Ta med deg vener og familie og kom på Folken denne kvelden og stem fram den forskaren du meiner er best til å formidle. To av forskarane går vidare til den nasjonale finalen i Oslo.
Arrangementet er gratis og åpent for alle.
Ti doktorgradstipendiatar står på scena og skal fortelje om forskinga si på fire minutt. Dei gler seg.
Les om dei 10 Forskar Grand Prix-deltakarane og prosjekta deira.
Arrangementet vart arrangert 25. september 2024: Gudrun David Sigmo er Stavangers beste forskingsformidlar.
Kjem du på Folken denne kvelden får du oppleve eit forrykande forskingsformidlingshow som handlar om alt frå kokain til grøn omstilling.
Samtidig som du lærer mykje vil du bli underholdt. Denne gjengen har spanande og fersk forsking dei vil presentere på ein mest mogleg interessant måte.
Leddgikt og lesing
Du vil blant anna få vite kva som er så genialt med Tolletaten og korleis du kan finne godt gøymde skattar på havets botn. Du får også meir kjennskap til kva som må til for å lykkast med grøn omstilling – ja, til og med korleis vi kan redde verda. Faktisk.
Vi har også en overlege med oss. Ho skal snakke om menn med leddgikt. Ho gler seg til å fortelje om dei overraskande funna ho har gjort.
Alle som slit med å få lest noko som helst i vår digitale tid kan kanskje plukke opp nokre tips når leseforskaren skal fortelje om kva stoda er for akademisk lesing blant studentane våre.
Draumelæraren og menneske på flukt
Er du nysgjerrig på korleis ein kan lykkast med å skape ro og tryggleik i klasserommet? Noko av svaret får du denne kvelden.
Har du tenkt på at flyktningkonvensjonen først og fremst er ei ordning som hjelper statar å handtere flyktningsituasjonen i staden for å hjelpe flyktningane?
Stem fram vinnaren!
Kvar presentasjon tek berre 4 minutt.
Eit dommarpanel på tre skal gje poeng. I tillegg kan du stemme på den du synest er best til å formidle.
Og veit du kva? Det er heilt gratis å kome! Sjåast!