet er rikt, mangfoldig og av stor historisk verdi. Formidling i video- og lydformat har føregått i mange tiår på dei fire institusjonane, lenge før alle hadde YouTube i lomma.
– I arkiva våre ligg det korte og lange filmr av imponerande kvalitet om eit vell av tema, alt frå raske snuttar der du kan bli oppdatert på aktuelle hendingar, til omfattande produksjonar og faglege dypdykk. Engasjerte forskrar i samarbeid med dyktige fagpersonar har perfeksjonert kunsten det er å formidle kunnskap og vitskap i videoformat, seier Kandal-Wright.
Kan påverke samfunnet
Rektor Klaus Mohn er oppteken av at akademia er open mot omverda.
– Med Viten-TV har forskarane våre fått ein ny plattform dei kan formidle forskinga og kunnskapen sin på. Slik kan dei gjere seg relevante, delta i samfunnsdebatten og påverke samfunnet til det betre.
Jo Røislien avslutta seansen i Media City Bergen med å seie at Viten-TV er ein utruleg god idé, som no altså er realistert.
– Men vi er nøydd til å gje fakta i form av gode historiar, berre slik vil vi lukkast med å lage forskingsbasert innhald som folk har lyst til å velge å bruke tida si på.