Kunstsamlinga til UiS skal fram i lyset

Universitetet i Stavanger har ei kunstsamling som består av nesten 500 verk. Nokre av verka er godt tatt vare på, andre har blitt forsømt. I 2020 starta universitetet arbeidet med å kartlegga samlinga og gjera ho meir tilgjengeleg for publikum, og no har mange av verka fått ny merksemd.

Publisert Sist oppdatert
Bli med på ein runde blant kunstverka på universitetet.

Kunstsamlinga til UiS inneheld både nyare og eldre kunst av varierande kvalitet. Ho består av måleri, tekstilverk, fotografi, skulpturar – spreidd mellom ulike stilartar og uttrykk. Nokre verk er godt tatt vare på, andre har blitt forsømt.

– Samlinga er resultat av gåver og anskaffingar gjennom skiftande styrer og interesser opp gjennom åra, ofte utan grunngjevne tankar om korleis desse spesifikke verka passa inn i både samlinga eller dei fysiske strukturane som skulle omringa dei, seier Merete Jonvik, som i samarbeid med Fie Von Krogh og Anne Ytterdal har leia arbeidet med formidlinga av delar av kunstsamlinga.

Laila Kongevold 5
Laila Kongevolds punktskriftarbeid «Jeg ser» består av fire installasjonar plassert langs den sentrale aust-vest-aksen på campus Ullandhaug. Dette står tvers ovanfor inngangen til Kitty Kiellands hus. Foto: Erik Sæter Jørgensen

– Dette er likevel langt ifrå særskilt for UiS, fortset Jonvik, mange utdanningsinstitusjonar, så vel som andre offentlege institusjonar, har kunstsamlingar som består av verk som ingen heilt kan gjera greie for kvifor er der dei er. Eller kvifor dei ikkje er der lenger.

Jonvik seier det er freistande å nytta ordet «oppsamling» i staden for «samling», om kunstverka som er i universitetet sitt eige:

– Kunstnerforbundet – Oslo sitt eldste kunstnarstyrte galleri og visingsrom – kallar samlinga si for (Opp)samlinga. Det er ei god nemning. Det tek vekk det intenderte frå nemninga samling, og koplar til noko tilfeldig i nemninga oppsamling. Noko som hopar seg opp, på sett og vis meir lausrive frå menneskeleg involvering.

Kulturutval skal gi oversikt

Eit anna kjenneteikn ved mange offentlege institusjonar sine kunstsamlingar er at ingen har den fulle oversikta. I 2020 starta UiS arbeidet med å gå inn i si eiga kunstsamling. Det vart løyva pengar både til kartlegging og formidling. Kartleggingsarbeidet har bestått i å skaffa oversikt over alle verk i UiS sitt eige, katalogisera dei og samstundes gje dei ei tilstandsvurdering. Arbeidet vart initiert av Anne Ytterdal og er leia av Lise Chantrier Aasen, begge malerikonservatorar ved Arkeologisk museum, med hjelp frå Anne-Britt Grunnreis Fossmo og Hilde Smedstad Moore, og vil danna grunnlag for ein dokumentasjons- og bevaringsplan for kunstsamlinga til UiS.

Det er òg igangsett eit arbeid med formidling av delar av kunstsamlinga. Nye foto er tekne av eit utval verk. I tillegg er kunstfaglege korttekstar skrivne om nokre av verka, for ein stor del skulpturar plassert utandørs. Dette arbeidet er no presentert samla på universitetets nettsider. Innhaldet på denne sida vil bli utvida med fleire verk etter kvart.

Kartleggings- og formidlingsarbeidet ligg til Kulturutvalet ved Universitetet i Stavanger, oppnemnd av rektor og etablert i 2020.

– Dette er eit internt utval som jobbar med ei tverrfagleg tilnærming til kulturfeltet ved Universitetet i Stavanger. UiS ønsker å styrka og fornya seg som kulturinstitusjon og vidareutvikla danningsperspektivet innan både forsking, utdanning og formidling, fortel Merete Jonvik, som er påtroppande leiar av Kulturutvalet. Det tidlegare Kunstutvalet ved UiS vart i opprettinga overført til Kulturutvalet, som dermed i tillegg har ansvar for utvendig og innvendig utsmykking ved universitetet, herunder innkjøp, plassering, gåver, samordning og formidling av kunstsamlinga.

Forsømte verk

Universitetet i Stavanger er òg i gang med å utarbeida retningslinjer for gåver, kjøp og bevaring av kunstsamlinga si. Det skal sikra at historia om forsømming helst ikkje gjentek seg.

Til dømes vart Gloria, eit tekstilverk av Else Marie Bjørnstad Lauvanger, funne gøymd på eit kott i Kjølv Egelands hus. Skulpturen Nature Morte av Kristian Kvakland står forsømt i andre etasje i Kjølv Egelands hus, påklistra både tyggis, skadar og klistremerke. Skulpturen Luftbro av Marit Lyckander står noko brått plassert i inngangspartiet i Arne Rettedals hus, som ei gåve til universitetet frå Stavanger Lufthavn, Sola som ikkje ville ha han lenger.

Det finst òg døme på at verk får ny merksemd, men då etter at dei har blitt lånt ut frå universitetet sitt eige. Eit fem-delt verk av tekstilkunstnar Turid Gramstad Oliver, som opphavleg hang i kantina på Bjergsted i 1980-åra, skal no trekkast fram att i lyset når Rogaland Kunstsenter skal presentera kunstnaren i ei utstilling hausten 2021.

– Slike prosessar kan ein ergra seg over eller le av, men dei er òg logiske og sannsynlege, gitt at det i ein institusjons liv gjerne er ei rad av ulike personar som er involvert i avgjerder som har med samlinga å gjera, seier Merete Jonvik.

Gledeleg gjensyn

Samlinga til Universitetet i Stavanger er å finna på Campus Ullandhaug, Campus Bjergsted og Arkeologisk museum.

– Eg syns det er både fint og viktig at kunstsamlinga kjem meir fram i lyset. At studentar, tilsette og besøkande kan sjå verka – tenkja med dei, leika med dei, leika med tanken på dei, vita noko om dei, gle eller gremma seg over dei, eller kva no enn – og at vi gjennom dette kan bli meir var dei materielle omgjevnadane som omgir oss i vårt daglege arbeids- og studieliv, avsluttar Jonvik.