Open bursdagsfrukost

Fredag 18. oktober 2024 kl. 08:00-09:00,
Hagbard Lines hus,
Peisestuå.

Kunnskapssenter for utdanning har vore ved Universitetet i Stavanger i fem år, og det feirar me med fagleg frukost og kake til alle som vil ha!

Publisert Sist oppdatert

Bilde av Peisestuå, Hagbard Lines hus, UiS
Bursdagsfrukosten blir arrangert her i Peisestuå i Hagbard Lines hus.

I samband med at Kunnskapssenter for utdanning (KSU) har vore fem år ved UiS, vil senteret invitera alle som ynskjer å feire oss til ein bursdagsfrukost med fagleg innhald.

Korleis få og halda på studentar

KSU deler sin kunnskap om kva forsking seier om rekruttering og kva som kan vera gode grep for å halda på studentane.

Vidare vil representantar frå to av studentorganisasjonane ved UiS, Lærerstudentene og StOr dela sine tankar kring temaet, før prorektor for utdanning seier noko om korleis UiS bruker denne kunnskapen til å søkja etter studentar – og halda på dei.

Program:  

08:00–08:15: Kaffi, croissantar og bursdagskake står klar.

08:20–08:30: Senterleiar ved Kunnskapssenter for utdanning, professor Elaine Munthe, ynskjer velkomen og introduserer tema for frukostsamlinga.

08:30–08:40: Tilsette frå KSU deler kunnskap frå sentrale kunnskapsoppsummeringar kring temaet gjennomføring.

08:40–08:50: Kva seier studentane sjølve? Leiar for Lærerstudentene, Isak Molnes, og nestleiar i StOr, Knut Solvig, deler sin kunnskap om kva som er viktig for at studentar trivst, lykkast og fullfører.

08:50–09:00: Prorektor for utdanning, Bjørg Oftedal, oppsummerer og gratulererar KSU med dagen!