Syed Aqib Ali tar master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og har klappa seg sjølv på skulderen for valet han tok.
Alder: 25
Studerer: Master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS
Spesialisering: Strategi og leiing
Anna: Studentassistent og jobbar med samarbeid mellom Lyspæren og UiS Ingenious
Lev livet fullt ut mens du er student på UiS - eg kan forsikre om at det er ei oppleving som forandrar livet.
Kvifor valde du å ta en mastergrad i økonomi og administrasjon?
Gjennom mine bachelorgradar såg eg at eg var flink til å utføre oppgåver på kreative måtar med ei smart proaktiv tilnærming og hadde alltid ein trong til å sjå ting frå eit anna perspektiv. Etter å ha jobba i bransjen i eitt års tid innsåg eg kor raskt firmaa utvikla seg globalt, så eg bestemte meg for å lære meg problemløysingsferdigheiter og få litt bransjebasert kunnskap. På same måte var det ei kritisk avgjerd for karriera mi, og eg følte at det var det rette tidspunktet for å oppfylle min livslange draum om å studere i utlandet.
Kvifor valde du Stavanger og Handelshøgskolen ved UiS?
Eg hadde andre tilbod frå forskjellige regionar i Europa, men Noreg var min prioritet på grunn min kjærleik til naturen, og på grunn av at dei hadde gratis utdanning. Universitetet i Stavanger kryssa av alle punkt for eit passande internasjonalt masterprogram som har fleire valmoglegheiter i spesialiseringer. Eg såg tilfeldig på campus gjennom Google Earth, og det var då eg følte ein nærleik til denne staden. I tillegg var byen og vêrforholda ideelle. Etter å ha kome hit, klappa eg meg sjølv på skulderen sidan eg tok ei god avgjerd.
Kvifor valde du di spesialisering?
Sidan min akademiske og profesjonelle karriere dreiar seg om digital marknadsføring, og eg ønska å oppgradere ferdigheitene mine på dette temaet, så valde eg å ta strategi og leiing. I tillegg hadde eg ei moglegheit til å lage ein kombinasjon av bifag og hovudfag, noko som blei den beste pakken for meg.
Les også: Lærer om motivasjon på arbeidsplassen gjennom å jobbe som konsulentar
Korleis ser ein typisk dag på UiS ut for deg?
Ein typisk dag startar med å kome til campus på el-sykkel, sjå på den vakre naturen og dei rolige omgjevnadane, og så møte studievener. Me sit saman, deler latter og kreative idear, og nokre produktive argument. Desse diskusjonane hjelper oss å løyse komplekse problem på ein effektiv måte. Etter desse gruppearbeida og førelesingane går eg gjennom korridorane på campus for å få motivasjon frå andre studentar. Seinare blir eg ofte med på arrangement og hackathons organisert av MinSiS og . Og som ein del av Lyspæren, UiS Ingenious og StartUiS, jobbar eg med prosjekt basert på bærekraft for å gjere UiS til ein meir ideell stad for læring.
Les også: Oppstartsbedrift vil ha studentanes løysinger
Har du nokre spesielle minne frå UiS til nå?
Eg har opplevd så mange fantastiske minne som har hjelpt meg med mykje energi på dei meir dystre vinterdagane. Eit av dei eg hugsar best er då eg filma dronebilde av UiS i vinter. Dei kalde vintrene kan vere vanskelege, men for meg gav den dagen ei rekke samanhengande hendinger som igjen gav meg eventyrlege augeblikk som spelte ein viktig rolle for sjølvtilliten min.
Les også: Masterstudentane tok med casearbeidet ut til vindkraftpark
Har du nokre råd til framtidige studentar?
Som internasjonal student bør du førebu deg på å kome ut av komfortsona di, men dette er igjen avgjerande for ditt praktiske liv for det kan la deg bli ein betre versjon av deg sjølv. Det er du som bestemmer deg for enten å sjå Netflix på hybelen din eller å gå ut å oppleve det som skjer i den verkelege verda. Eg har sett draumar gå i oppfylling, og eg trur på det. Studer smart, invester i fritida di i kreative aktivitetar, sosialiser og lær av deira erfaringer, og del historiane dine. Lev livet fullt ut mens du er student på UiS - eg kan forsikre om at det er ei oppleving som forandrar livet.
Les også: To intensive masterår har fått ein ekstra intensiv og lærerik studiestart
Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka KI
Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...
Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten
Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...