Gudrun David Sigmo er Stavangers beste forskingsformidlar

Gudrun David Sigmo frå Stavanger universitetssjukehus vart kåra til regionens beste forskingsformidlar onsdag 25. september då ho vant den regionale finalen i Forskar Grand Prix 2024. Sasan Zarghooni-Hoffmann frå Universitetet i Stavanger kapra andreplassen. No reiser dei begge til Oslo for å delta i den nasjonale finalen laurdag 28. september.

Publisert Sist oppdatert

Jublende kvinne på scenen
Overlegen fra SUS kan kalle seg Stavanger-regionens beste forskingsformidlar etter at ho vart stemt fram av ein fullsatt storsal i Folken og ein fagjury med tre dommarar.

Onsdag 25. september stod 10 doktorgradskandidatar på scena i storsalen på Folken foran 200 publikummarar og ein fagjury.

Kandidatane har førebudd seg i fleire månader på å formidle doktorgradsprosjekta sine på berre 4 minutt. Og no skulle dei få dommen i form av poeng frå publikum og dommarar.

Menn med leddgikt er meir fruktbare enn andre menn

Gudrun David Sigmo gjekk sigrande ut med flest poeng. Ho er spesialist i revmatologi og indremedisin, og arbeider som overlege ved Stavanger universitetssjukehus. Ho tek doktorgraden sin ved Universitetet i Bergen.

Sigmo har forska på om leddgikt kan påvirke menns evne til å få barn. Ho vart overraska over funnet: Det viser seg at menn med leddgikt får fleire barn enn andre menn.

Sigmo presenterte forskinga si utan powerpoint, men begeistra alle og vant. No kan ho kalle seg Stavanger-regionens beste forskningsformidlar.

Flere folk på scenen. En holder en pokal.
Her overrekker rektor ved UiS, Klaus Mohn, pokal til vinnaren av Forskar Grand Prix Stavanger 2024.

Presenterte manglar i beredskapsplanar

Sasan Zarghooni-Hoffmann frå Universitetet i Stavanger imponerte også stort då han presenterte sin forsking om Tolletaten. Det kjem fram av forskinga hans at Tolletaten ofte blir gløymd når offentlege instansar legg planar for beredskap og samfunnstryggleik.

Les om forskinga til Sasan Zarghooni-Hoffmann: Har avdekt manglar i styresmaktene sine beredskapsplanar.

Nasjonal finale i Oslo

Mann og kvinne på scene.
UiS og SUS blir representert i den nasjonale finalen med Sasan Zarghooni-Hoffmann og Gudrun David Sigmo.
Mann på scene.
Tidlegare lærar, og no forskar, Øystein Nybøe imponerte stort med si forsking på læraren sin oppgåve å skape gode relasjonar til elevane sine.

No skal Gudrun David Sigmo og Zarghooni-Hoffmann representere Stavanger-regionen i den nasjonale Forskar Grand Prix-finalen laurdag 28. september i Oslo, som Forskingsdagane og Forskingsrådet arrangerer. Du kan delta digitalt på Den nasjonale finalen i Forskar Grand Prix og vere med å stemme på den kandidaten du synes er best til å formidle forskinga si.

Showet streames også på forskning.no.

Bli med og stem! Husk å melde deg på digitalt.

Lærar-forskar sjarmerte dommarane

Doktorgradsstipendiat Øystein Nybøe var også med å kjempa om finalebillett. Han sjarmerte med si varme og engasjerte forteljing frå skulekvardagen. Hans forskning på interaksjon mellom lærar og elevar er eit viktig bidrag til å skape eit trygt og godt læringsmiljø for alle.

Dei andre deltakarane var: Ingrid Hilmer (UiS), Frida Layti (UiS), Veronika Lorentzen (UiS), Thomas Meldahl Olsen (UiS), Marte Pupe Støyva (UiS), Veronica Øverlid (VID) og Cecilie Aarøe (UiS).

Les meir om kva dei 10 deltakarane forskar på.

Sidan 2010

Forskar Grand Prix har vorte arrangert sidan 2010 i Norge etter at ein henta konseptet frå Danmark. Konseptet er ei uhøgtideleg konkurranse i forskingsformidling for doktorgradskandidatar.

I 2024 blir regionale finalar halde i Kristiansand, Stavanger, Bergen, Tromsø, Bodø og Oslo. I den nasjonale finalen i Oslo kjempar dei regionale vinnarane om tittelen: Norges beste forskingsformidlar!

Forskar Grand Prix Stavanger 2024 er arrangert av Forskingsdagane i Stavanger-regionen med ressursar frå Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Produsentar: Camilla Larsen og Karen Anne Okstad. Coach: Berit Aarrestad.