Forskar Grand Prix på Folken

Onsdag 25. september 2024 kl. 19:00-21:30,
Folken.

Ta med deg vener og familie og kom på Folken denne kvelden og stem fram den forskaren du meiner er best til å formidle. To av forskarane går vidare til den nasjonale finalen i Trondheim.

Publisert Sist oppdatert

Gruppebilde
Første samling Forskar Grand Prix Stavanger 2024 med åtte av ti kandidatane til stades: Øvst frå venstre: Veronica Olin Øverlid (VID), Thomas Meldahl Olsen (UiS), Marte Pupe Støyva (UiS), Sasan Zarghooni-Hoffmann (UiS) og Øystein Nybøe (UiS). Framom frå venstre: Ingrid Hilmer (UiS), Frida Layti (UiS), Veronika Lorentzen (UiS). Cecilie Aarøe (UiS) og Gudrun David Sigmo (SUS) var ikkje til stades då biletet var tatt.

Ti doktorgradstipendiatar står på scena og skal fortelje om forskinga si på fire minutt. Dei gler seg.

Kjem du på Folken denne kvelden får du oppleve eit forrykande forskingsformidlingshow som handlar om alt frå kokain til grøn omstilling.

Samtidig som du lærer mykje vil du bli underholdt. Denne gjengen har spanande og fersk forsking dei vil presentere på ein mest mogleg interessant måte.

Leddgikt og lesing

Du vil blant anna få vite kva som er så genialt med Tolletaten og korleis du kan finne godt gøymde skattar på havets botn. Du får også meir kjennskap til kva som må til for å lykkast med grøn omstilling – ja, til og med korleis vi kan redde verda. Faktisk.

Vi har også en overlege med oss. Ho skal snakke om menn med leddgikt. Ho gler seg til å fortelje om dei overraskande funna ho har gjort.

Alle som slit med å få lest noko som helst i vår digitale tid kan kanskje plukke opp nokre tips når leseforskaren skal fortelje om kva stoda er for akademisk lesing blant studentane våre.

Draumelæraren og menneske på flukt

Er du nysgjerrig på korleis ein kan lykkast med å skape ro og tryggleik i klasserommet? Noko av svaret får du denne kvelden.

Har du tenkt på at flyktningkonvensjonen først og fremst er ei ordning som hjelper statar å handtere flyktningsituasjonen i staden for å hjelpe flyktningane?

Stem fram vinnaren!

Kvar presentasjon tek berre 4 minutt.

Eit dommarpanel på tre skal gje poeng. I tillegg kan du stemme på den du synest er best til å formidle.

Og veit du kva? Det er heilt gratis å kome! Sjåast!