Klar til å levere forsking til folket

No kjem forskarane våre ut frå kontor og labbar. Dei skal begeistre og gje deg innsikt frå forskingsverda på torget, puben, i skogen og på biblioteket. Alt er gratis og opent for alle under Forskingsdagane.

Publisert Sist oppdatert

Tre kvinner og to menn med lik t-skjorte holder plakat og strekker ut armene
Kommunikasjonsrådgivarar og arrangementansvarlege ved UiS ønskjer publikum velkomen til Forskingsdagane og arrangement på Universitetsbiblioteket ved UiS: Kjersti Riiber, Børre Jacobsen og Karen Anne Okstad. Bakre rekke: Camilla Larsen og David Sviland. Foto: UiS / Marie Kulander Knudsen

Gå ikkje glipp av energidebattar, Forskingstorget, Matløypa på Ullandhaug og Forskar-standup på Kåkå, samt gratis museumslaurdag og mykje meir. Arrangementa er gratis og opne for alle interesserte.

Sjå heile programmet til Forskingsdagane i Stavanger-regionen.

Energi er det overordna tema for den nasjonale festivalen Forskingsdagane som føregår over heile landet frå onsdag 20. september til søndag 1. oktober. Her i Stavanger arrangerer vi blant anna to panelsamtalar knytt til tema energi.

Korleis påverkar havvind kystsamfunna?

Onsdag 20. september opnar Forskingsdagane i Stavanger-regionen på Norsk oljemuseum med ein samtale om Kystsamfunnet: Hvor mye er vi villige til å ofre for klima? Her skal forskarane diskutere korleis energiomstillinga påverkar naturen og lokalsamfunna der energietableringa skjer.

Vi startar med Utsira og får innblikk i kva dilemma dei står overfor når det no skal byggast ein stor flytande havvindpark ikkje langt frå øysamfunnet. Det kan påverke fiskeri og fugleliv. Horisonten blir aldri den same for dei som bur der. Men kanskje kan det óg bety arbeidsplassar og økonomisk aktivitet for kommunen?

I denne debatten stiller doktorgradsstipendiat Eleni Damapoulo, som har budd på Utsira i sommar. Dei andre forskarane som deltek, er førsteamanuensis Kristiane Marie Fjær Lindland (UiS), professor i miljøøkonomi Gorm Kipperberg (UiS) og samfunnsøkonom Ole Kvadsheim ved Norsk oljemuseum. Utsira er representert ved May Britt Jensen, kommunedirektør for Utsira kommune.

Guttorm Andreassen er kveldens programleiar.

Kan UiS vere eit grønt oljeuniversitet?

Kan UiS utvikle oljebransjen og samtidig vere ei drivkraft for det grøne skiftet? Det er spørsmålet vi stiller på Universitetsbiblioteket torsdag 28. september. I panelet som skal diskutere Det grøne oljeuniversitetet sit UiS-rektor Klaus Mohn, forskar ved Norsk oljemuseum Ole Kvadsheim og Ingvild Meland som er strategi- og kommunikasjonsdirektør i Nysnø.

Dekan ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultetet, Øystein Lund Bø, vil innleie debatten med ei innføring i kva for nokre CO2-reduserande forskingsprosjekt som går føre seg på UiS for tida.

Programleiar er David Sviland ved Universitetsbiblioteket ved UiS.

Læring gjennom VR

Elles inviterer VID Vitskaplege høgskole til fagleg påfyll tysdag 26. september. På kva måte kan ein nytte VR og simulering i undervisninga, korleis påverkar dette læringa, og kva synes studentane? Alle interesserte er velkomne til Ny energi for læring med VR.

Familiehelg med opplevingar i kø

Forskingstorget i Stavanger skjer laurdag 23. september og Matløypa på Ullandhaug skjer søndag 24. september. Dette er to fantastisk flotte gratis-tilbod til nysgjerrige i alle aldrar. På sistenemnde arrangement kan du sjølv få teste ut testriggen Ullrigg hos NORCE på Ullandhaug. Riggen har vorte nytta i 40 år av olje- og gassnæringa og har bidratt til ny teknologi for bransjen og slik trygga velferds-Noreg sidan 1970-talet.

Ei anna spesiell oppleving er at born mellom 6 og 10 år kan vere med å utvikle eit teaterstykke saman med profesjonelle utøvarar. Stykket om beveren Benny som er veldig glad i badedammen sin, tek utgangspunkt i forskinga til Dolly Jørgensen og hennar forteljing om korleis norske beverar redda den skandinaviske beverstamma på 1920-tallet. Sjølve teaterstykket vil bli vist for andreklassingar veka etter. Les meir og finn ut korleis du og din familie kan delta: Matløypa på Ullandhaug.

Opplev forskinga på puben

Man på scene med bøyde kne foran publikum
På Forskar-standup for ein smakebitar på forsking som foregår i regionen av forskarar som har lagt flid i formidlinga. Her ved Einar Furulund (SUS): Hvordan få ruspasienter til å trene? Foto: Brian Tallman

Forskar standup på Kåkå er eit anna arrangement med stor publikumsappell. To kveldar på rad kan ein oppleve forskarar i fri dressur utan Power Point og forskarspråk på puben og konsertstaden Påfyll.
Forskar-standup, kveld 1
Forskar-standup, kveld 2

Konseptet er enkelt: Ein forskar, ei scene og ein mikrofon. I tur og orden får forskarane eit kvarter kvar til å fortelje deg kva dei forskar på, slik at du får ei større forståing for kva som føregår av forsking i Stavanger-regionen. Vi lovar at du blir overraska, lærer noko nytt og at lattermusklane også får prøvd seg.

Forskingsdagane i Stavanger-regionen er sponsa av Fylkeskommunen i Rogaland, Stavanger kommune, Forskingsrådet og Forskarforbundet.

Meir om Forskingsdagane