Handelshøgskolen UiS Alumni

Eit nettverk for å utvikle eit fagleg og sosialt godt samarbeid for og med tidlegare studentar.

Publisert Sist oppdatert

Om Handelshøgskolen UiS Alumni

Bli alumn

Tidlegare studentar i økonomi og administrasjon, rettsvitskap, rekneskap og revisjon, forretningsjus, økonomi og informatikk, siviløkonom, PhD og Executive MBA kan bli medlem av alumninettverket knytta til Handelshøgskolen UiS.

Kvifor bli medlem?

Vi vil gjerne at dei tidlegare studentane våre skal komme tilbake til oss og vere ein ressurs vi kan dra nytte av, samtidig som vi kan gje noko tilbake til dei som har studert hos oss. I tillegg til å få møta andre tidlegare økonomi- og/eller rettsvitskapsstudentar, både kjende og ukjende, ynskjer vi å utvikla eit tettare samarbeid mellom Handelshøgskolen UiS og næringslivet gjennom dette nettverket.

UiS Alumni sentralt har i underkant av 12.000 registrerte medlemar. Alle medlemar av UiS-nettverket har fordelar med rabatt ved SiS sportssenter.

Korleis bli medlem?

For å bli medlem må du registrera deg.

Nyheiter, arrangement med meir vil òg bli publisert på sida til Handelshøgskolen UiS. Følg oss gjerne på Facebook under Handelshøgskolen UiS.

Velkommen til å bli med oss!

Kven kan bli medlem?

Dette gjeld alle som har studert her sidan oppstarten av økonomisk-administrativ utdanning i Stavanger i 1969 med fullført studium frå enten Rogaland distriktshøgskule, Høgskolesenteret i Rogaland, Høgskolen i Stavanger eller Universitetet i Stavanger.

UiS Alumni-uke 2025

Tirsdag 1. april kl. 08:00 - Torsdag 3. april kl. 16:30, Campus Ullandhaug, SiS studenthus og Universitetsbiblioteket. Bli med på Alumniuke 1.–3. april på UiS! Tre inspirerende dager med både sosialt og faglig påfyll for tidligere og nåværende studenter.

Plakat for alumniuke 2025

1.–3. april er det alumniuke på campus! Vi inviterer til frokostmøter og after-work med spennende temaer, ledet av eksperter på sine felt. Arrangementene finner sted i det nye studenthuset, SiS studenthus, og på Universitetsbiblioteket.

Alumni-uken er åpen for alle, men spesielt rettet mot tidligere (alumnere) og nåværende studenter. Bli med for å treffe gamle studiekamerater, knytte nye kontakter og få faglig påfyll!

Kontakt Handelshøgskolen UiS Alumni
Alumni-kontoret

Epost: hhuisalumni@uis.no  Egil C. Svela Telefon: + 47 51 83 31 06 Åse Lea Telefon: +47 51 83 37 47

UiS sentralt alumnikontor

Lene Tønnesen E-post: lene.tonnesen@uis.no