Tre masterstudentar frå Handelshøgskolen ved UiS er i finalen i den internasjonale marknadsføringskonkurransen DMC.

– Dette kjennest uverkeleg. Me hadde ikkje forventa å gå vidare til finalen, så det var ei stor overrasking då me fann ut at me vart valt blant 220 lag. Me er litt nervøse, men også veldig spente på å presentere bidraget vårt i finalen til DMC.
Det seier studentane Vladyslava Bakhno, Jane Felia og Jade Cavalcanti. Dei har blitt ein av to finalistar i konkurransen Digital Marketing Competition (DMC). Dette er ei internasjonal hending arrangert av Purdue University Northwest's College of Business, som gir bachelor- og masterstudentar ei unik moglegheit til å kunne pitche til verkelege kundar.
Ville utfordre seg sjølv
Dei møttest gjennom masterstudiet i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og fann ut allereie førre semester kor godt dei jobba saman som ei gruppe.
– Me blei ivrige etter å prøve noko annleis der me kunne bruke kunnskapen vår om marknadsføring i praksis, og utvikle vår kompetanse. Derfor leita me etter internasjonale marknadsføringskonkurransar, og bestemte oss for å utfordre oss sjølv gjennom å delta i DMC 2022.
Dei skal presentere sin digitale marknadsføringsstrategi for MegMade - eit Chicago-basert møbelselskap, direkte under finalen, til kundens leiargruppe og aktive fagfolk innan marknadsføring.
Stor anerkjenning
Elham Ghazimatin, som er postdoktor på innstegsvilkår og underviser marknadsføring til studentane i faget Digital Marketing, har støtta dei gjennom heile prosessen.
– Dei har oppnådd noko veldig stort! Dette er ein utmerka prestasjon av våre masterstudentar og ei stor anerkjenning av kvaliteten til studentane våre på internasjonalt nivå, seier Ghazimatin.
Sjølv trur studentane at dei har kome så langt på grunn av den detaljerte analysen og den digitale marknadssføringstrategien dei gav kunden.
– Våre anbefalingar er basert på teori, primære og sekundære data. I tillegg kom vår ulike bakgrunn til nytte. Jade er mest kjend med digitale marknadsføringsstrategiar og analysar, Jane er meir fokusert på forbruker-, marknads,- og konkurrentanalysar, og Vladyslava har meir erfaring med e-handel og digitale kampanjar. Kort sagt, våre varierte ferdigheitar, kunnskapar og gode samarbeid har hjelpt oss til å oppnå finalistposisjonen.
Finalen vil foregå 2. desember.
Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka KI
Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten
Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...
– Eg vil beskrive programmet som førsteklasses, prestisjefylt, utfordrande, engasjerande og i verdsklasse
Hesam har studert master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og spesialiserte seg innan strategisk ...
Guro fikk en forsmak på arbeidslivet i Stavanger tingrett
Jurister jobber ikke bare med jus. De skal også håndtere mennesker, argumentere godt, overbevise retten, forstå andre og...
UiS fornyar avtalen med Norway Summit
Handelshøgskolen ved UiS har fornya avtalen med den framståande næringslivskonferansen Norway Summit.
Målet til Chandan er å bli ein banebrytande marknadsførar og gründer
Derfor tar han ein mastergrad i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS.
– Det er eit stort behov for revisorar, så det å velje ei ettertrakta utdanning var motiverande
Karen Høyland Ollestad valde UiS for å kome tettare i kontakt med det lokale næringslivet.