Jazzutdanninga ved Fakultet for utøvende kunstfag

Jazzutdanninga i Stavanger held til på campus Bjergsted i hjartet av Bjergsted kulturpark.

Publisert Sist oppdatert
Fakta

Jazzutdanninga i Stavanger blir kjenneteikna av eit sterkt og mangefasettert fagmiljø som har eit fokus på gehørbaserte læringstradisjonar. Seksjonen høyrer til Avdeling for jazz, dans PPU og musikkproduksjon, som blir leidd av Jens Torolf Larsen.

Søknadsfrist 15. desember

Søknadsfrist for studium i utøvande musikk er 15. desember. Her kan du lesa meir om studieprogramma og korleis du søkjer.

Kven undervisar i kva på jazzutdanninga?

Her finn du ein oversikt over alle tilsette i jazzseksjonen. Seksjonsleiarar er Simen Kiil Halvorsen og Thomas Eide Torstrup.

  • Brasel, Wayne - hovedinstrument gitar, ensemble
  • Brækhus, Stein Inge - hovedinstrument slagverk, ensemble, støtteinstrument
  • Fadnes, Petter Frost - teorifag, masterprosjekt
  • Halvorsen, Simen Kiil - hovedinstrument trompet, årsstudium jazzimprovisasjon, DigJazz, Bjergsted Jazzensemble
  • Herstad, Svein Olav - hovedinstrument piano, ensemble, teorifag
  • Kaasbøll, Anita - hovedinstrument vokal, vokalensemble
  • Onarheim, Theodor Barsnes - teorifag, ensemble
  • Popa, Petru - hovedinstrument piano, ensemble, støtteinstrument
  • Torstrup, Thomas Eide - ensemble, DigJazz, teorifag
  • Yttredal, Tor - hovedinstrument saksofon, teorifag
  • Zanussi, Per - hovedinstrument bass, ensemble
  • Brackeva, Dominique - hovedinstrument trombone

Les meir om dei tilsette i jazzseksjonen

Førsteamanuensis i jazz gitar
51834057
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Førsteamanuensis i slagverk jazz
51832789
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Professor i improvisert musikk
51834036
Bjergsted, blokk 5
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor i jazz
51833031
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Førsteamanuensis i jazz
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor i jazz
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor i jazz
Campus Bjergsted
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor i jazz
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor undervisningsleder jazz
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Professor i jazz saxofon
51834032
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Førsteamanuensis i jazz
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslærer i trombone
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Bjergsted jazzensemble og Valkyrien Allstar, konsert på Spor 5. Foto: Trine Nessler Wichmann
Bjergsted jazzensemble hadde konsert med Valkyrien Allstars på Spor 5, MaiJazz 2019. Foto: Trine Nessler Wichmann / MaiJazz.

Me ynskjer at studentane våre skal etablera ei solid instrumental forståing i forholdet mellom tradisjon og nyskaping. Fakultetet har på vegne av jazzutdanninga etablert eit nært samarbeid med eksterne partnarar både lokalt, regionalt og internasjonalt. Stavanger Jazzforum, Stavanger konserthus og Tou Scene er alle døme på institusjonar som bidrar inn i eit unikt og kreativt studiemiljø for jazzstudentane våre

Det siste tilskotet i studieporteføljen er vårt nye DigJazz-studium, som er ei nettbasert vidareutdanning i improvisasjonsmusikk som gir ei innføring i gehørbaserte metodar for pedagogar og musikarar som ønsker å utvida sin musikkfaglige kompetanse.

Blå Trå og Bjergsted jazzensemble er arenaer der studentane blir gitt høve til å jobbe med både nasjonale og internasjonale jazzstjerner

Bjergstedparken 

Jazzutdanninga i Stavanger er plassert i Bjergsted kulturpark, som består av ei rekke kulturinstitusjonar som har eit tett samarbeid med fakultetet generelt og jazzutdanninga spesielt. I Bjergsted finst kulturskule, MDD-linja ved Stavanger katedralskule og Stavanger konserthus, der Stavanger symfoniorkester held hus. Stavanger Jazzforum og MaiJazz er dei viktigaste samarbeidspartnarane til utdanninga. I austre bydel ligg Tou Scene som også bidrar inn i eit kreativt studiemiljø for jazzstudentane våre.

Di musikalske stemme 

Avhengig av kor langt du har kome i studiet ditt så vektlegg UiS at du skal utvikla den personlege musikalske stemma di hos oss. På årsstudium og bachelor blir fundamentet lagt for ei livslang utvikling innanfor utøvande musikk. På vidareutdanning, master og PDM vil det i stigande grad vere fokus på å utvikle spesialisert kunnskap retta inn mot ein fleksibel arbeidsmarknad.

Bjergsted jazzensemble og Bjergsted vokalensemble sin julekonsert på Spor 5, desember 2018. Foto: Konelius Kiil Halvorsen
Avhengig av kor langt du har kome i studiet ditt så vektlegg UiS at du skal utvikle den personlege musikalske stemma di hos oss. Bilde er frå Bjergsted jazzensemble og Bjergsted vokalensemble sin julekonsert på Spor 5 i desember 2018. Foto: Kornelius Kiil Halvorsen

Samspel 

Samspel og konsertverksemd er ein fullt integrert del av studiekvardagen ved UiS. Du vil delta i ensemble av ulik samansetning. Blå Trå og Bjergsted jazzensemble er arenaer der studentane blir gitt høve til å jobba med både nasjonale og internasjonale jazzstjerner. Du blir òg utfordra på å bidra til organisering av produksjonar undervegs i studieforløpet.

Her kan du lese meir om ...