Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. I denne filmen ser me nærare på kor viktig det er å lese med forståing for å kunne forstå og reflektera over det ein har lest. Filmen viser arbeid med startsetningar for munnleg og skriftleg aktivitet i 4. klasse og i VG2 samfunnsfag.
Denne filmen er ein del av filmen "Lesing som grunnleggjande ferdigheit," som fokuserer nettopp på ulike sider ved det å lesa, alt frå engasjement i høve til tekst, til avkoding og forståing.