Les om kva doktorgradsarbeida ved UiS siste år betyr for deg og for samfunnet.
På årsfesten 29. oktober 2021 blei det delt ut vitnemål og diplom til dei 56 kandidatane som har disputert ved Universitetet i Stavanger (UiS) sidan forrige årsfest. UiS markerer den 29. oktober kvart år fordi det var på denne datoen i 2004 det blei vedteke i statsråd at Høgskulen i Stavanger skulle få universitetsstatus.
Her ser du kva den einskilde nye doktor har funne ut gjennom den tre år lange forskarutdanninga si.
Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
Elleve av kandidatane var frå Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.
Marianne Ree har forska på barns moglegheiter for å delta aktivt i fellesskapet i barnehagen, Ingrid Skage har forska på fysisk aktivitet i skulen, Marianne L. Undheim har sett på kva som skjer når barnehagebarn får lage digitale fortellingar og Hege Roaldset har sett på kvifor mange zuluar som vart kristna av misjonærer haldt fast ved trua sjølv om det var knytt til utfordringar.
Everton Lacerda Jacinto har studert utdanning av matematikklærarar i Malawi, Andreas Åvitsland sitt doktorgradsarbeid syner at fysisk aktivitet ga ungdomsskuleelevar betre psykisk helse og Heidi Elisabeth Nag si forsking gjev ny kunnskap om barn med det sjeldne Smith-Magenis-syndromet.
Ida Risanger Sjursø har sett på emosjonelle konsekvensar av tradisjonell og digital mobbing og kva ein autoritativ lærarstil har å seie i arbeidet med mobbesaker og Hilde Lowell Gunnerud si doktoravhandling gir oppsiktsvekkande funn om ferdigheiter og språkforståing hos fleirspråklege barn.
Wenche Elisabeth Thomassen har i sitt doktorgradsarbeid undersøkt kva slags kompetanse grunnskulelærarstudentar har til å undervise i fleirkulturelle og fleirspråklige klasserom og Hege Rangnes si avhandling syner at lærarar treng meir kunnskap om korleis dei kan støtte elevar i fleirspråklege klasserom i å utvikle akademisk språk.
Det samfunnsvitskaplege fakultet
Seks av kandidatane var frå Det samfunnsvitskaplege fakultet.
Dag Tomas Sagen Johannesen har sett på kvalitetssikring i sjukehus, Paulo Rocha har sett på samarbeid mellom kriminalomsorgen og velferdstenestene, Olena Koval har sett på avgjersler i parforhold og Stine Ravndal Nygård har undersøkt korleis kommunereformen blei organisert og kva organiseringa hadde å seie for lokale utfall.
Veronica Blumenthal har forska på kva som gjer nokre opplevingar så altoppslukande at du gløymer alt rundt deg og Ida Bruheim Jensen har samanlikna norsk og chilensk barnevern og sett på korleis barn blir sett og høyrt i barnevernet i dei to landa.
Handelshøgskulen ved UiS
Fire av kandidatane var frå Handelshøgskulen ved UiS.
Utku Ali Riza Alpaydin har forska på samarbeid mellom bedriftar og universitet sett frå bedriftane sitt perspektiv og Jonathan Muringani har undersøkt korleis institusjonelle forskjellar mellom regionar kan forklare regional utvikling.
Kwadwo Atta-Owusu har sett på innovasjon og økonomisk utvikling i regionar og kva samarbeid med universitet har å seie og Saeed Moghadam Saman har sett på om doktorgradsløp førebur på arbeid utanfor akademia.
Det helsevitskaplege fakultet
Femten av kandidatane var frå Det helsevitskaplege fakultet.
Robert Deogratias Moshiro si forsking hjelper til å gjere fødslar i fattige land tryggare, Siv Hilde Berg har sett på tryggleik for suicidale pasientar og Anne Marie Gausel har undersøkt kor mange kvinner som har vedvarande bekkenleddsmerter etter fødsel og om det finst tydelege risikofaktorar for ikkje å bli bra igjen.
Britt Marit Haga har forska på korleis det er å leva med fedme, Oda Karin Nordfonn har sett på korleis pasientar med hjartesvikt opplever den emosjonelle og praktiske byrda ved sjukdommen og Arnt Egil Ydstebø har sett på det å bu heime for personar med demens.
Kristin Tønsager har undersøkt kvaliteten på dataene legebemanna utrykningsteneste samlar inn og registrerar ved behandling av akutt sjuke og skadde pasientar, Inger Eide Robertson har sett på livsendring etter rusavhengighet og Tone Larsen har forska på korleis offentlege tenester betre kan dra nytte av kunnskap frå pasientar, brukarar og profesjonsutøvarar.
Inger Johanne Bergerød har sett på pårørande si rolle i kreftbehandling, Anne Siri Johnsen har undersøkt korleis luftambulansen kan gjere ein enda betre jobb ved store ulykker og Cille Hagland Sevild har forska på motivasjon og kompetanse for gode kost- og aktivitetsvanar hos personar som ynskjer å endre livsstil.
Heidi Dombestein har sett på korleis pårørande sin motivasjon til å ta vare på ein forelder med demens vert påverka over tid, Sina Furnes Øyri har sett på korleis rettsleg regulering av risiko verkar inn på leiinga av kvalitetsforbetringsaktivitetar i sjukehus og Unn Elisabeth Hammervold har forska på samtalar etter tvang i psykisk helsevern.
Det teknisk-naturvitskaplege fakultet
21 kandidatar var frå Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.
Dhruvit Satishchandra Berawala har sett på injeksjon av CO2 for å auke gassutvinninga, Ana Llopis Alvarez har sett på korleis nabolaget påverkar livskvaliteten din og Caroline Amy Metcalfe har sett på risikovurderingar i kritisk infrastruktur.
Berent Ånund Strømnes Lunde har forenkla ei svært populær maskinlæringsalgoritme slik at store og små selskap kan ta han i bruk, Emanuela Kallesten har granska korleis ytre forhold som temperatur og trykk påverkar kalkstein i reservoar på norsk sokkel og Jennifer Elizabeth Cunningham har sett på seismiske målingar frå Snøkvit-feltet i Barentshavet.
Lisbeth Fjæran har sett på risikovurderingar og kommunikasjon, Jørn Holm Naimak har undersøkt anomer O-alkylering og Kristian Stangeland har sett på omdanning av CO2 til metanol ved hjelp av CO2-hydrogenering.
Karan Sotoodeh har funne metodar som skal gjere ventilar og aktuatorar i olje- og gassindustrien meir pålitelege, Mario Helder Lopes da Silva har forska på sporstoffer som blant anna måler oljemetninga i eit reservoar og Irina Orestovna Averkina har undersøkt eit protein som regulerer stressrespons, vekst og hormonsignal i planter.
Dalila de Sousa Gomes har forska på betre metodar for å modellere to-faseflyt i brønnkontrolloperasjonar, Marco Rampazzo har forska på såkalla Calabi-Yau-manifoldar, eit matematisk omgrep innanfor algebraisk geometri og Aida Pirbazari har studert korleis kunstig intelligens og maskinlæring kan brukast til å forbetre energistyringa i bygningar.
Widuramina Amarasinghe har funne ulike karakteristikkar av CO2-transport inne i vatn og olje under realistiske tilhøve i oljereservoar, Surbhi Bansal har forska på korleis kunnskapsoverføring mellom ulike sektorer kan styrke tryggleiksarbeidet i energibransjar med høg risiko og Siv Marie Åsen har sett nærare på kva som skjer med ulike typar polymerar når dei vert pumpa gjennom reservoaret. Blir dei oppløyst når dei vert frakta gjennom røyr eller når dei vert sprøyta inn i sandstein?
Albana Roci har sett på kontroll av modellar i det matematiske modelleringsspråket Petri-nett, Nikita Karandikar har studert handel med fornybar energi på blockchain medan Rahul Mishra har undersøkt korleis data-applikasjoner kan utformast og integrerast i søkemotorar for å bekjempa falske nyheiter.
Tekst: Elin Nyberg