I to filmar frå Ølensjøen FUS barnehage ser vi korleis dei tilsette har forstått verdien av å formidla bøker om igjen. Til glede for barna finn dei vaksne nye og spennande måtar å fortelja historia på.
Mopp og Mippo elskar dyr:
Barn elskar repetisjon, og repetisjon er òg nødvendig for språklæringa. For kvar gong ei bok blir formidla om igjen, møter barna språket på ny. Dei får bekrefta det dei veit, dei får bruka språket og dei får utvida erfaringane sine.
Mopp og Mikko elskar mat:
I denne filmen får me sjå og høyra om korleis boka Mopp og Mikko elskar mat har gitt inspirasjon til å gjera ein handletur saman med Mopp og Mikko.