Lærer om motivasjon på arbeidsplassen gjennom å jobbe som konsulentar

I faget Economics of Motivations på Handelshøgskolen ved UiS har studentane fått prøvd seg som konsulentar - som til slutt enda opp som ein case-konkurranse. Vinnarlaget mottok heile 40 000 kroner frå Sandnes Sparebank.

Publisert Sist oppdatert
Studentar foran Elise Ottesen-Jensens Hus
Vinnarlaget foran med (f.v) Ana Karen Flores Garcia, Tonje Hamarsland Oaland, Lene Katrin Salte og Mari Vie Murvold. Bak står dommarane Simone Valerie Häckl-Schermer og Tomas N. Middelthon, og kursleiar Espen Sagen.

– Me er letta, glade og fulle av adrenalin! Dette var uventa, men samtidig hadde me ein god følelse. Me trudde det gjekk bra, men ein veit jo aldri korleis dei andre gruppene har gjort det.

Det seier Mari Vie Murvold, Lene Katrin Salte, Ana Karen Flores Garcia og Tonje Hamarsland Oaland. Dei vann konkurransen Sandnes Sparebank Case Competition og premien på 40 000 kroner, som var avslutninga på kurset Economics of Motivation.

I dette kurset lærer studentane om motivasjon på arbeidsplassen gjennom teori og praksis. Dei dannar grupper og skal fungere som konsulentar for ein ekte bedrift/organisasjon som dei vel sjølv. Og basert på intervju med ein leiar i bedrifta skriv dei ein rapport som vurderer korleis dei tilsette er motiverte, og foreslår anbefalingar for korleis bedrifta kan auke motivasjonen.

Viktig å kjenne igjen motivasjon på arbeidsplassen

Vinnergruppa hadde valt bedrifta Akva Group, fordi dei ønska å lære frå ein relevant og interessant industri. Og det låg også ei spennande utfordring der.

– Det er utfordrande å finne nye måter å motivere tilsette som allereie er motiverte. Faren er at det kan avta, seier dei.

Dei går alle siste året master i økonomi og administrasjon og tar spesialiseringa strategi og leiing. Det gjorde dette kurset ekstra relevant å ta, syntest dei.

– Temaet er generelt svært interessant, og du kan lære ting både på det personlege og profesjonelle plan. Og du lærer både om motivasjon på arbeidsplassen som ein leiar, men det er også viktig å vite korleis du som ein tilsett kan kjenne igjen motivasjon.

Nyttig for bedrifter og studentane

Bilde frå førlesingssal der to dommarar leser opp kven som har vunne ein konkurranse
Stor spenning då ekspertpanelet las opp kven som vann førstepremien på 40 000 kroner.

Det er Den Gule Banken, Sandnes Sparebank som arrangerer konkurransen, med CFO og viseadministrerande direktør Tomas N. Middelthon, i spissen. Han kunne sjå at studentane på førehand var spente og forventningsfulle før og under konkurransen.

– Dei er godt førebudd, og det ser ut som dette betyr mykje for dei. Dei har verkeleg lagt sjela si i rapporten og presentasjonen.

Sandnes Sparebank har denne konkurransen for å bidra til samarbeid med akademia og næringslivet, forklarer Middelthon.

– Dette er nyttig for både bedriftene og studentane. Studentane blir førebudd på arbeidslivet. For bedriftene så går det på at dei får spørsmål som ingen andre spør.

Teori til praksis

Dette er det sjette året Sandnes Sparebank Case Competition blir arrangert.

I år er det stipendiat Espen Sagen som har vore ansvarleg for Economics of Motivations, og han har undervist i kurset saman med professor Mari Rege og Simone Valerie Häckl-Schermer som er postdoktor på innstegsvilkår på Handelshøgskolen ved UiS. Sagen har også hatt ansvar for case-konkurransen og han trur studentane får mykje ut av kurset.

– I mange kurs får studentane i oppgåve å hugse ein haug med informasjon og blir bedd om å "sluke" opp alt under éin eksamen. Ved å la studentane skrive denne rapporten og engasjere seg med eit ekte firma, får dei øve på å relatere vitenskapeleg teori til verkelege situasjonar. Sjølv om det krev mykje arbeid, har eg fått inntrykk av at studentane (og bedriftene) får mykje ut av case-oppgåva. Det er jo trass alt dette dei aller fleste skal gjere etter endt utdanning også, seier Sagen.

En gjeng studentar står sammen foran Elise Ottesen-Jensens Hus
Tre av sju grupper fekk delta i finalen i Sparebank Case Competition.
Øvste rekke frå venstre: Tomas Nordbø Middelthon, Lene Katrin Salte, Kristine Broen, Daria Frolikova. 
Nedste rekke frå venstre: Simone Valerie Häckl-Schermer, Ana Karen Flores Garcia, Mari Vie Murvold, Seren Demirbas, Alina Christin Spraul, Nicole Wendt, Arvid Victor Sundstrøm, Harald Østebø Østhus, Espen Sagen.
 På kne: Tonje Hamarsland Oaland, Julija Tisko

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!

Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater

Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...

Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA

– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...

Nordens største økonomifestival – for sjuende gang

Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...

Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv

Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...

Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger

Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...

Lærer studentane å bruka KI

Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...

Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...

Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning

Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...

UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking

Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...

Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten

Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...

– Eg vil beskrive programmet som førsteklasses, prestisjefylt, utfordrande, engasjerande og i verdsklasse

Hesam har studert master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og spesialiserte seg innan strategisk ...

Guro fikk en forsmak på arbeidslivet i Stavanger tingrett

Jurister jobber ikke bare med jus. De skal også håndtere mennesker, argumentere godt, overbevise retten, forstå andre og...

UiS fornyar avtalen med Norway Summit

Handelshøgskolen ved UiS har fornya avtalen med den framståande næringslivskonferansen Norway Summit.

Målet til Chandan er å bli ein banebrytande marknadsførar og gründer

Derfor tar han ein mastergrad i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS.

– Det er eit stort behov for revisorar, så det å velje ei ettertrakta utdanning var motiverande

Karen Høyland Ollestad valde UiS for å kome tettare i kontakt med det lokale næringslivet.

– Eg valde å studere økonomi og administrasjon fordi det er ei allsidig og framtidsretta utdanning

Gjennom bachelorgraden lærer Stine Risnes seg alt frå etikk til rekneskap og marknadsføring.