Nobelprisane 2024 forklart for folk flest

Mandag 9. desember 2024 kl. 18:00-20:00,
Sølvberget,
Møteplassen.

Kva prestasjonar ligg bak årets nobelprisar? Kva betyr innsatsen, teoriane, formidlinga og resultata for deg og meg? Forskarar frå Universitetet i Stavanger og Stavanger universitetssjukehus svarar når vi inviterer til Nobel-arrangement.

Publisert Sist oppdatert

Flere portretter satt sammen med portrett av Alfred Nobel
Alvaro Fernandez Quilez, Melina Antonia Buns, Kristin Jonsdottir, Torfinn Harding, Tanu Biswas og Lutz Eichacker er UiS- og SUS-forskerne som skal forklare oss bakgrunnen for nobelprisene 2024.
Bilde av nobel-medalje i gull

Nobelprisane blir delt ut i Stockholm og Oslo på Alfred Nobels dødsdag tysdag den 10. desember. Kvelden før inviterer vi til eit Nobel-arrangement på Møteplassen på Sølvberget i Stavanger.

Her stiller seks dyktige fagekspertar frå UiS og SUS opp for å presentere prisvinnarane og forklare oppdagingane og bidraga som vert feira. Og det på ein måte som gjer at vi som ikkje har inngåande kunnskap om temaet, kan forstå.

Meld deg på arrangementet Nobelprisane 2024 forklart for folk flest

Kvar paneldeltakar har 10 minutt på å gjere oss klokare på dei ulike prisvinnarane og prestasjonane deira. Journalist og programleiar Guttorm Andreasen er vert for kvelden.

Nobelprisvinnarane 2024

  • Fysikk: John J. Hopfield (USA) og Geoffrey Hinton (UK) har brukt verktøy frå fysikk for å utvikle metodar som er grunnlaget for dagens maskinlæring, står det på nobelprisens nettside.
  • Kjemi: David Baker (USA), Demis Hassabis (UK) og John Jumper (USA) får prisen for å ha «knekt koden for dei merkelege strukturane til proteina», skriv Kungliga Vetenskapsakademien i grunngjevinga.
  • Fysiologi eller medisin: Victor Ambros (USA) og Gary Ruvkun (USA) får prisen for oppdaginga av mikro-RNA, som er genetiske signalar i cellane. Mikro-RNA kan knyttas til ei rekke sykdommar, blant anna kreft og hjertelidingar.
  • Fredsprisen: Nihon Hidanko (Japan) er ein grasrotbevegelse av atombombe-overlevande frå Hiroshima og Nagasaki. Dei får fredsprisen for sine forsøk på å oppnå ei verd fri for atomvåpen.
  • Litteratur: Han Kang (Sør-Korea) får prisen «for sin intensive poetiske prosa som konfronterer historiens trauma og blottlegger menneskenes sårbarhet», er ordlyden i akademiets begrunning.
  • Nobels minnepris (økonomi): Daron Acemoglu (USA), Simon Johnson (UK) og James A. Robionson (USA) får prisen for si forsking på forskjellar i velstand mellom ulike land.

Dei som skal presentere dei ulike prisane, er:

Fysikk: Alvaro Fernandez Quilez, førsteamanuensis i kunstig intelligens ved UiS

Kjemi: Lutz Eichacker, professor i biologisk kjemi ved UiS

Medisin: Kristin Jonsdottir, molekylærbiolog og seksjonsleder for klinisk forskningspost ved SUS

Fredsprisen: Melina Antonia Buns, førsteamanuensis i historie ved UiS

Litteratur: Tanu Biswas, førsteamanuensis i pedagogikk ved UiS

Økonomi: Torfinn Harding, professor i samfunnsøkonomi ved UiS

Arrangementet er gratis og opent for alle, så langt det er plass. Merk at nokre av presentasjonane er på engelsk.

Arrangør, initiativ og idé: Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi – med støtte av Forskingsavdelinga og Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS, i eit samarbeid med Sølvberget bibliotek og kulturhus.