Korleis vil KI forandre Helse-Norge? Kven skal ta vare på oss når vi blir gamle og skrøpelege? HMS på norsk sokkel – betre eller verre? I år fyller Forskingsdagane 30 år, og festivaltema i jubileumsåret er eit tema som engasjerer alle, nemleg helse.
Forskingsdagane 2024 føregår frå onsdag 18. september til søndag 29. september over heile landet. Då kjem forskarane ut av kontora og labbane for å vise, fortelje og samtale med deg om kva dei forskar på. Arrangementa er gratis og for alle.
Her kan du sjå heile programmet for Forskingsdagane i Stavanger-regionen 2024
Kva betyr helse for deg?
Årets tema gir rom for å tenkje stort og breitt, til dømes om helsa til planeten vår og folkehelsa, eller zoome heilt inn på enkeltindivid, organar og organismar. Helse kan også vere så mykje meir enn det vi kanskje tenkjer på heilt omgåande, som tema innanfor samfunnsvitskap og humaniora.
Helse angår oss menneske fysisk og psykisk, men også dyrehelse og helse i hav og natur er aktuelle tema. Sunn mat og sunt kosthald for menneske og berekraftig fôr for dyr og fisk er andre viktige sider ved helsetemaet.
Korleis vil KI forandre Helse-Noreg?
Tradisjonen tro opnar Forskingsdagane i Stavanger-regionen med ein spanande forskingspub spesial: Korleis vil KI forandre Helse-Noreg?
Kunstig intelligens (KI) kan bidra til betre diagnostikk og behandling, blant anna innafor nyfødtomsorg, demens og hjerneslag. Men kva fallgruver og etiske utfordringar kan oppstå når vi tek i bruk teknologiske løysninger i helse- og omsorgstenesta?
Vi har sikra oss fire professorar som skal svare på desse spørsmåla og fortelje oss kva som skjer på forskingsfronten og i helsesektoren i Stavanger når det gjeld kunstig intelligens: Dag Årsland, Kjersti Engan, Linda Susanne Nyholm og Helle Sjøvaag
Forskar Grand Prix
Av dei manga arrangementa er Forskar Grand Prix verd å trekke fram. Ti forskarar står på scena. Kvar av dei har fire minutt på seg til å begeistre publikum og dommerpanelet med forskinga og ikkje minst formidlinga si. Kven blir regionens og landets beste forskingsformidlar?
Eit dommarpanel på tre skal gje poeng. I tillegg kan du stemme på den du synest er best til å formidle. Forskar Grand Pris er gratis og går føre seg onsdag 25. september på Folken. Ta med deg vener og familie og kom på Folken denne kvelden.
Forskingstorget
Er du ein stor eller liten nysgjerrigper? På torget i Stavanger sentrum riggar forskarar frå heile regionen seg til for å vise deg kva dei held på med, og du kan stille alle dei tusen spørsmåla du har. Forskingstorget skjer laurdag 21. september kl 11.
Du kan blant anna få innblikk i rørsleforstyrringar, bygging av ein elektrisk racerbil, bruk av marine ressursar gjennom tidene, Noregs eldste villeplefunn, Involvement-prosjektet, korleis VR-briller blir brukte for å læra opp framtidige helsefagarbeidarar og mykje, mykje meir.
Forskar-standup på Kåkå
Éin forskar, éi scene, éin mikrofon. I tur og orden får forskarane tolv minutt kvar til å gi deg eit innblikk i kva dei forskar på, slik at du får ei større forståing for kva som går føre seg av forsking i Stavanger-regionen. Velkommen til ein kveld fri for Powerpoint-presentasjonar og forskarspråk for dei innvigde. Forskar-stand up går føre seg torsdag 26. september kl 19.