Jubileumssesong i Steffens-salong

Det er duka for store kontrastar i Steffens-salong denne våren. På programmet står både alvor og fest, politikk og romantikk, dagsaktuelt stoff og tilbakeblikk på det som ein gong var.

Publisert Sist oppdatert

Vårens salongar

2. mai 2023 er det 250 år sidan Henrik Steffens såg dagens lys i Stavanger. Det betyr at det blir jubileumsfeiring denne våren når vi inviterer til tre nye salongar som på ulike vis knyter seg til Steffens’ liv og verke og trekkjer parallellar til Steffen si samtid og samfunnet i dag. Seinare i haust skal jubileet også markerast med ein større konferanse med nasjonale og internasjonale gjestar.

Ein Steffens-salong er ein arena for kunst og kunnskap. Salongane skal fremje kritisk refleksjon, kunnskapsdeling og danning.

Steffens var ein mangesidig mann. Han var ein viktig naturfilosof, mineralog og kulturformidlar mellom Tyskland og Nord-Europa i åra rundt 1800.

– Steffens er byens «bortblåste laurbærblad». Det seier professor Benedikt Jager, som saman med Terje Torkildsen for nokre år sidan tok initiativ til å gjere Steffens betre kjent i fødebyen. Resultatet vart arrangementsserien som no er inne i sin sjette sesong. Salongane er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger og Stavanger kommune.

– Det blir ein kontrastfylt sesong der vi skal innom tema som krig og fred, kjærleikens kraft og råskap, og samspelet mellom alt liv på jorda. Kvar salong har dessutan eit kulturelt innslag som fungerer som eit supplement eller ein kommentar til tematikken, fortel Jager, og legg til at arrangementa er gratis og opne for alle.

Eitt år med krig i Europa

Første salong finn stad 22. februar i Arne Rettedals hus på Universitetet i Stavanger. Då kjem Tormod Heier som er ekspert på militær strategi og operasjonar. Heier skal snakke om korleis vi kan forstå Putins angrep på Ukraina og korleis krigen har utvikla seg dette året. Han kjem òg inn på kva slags konsekvensar krigen har for Noreg og Europa. I forkant av foredraget får vi ein smakebit på ukrainsk kultur frå det ukrainske koret «Mrija» i Stavanger. Salongen er eit samarbeid med Den norske historiske forening i Rogaland.

Også på Steffens tid var det krig og uro i Europa. Då var det Napoleon som herja og invaderte landa rundt seg. Steffens deltok sjølv i krigen, og han oppmuntra også studentane sine til å kjempe mot Napoleon.

Romantikk og dramatikk

I Tyskland vart Steffens kjent med mange store namn, mellom anna forfattaren Goethe. I sesongens andre salong, torsdag 30. mars, skal vi til Rogaland Teater. Her har Ungdomsteateret sett opp Goethes trekantdrama Unge Werthers lidelser. Romanen vert rekna som historias første ungdomsroman. Og på salongen spør vi: Kan scenetekstar bety noko for dagens ungdom på same måte som det gjorde då historia kom ut i 1774?

Panelet som skal svare på dette, består av Nina Godtlibsen, dramaturg på oppsettinga, forfattar Terje Torkildsen, som sjølv har iscenesett sin eigen ungdomsroman, og Maria Drangeid, diktar, regissør og tidlegare medlem av Barne- og ungdomsteateret. Samtalen vert moderert av Balder Scheen, som òg har lang fartstid frå Barne- og ungdomsteateret. Arrangementet finn stad i Teaterkafeen og er eit samarbeid med Rogaland Teater. Etter salongen er det mogleg å sjå framsyninga kl. 19.00. Merk at du i så fall må kjøpe billett til denne separat.

Filosofisk fødselsdagsfeiring

Onsdag 3. mai blir det jubileumsfest på Stavanger maritime museum når vi feirar at det er 250 år sidan Steffens vart fødd nettopp her. Vi serverer kake og byr på fordrag med Jesper Lundsfryd Rassmussen. Han skal snakke om Steffens naturfilosofi og konseptet totalorganisme – der Steffens gjer greie for korleis menneske, natur og klima er vove saman.

Jubileumssalong