Samfunnsøkonomane Klaus Mohn og Ola Kvaløy har saman med Klimautvalet nyleg levert sin rapport om korleis Noreg skal bli eit lågutsleppsamfunn innan 2050. På frukostmøte på UiS 8. november kan du høyre om vegen vidare for olje- og gassnæringa.
– Om ein skyv vanskelege avgjerder for oljeverksemda framom seg, så vil kostnadane bli høgare – både for klimapolitikken og for omstillinga. I alle fall om verda og Noreg går mot null i utslepp innan 2050, seier Klaus Mohn, professor i samfunnsøkonomi og rektor ved Universitetet i Stavanger.
Mohn har saman med Ola Kvaløy, professor i samfunnsøkonomi og dekan ved Handelshøgskulen ved UiS, vore medlem av Klimautvalet 2050.
Sluttrapporten til Klimautvalet 2050 blei overlevert til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen under Kåkånomics-festivalen i Stavanger fredag førre veke. Ei klar tilråding frå Klimautvalet er at politikken i større grad bør førebu ei framtid utan olje og gass.
– Klimautvalet etterlyser ein strategi som legg til rette for ei nedbygging av olje- og gassverksemda som går raskare enn det som er forventa per i dag. Med ein slik strategi vil Noreg ta sin del av børa med å redusere utvinninga av fossile brensel, bidra til reduksjon i globale utslepp og ikkje minst legge til rette for omstilling til eit samfunn som er meir gjerrig på utslepp og mindre avhengig av olje, påpeiker Mohn.
Frukostmøte om Klimautvalets rapport
Onsdag 8. november på Universitetsbiblioteket på UiS Campus Ullandhaug kan du høyre meir om kva Klimautvalet meiner Noreg må gjere for å bli eit lågutsleppsamfunn innan 2050.
På frukostmøtet Norsk sokkel mot 2050: Letestans nå? møter dekan og professor Ola Kvaløy Benedicte Solaas, direktør for klima og miljø i Offshore Noreg, Kjetil Visnes, vice president i Norway energy hub, Equinor og Hilde Øvrebekk, journalist og kommentator i Stavanger Aftenblad.
Frukostmøtet er eit samarbeid mellom Norsk klimastiftelse og UiS og samtalen blir leia av Kirsten Å. Øystese og Lars-Henrik Paarup Michelsen i Norsk klimastiftelse.
Samtalen tek utgangspunkt i nettopp Klimautvalet 2050 sin rapport og hovudfokus er olje- og gassnæringas framtid.
Bryte Paris-avtalen eller stanse leiting i nye område?
Eit viktig spørsmål er kva utslepp Noreg skal stå att med i 2050, når 90–95 prosent av utsleppa skal kuttast, og kva dette betyr for olje- og gassnæringa?
Ola Kvaløy forklarer at det er teoretisk mogleg å vidareføre dagens petroleumspolitikk utan å bryte klimaloven eller intensjonen i Paris-avtalen, men at det krev at brorparten av tillatne utslepp i 2050 då gis til petroleumssektoren, noko som igjen krev massiv elektrifisering og auka press for å byggje ned natur.
– Dei realistiske alternativa er anten å oppheve klimalova og bryte med intensjonen i Paris-avtalen, eller å redusere aktiviteten ut over forventa aktivitetsnivå fram mot 2050, noko som betyr å stanse leiting i nye områder, seier Kvaløy.
Strategi for sluttfasen
Utvalet ser for seg at leiteverksemda vil måtte dempast, om oljepolitikken skal sameinast med klimapolitikken. I første omgang tilrår ein stans i all leiting etter olje og gass i område som i dag er utan infrastruktur. Klimautvalet ser dette som eit naturleg steg på vegen mot avvikling av all vidare leiting. Tilrådingane inneber vidare at ein ikkje tillét bygging av ny infrastruktur som vil binde oss til nye utslepp mot og forbi 2050. Dette vil legge ein dempar på vidareutviklinga av Barentshavet.
Utvalet meiner at det beste er om klimapolitikken og oljepolitikken kan sjåast i samanheng og sameinast betre enn i dag. Dei påpeiker vidare at begge politikkområda må støtte opp under behovet for omstilling – av energibruk og næringsstruktur.
Eit av forslaga til utvalet er at det hastar med å utarbeide ein strategi for sluttfasen av norsk petroleumsverksemd, og at denne strategien må leggast fram for Stortinget så raskt som mogleg.
– Det som no hastar, er å få på plass ein robust strategi som legg godt til rette for ei nedbremsing av norsk olje- og gassverksemd. Alle avgjerder om leiting og utbygging av nye felt bør bli lagt på is til ein slik strategi er klar, påpeiker Klaus Mohn.
Tekst: Karen Anne Okstad