Professor Per Henning Uppstad ved Lesesenteret skal vere med i ei ekspertgruppe som skal vurdere bruken av digital læringsanalyse. Målet er betre læring for elevar og studentar.
![elever jobber på pc](https://www.uis.no/sites/default/files/2021-09/Adaptvurder%205.jpg)
Digital læringsanalyse er til dømes analyse av data frå elevane sine digitale læremiddel, eller frå studentane sine læringsplattformer.
– God bruk av informasjonen vi har frå digitale læringsaktiviteter kan bidra til å utvikle pedagogisk praksis og gi betre læring for elevar og studentar. Slik læringsanalyse vil kunne bli ein viktigare del av framtidas utdanning, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
– Samstundes treng vi å vite meir om korleis digital læringsanalyse påverkar kva elevane og studentane lærer, og å sjå nærare på utfordringar knytt til personvern, juss og etikk. Derfor set vi ned ei breitt samansett gruppe med ekspertar på jus og etikk i tillegg til skole- og teknologisektoren.
Fagekspertar frå fleire felt
Professor Per Henning Uppstad ved Lesesenteret, UiS, er ein av medlemmane i gruppa, som består av fagekspertar frå skole og utdanning og fagområde som etikk, teknologi og jus. Professor Marte Blikstad-Balas frå UiO skal leie gruppa.
Ekspertgruppa skal gi Kunnskapsdepartementet betre grunnlag for slutningar om digital læringsanalyse og adaptive læremiddel, prøver og testar i grunnopplæringa, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning. Ekspertgruppa skal også gi råd om både regulering og andre tiltak. Ho skal i tillegg vurdere pedagogiske og etiske spørsmål, og juridiske spørsmål og personvernomsyn. Vidare skal gruppa gi innspel om korleis ein kan utvikle god praksis ved bruk av læringsanalyse, i tråd med etiske og pedagogiske normer og gjeldande regelverk.
Omtalt i saka
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking