Årsfest med framtidstru og investeringstips

Dr. Fatih Birol, president i Det internasjonale energibyrået (IEA) hadde ei klar melding til regjeringar, investorar og industrien i talen på årsfesten til Universitetet i Stavanger: – Grip sjansen og invester i rein energi no. Snart vil dette vere like stort som oljeindustrien er i dag.

Publisert Sist oppdatert

På årsfesten ble det delt ut vitnemål og diplom til kandidatane som har disputert sidan forrige årsfest. (Foto: Mari Løvås, UiS)

Dr. Birol  var festtalar på årsfesten som feirast den 29. oktober kvart år fordi det var på denne datoen i 2004 det blei vedteke i statsråd at Høgskulen i Stavanger skulle få universitetsstatus og bli til Universitetet i Stavanger.  

I talen tok Fatih Birol utgangspunkt i IEAs Energy Outlook 2021-rapport som blei publisert for berre nokre få dagar sidan.

– Eg vil dele nokre av funna i rapporten med dykk. Mange store land og økonomiar som USA, Canada, Brasil, Korea og Kina har nå forplikta seg til å redusere utsleppa sine kraftig - nokre i 2050 andre i 2060. Aldri tidlegare har landa stått så samla i arbeidet mot klimaendringane.  Men diverre ser me at sjølv om me legg innsatsen til alle desse landa saman, vil likevel den globale temperaturen auke med 2,1 gradar og utsleppa i 2050 vil berre vere cirka 40 prosent lågere enn i dag. Dette er ikkje eit tilfredstillande svar på dei store klimautfordringane og langt frå nok til å nå klimamålet om ein temperaturauke på 1,5 gradar, sa IEA-presidenten.

Stor effekt på energimarknaden

Men, understreka han, sjølv denne lille effekten på klimaendringane vil ha stor verknad på energimarknaden.

– Om berre dei landa som har forplikta seg, set forpliktingane ut i livet vil etterspurnaden etter olje nå toppen rundt 2025 og så gå ned. Altså om få år. Nedgangen i etterspurnaden etter olje skuldast i hovedsak overgang til elektriske bilar.

Birol viste til at mange av dei store bilprodusentane går inn for å berre produsere elektriske bilar rundt 2030.

– Rapportane våre syner at dersom verda skal greie 1,5 grads-målet må me utvikle og ta i bruk nye teknologiar.  Kollegaene mine har rekna ut at markedsdelen til nye teknologiar knytt til solceller, vindturbinar, grønne hydrogen-løysingar og litium-batteriar vil bli like stor som oljeindustrien - som i dag er sjølve ryggmargen i verdas økonomi.

Fatih Birol heldt sin tale digitalt. (Foto: Mari Løvås)

Presidenten sine ønsker til verdas leiarar

Dagen før G20-landa samlast til toppmøte i Roma hadde Birol tre ønsker til verdas leiarar:

– Mitt første ønske er at stadig fleire land i tida fram mot klimatoppmøtet i Glasgow i november, forpliktar seg på klima og at dei som allereie har forplikta seg, vil auke forpliktingane sine. Særleg for nokre av dei store G20-landa er det mykje å gjere her.

– Mitt andre ønske er dette: Rapporten vår viser at store delar av utsleppa i åra framover kjem i framveksande økonomiar. Diverre er det òg  i desse landa liten investering i rein energi.  Difor skulle eg ønske det kom store investeringar,  vi snakkar om 100 billionar dollar-storleiken, som kan verke som katalysator og hjelpe med å auke investeringane i rein energi i desse landa.

– Mitt tredje og siste ønske er at verdas leiarar, inkludert den nye norske statsministeren, vil sende ei tydeleg melding til resten av verda. Frå Glasgow vil eg sjå eit bilete der leiarane står skulder ved skulder og seier til verda - inkludert investorane: «De ser at me er einige og fast bestemt på å satse på rein energi for framtida. Om de held fram med å investere i skitne energiløysingar risikerer de å tape pengar. Men om de i staden investerar i reine energiløysinger kan de få ei god forteneste. sa dr. Birol som på årsfesten ble utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Birol utnemnd til æresdoktor ved UiS

Det var fyrste gong på sju år det blei utnemnd ein æresdoktor ved UiS.

I talen ved utnemninga sa rektor Klaus Mohn at han både er glad og stolt over at ein tung internasjonal kapasitet som dr. Fatih Birol blir æresdoktor ved UiS.

– Birol og IEA sin innsats for omstilling i energisektoren passar som hånd i hanske med universitetet sin Strategi 2030, som har grøn omstilling og energi som satsingsområde, sa rektor og viste til at IEA og Fatih Birol allereie, gjennom sitt arbeid med energiomstilling, har bidratt til å utvikle UiS og  fagmiljø ved universitetet.

– Han har styrka universitetet sin posisjon som eit energiuniversitet, sa Mohn som kunne røpe at UiS har klare ambisjonar om eit tettare fagleg samarbeid med IEA i framtida.

Dr. Birol er den sjuande æresdoktoren ved UiS. Dei seks andre er FNs tidlegare visegeneralsekretær Jan Egeland, nobelprisvinnar i økonomi Finn Kydland, kjønnsforskar Toril Moi, doktor i petroleumsteknologi Rajagopal Raghavan, professor i teologi Jacob Jervell og professor emeritus og tidligare rektor ved Aalborg universitet, Finn Kjærsdam.

 Æresdoktorat tildelast for betydeleg vitskapleg eller kunstnerisk innsats eller fremragande arbeid til gavn for vitskapen eller kunsten.

–  Kandidatar frå UiS skal gjere ein forskjell

Rektor Klaus Mohn minte i sin tale på årsfesten om korleis pandemiåret har satt sitt preg.  Med studentar som sleit med einsemd og motivasjon, forelesarar som streva med å nå ut med god, digital undervisning og forsking som på visse område er blitt kraftig forsinka.

Men for UiS har året òg  romma mange høgdepunkt, sa Mohn og trakk fram UiS sin sterke debut på den prestisjefylte Times Higher Education-rangeringa.

–  Vi er ikkje beskjedne. UiS skal måle seg med dei beste, slo rektoren fast.

–  Særs gledeleg er det å merke seg at vi tar plass blant dei 301–400 beste universiteta i verda innan fagområdet helse og medisin. Og det før vi har fått medisinutdanning! Me gjer det og påfallande sterkt innan utdanningsvitskap, økonomi og leiing og samfunnsvitskap, la han til.

Mohn trakk og fram at UiS for tredje år på rad er det tredje beste forskingsuniversitet i Noreg.

Utviklinga ved UiS blir heller ikkje mindre interessant og spanande framover, ifølge rektor som minte om søknadene om å få oppretta profesjonsstudium i psykologi og mastergradsstudium i rettsvitskap.

–  Og ambisjonane våre om å etablere medisinutdanning ved UiS lev i beste velgåande. Med sterk kompetanse, eit solid studieprogram, universitetssjukehus på campus og heile regionen i ryggen ventar me no berre på klarsignal frå politikarane, sa Mohn som òg  viste til fleire nye studiar.

– Våre framtidige kandidatar innan psykologi, rettsvitskap, barnevern, batteri- og energiteknologi, medisinsk teknologi og energiutdanning skal i åra som kjem vere dei som bygger vidare på velferdsstaten og dei som skal sørge for at Noreg skal bli grønare/nå sine klimamål, sa han.

Les heile rektors tale.

Prisar til risikostyring, programvare mot falske nyheiter og godt læringsmiljø

Tre prisar blei delt ut på årsfesten.

Lyses forskingspris for 2020 gjekk til UiS-professor Eirik Bjorheim Abrahamsen for hans forskning innen økonomisk analyse i risikostyring.

SR-Banks innovasjonspris for 2020 gjekk til Vinay Setty, førsteamanuensis ved UiS. Han har utvikla ein programvare som identifiserar nyheiter som ikkje er sanne eller som manglar truverde.

Læringsmiljøprisen for 2021 gjekk til studiekoordinatorane Hanne Elise Pollack og Kjersti Gjedrem. Dei fekk prisen for å skape gunstige høve for eit godt læringsmiljø på grunnskulelærarutdanningane.

Nye doktorar

På årsfesten ble det delt ut vitnemål og diplom til dei 56 kandidatane som har disputert sidan forrige årsfest.

11 av kandidatane var frå Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora: Marianne Ree, Ingrid Skage, Marianne L. Undheim, Hege Roaldset, Everton Lacerda Jacinto, Andreas Åvitsland, Heidi Elisabeth Nag, Ida Risanger Sjursø, Hilde Lowell Gunnerud, Wenche Elisabeth Thomassen og Hege Rangnes.

Seks av kandidatane var frå Det samfunnsvitskaplege fakultet: Dag Tomas Sagen Johannesen, Paulo Rocha, Olena Koval, Stine Ravndal Nygård, Veronica Blumenthal og Ida Bruheim Jensen.

Fire av kandidatane var frå Handelshøgskulen ved UiS: Utku Ali Riza Alpaydin, Jonathan Muringani, Kwadwo Atta-Owusu og Saeed Moghadam Saman.

15 av kandidatane var frå Det helsevitskaplege fakultet:Robert Deogratias Moshiro, Siv Hilde Berg, Anne Marie Gausel, Britt Marit Haga, Oda Karin Nordfonn, Arnt Egil Ydstebø, Kristin Tønsager, Inger Eide Robertson, Tone Larsen, Inger Johanne Bergerød, Anne Siri Johnsen, Cille Hagland Sevild, Heidi Dombestein, Sina Furnes Øyri og Unn Elisabeth Hammervold.

21 kandidatar var frå Det teknisk-naturviitskaplege fakultet: Dhruvit Satishchandra Berawala, Ana Llopis Alvarez, Caroline Amy Metcalfe, Berent Ånund Strømnes Lunde, Emanuela Kallesten, Jennifer Elizabeth Cunningham, Lisbeth Fjæran, Jørn Holm Naimak, Kristian Stangeland, Karan Sotoodeh, Mario Helder Lopes da Silva, Irina Orestovna Averkina, Dalila de Sousa Gomes, Marco Rampazzo, Aida Pirbazari, Widuramina Amarasinghe, Surbhi Bansal, Siv Marie Åsen, Albana Roci, Nikita Karandikar og Rahul Mishra.

Takketale

Veronica Blumenthal heldt takketale på vegne av dei nye doktorane der ho fortalte om utfordringane og usikkerheita ph.d.-kandidater ofte slit med undervegs. Om dei dagane ein berre har fått ned ein setning på papiret og ein vet at tida går.

– Det er på desse dagane det betyr så mykje at rettleiaren kjem inn og slår av ein prat, eller at ein får oppmuntrande ord frå ein kollega eller ein god middag når ein kjem heim. Det er desse og rektor og universitetet eg vil takke for at me har komme ut på den andre sida og gjennomført noko me aldri trudde me skulle greie, sa ho til stor applaus frå salen.

Årsfesten bydde òg på god underhaldning av den musikalske sorten frå mezzosopran Marie-Elise Herredsvela og Aida Ramazanova på klaver, begge studentar ved Fakultet for utøvande kunstfag, og Khaled Habeeb på oud.

Tekst: Elin Nyberg