Næringsutvikling og innovasjon går på tvers av alle bransjar, oppstartsbedrifter eller eksisterande verksemder, forklarer tidlegare student Serinha Murgorgo. Handelshøgskolen ved UiS vart hennas val då ho såg etter ein internasjonal grad med fokus på innovasjon.
Utdanning: Master i økonomi og administrasjon
Spesialisering: Næringsutvikling og innovasjon
Næringsutvikling og innovasjon går på tvers av alle bransjar, oppstartsbedrifter eller eksisterande verksemder. Denne spesialiseringa gjer oss i stand til å lære den beste måten å utvikle og administrere både strategi og innovasjon for å oppretthalde konkurransefortrinn.
Serinha Murgorgo frå Zimbabwe har frå før ein mastergrad i finans og investering frå 2016. Så tenkte ho at ein ny mastergrad ville kvalifisere henne for fleire moglegheiter, og ville gjere henne til ein betre kandidat for arbeidsmarknaden. Med ein finansgrad og erfaring frå offentleg sektor såg ho etter ei moglegheit til å starte ein ny karriereveg innan privat sektor.
Kvifor valde du Handelshøgskolen ved UiS og Stavanger?
Eg var på utkikk etter ein internasjonal grad med fokus på innovasjon, og Handelshøgskolen tilbydde dette. Då eg fekk tilbod om studieplass kom eg hit utan å nøle, til ein vakker by med vennlege menneske.
Ved UiS får du moglegheit til å jobbe i ulike grupper med andre internasjonale studentar som gjer moglegheit for meir kreativitet frå ulike delar av verda. Det er mange stader ein kan sitte og studere og ha gruppediskusjonar her på campus.
Kvifor valde du spesialisering innan næringsutvikling og innovasjon?
Det var namnet på spesialiseringa, for eg tenkte at dette er kunnskap for framtida - korleis kan ein utvikle verksemder og innovere med det me allereie har i denne globale marknaden?
Næringsutvikling og innovasjon går på tvers av alle bransjar, oppstartsbedrifter eller eksisterande verksemder. Denne spesialiseringa gjer oss i stand til å lære den beste måten å utvikle og administrere både strategi og innovasjon for å oppretthalde konkurransefortrinn.
Kva handla masteroppgåva di om? Og kvifor valde du dette temaet?
Tittelen på masteroppgåva blei: Powering the sustainable energy transition with geothermal energy: The future role of Norway in the European geothermal energy market.
Min studiekamerat, Tarjei, og eg såg etter eit forskingstema som ville passe med vår spesialisering. Me tok ein samtale med eit lokalt selskap som kjem med innovativ teknologi for geotermisk energi. Etter ein energiworkshop blei me einige om at me kan jobbe med eit energiomstillings-tema. Og interessen fall på å finne ut korleis Noreg kan skalere opp geotermisk energi ved å bruke den allereie eksisterande kompetansen frå olje- og gassindustrien.
Korleis såg ein typisk dag på UiS ut for deg?
Det var ulikt for kvart semester pga. pandemien. Først var det å møte medstudentane via ein liten skjerm på Zoom, så var det ein hybrid av fysisk og digital klasse. Det var interessant å møte dei frå skjermen i levande live.
Etterkvart som ting normaliserte seg, starta eg for eksempel dagen som studentassisent, for så å dra til biblioteket for å studere eller delta på dagens førelesinger. Nokre gongar åt eg lunsj i kantina og avslutta dagen med å samarbeide med medstudentar om oppgåvar.
Kan du fortelle om noko du hugsar ekstra godt frå studietida?
Å komme på førsteplass under InGenious-utfordringa var mest minneverdig for meg. Kurset Strategies for Innovation Management gjer oss moglegheita til å jobbe med verkelege saker frå bedrifter gjennom å delta i InGenious-prosjektet. Desse utfordringane var forskjellige og alle interessante.
Eg søkte på utfordringa om korleis landbruket kunne bli betre og meir berekraftig i Afrika, i samarbeid med Kverneland-gruppen. (Dette kan du lese meir om her).
Har du nokre råd for framtidige studentar?
Ha tid til å glede deg over studietida ved UiS, for du vil kome til å omgå menneske frå ulike kulturar og med ulike erfaringer. Og dette vil hjelpe deg med å utvide horisonten og sinnet ditt.
Mitt råd for dei som er litt eldre og har lyst til å studere er å ikkje vere redd, for det er ikkje noko som heiter å vere for gammal når det kjem til utdanning.
Kva er draumejobben din nå etter endt studietid?
Spesialiseringa Næringsutvikling og innovasjon gjer deg moglegheita til å jobbe i ulike bransjar. Etter å ha jobba med globale problem drøymer eg om å jobbe for ein organisasjon som utfordrar normen og som har eit fokus på å bidra med innovative løysingar. Eg vil gjerne bidra til å løyse desse problema gjennom forsking eller å vere konsulent.
Meir frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka KI
Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...
Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten
Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...