Frukostmøte i Bergen: Kva kan du som skuleeigar og skuleleiar gjera for å betra elevane sine leseferdigheiter?

Onsdag 18. september kl. 08.30 – 10.00 inviterer Nasjonalt lesesenter til frukostmøte til Thon Hotel Bergen Airport. Spørsmålet vi stiller er: Kva kan du som skuleeigar og -leiar gjera for å betra elevane sine leseferdigheiter?

Publisert Sist oppdatert

Frukostmøte Bergen for skuleleiarar og skuleeigarar - Tid for lesing-logo

Nasjonalt lesesenter (UiS) er i gang med ei ny, nasjonal lesesatsing kalla «Tid for lesing». Bakgrunnen for satsinga er ulike undersøkingar som viser klar nedgang i elevar sine leseferdigheiter og leselyst. Denne trenden ønskjer vi å snu i eit felles leseløft.

Tid for lesing har tre hovudbodskap: tid, lesekondis, engasjement. Satsinga skal bidra til å spreie kunnskap om lesing og leseopplæring, og gje lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar inspirasjon, råd og støtte i arbeidet med å betra elevane sine leseferdigheiter og lesemotivasjon.

I frukostmøtet vil vi presentere utfordringsbiletet som ligg til grunn for Tid for lesing, tematisere skuleleiarar si sentrale rolle for at vi skal lukkast med å skape eit leseløft, dele faglege anbefalingar frå Nasjonalt lesesenter og informere om ulike tiltak som vil komme. Det vil bli moglegheit for spørsmål og dialog etter presentasjonen.

Tid for lesing er ein del av Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet sin leselyststrategi, Sammen om lesing. Dette møtet er særleg relevant for deg som er skuleleiar eller skuleeigar.

Praktisk informasjon

Dato: Onsdag 18. september 2024  
Tidspunkt: 08:30-10:00 
Sted: Thon Hotel Bergen Airport
Pris: Gratis.

Program

Servering av frukost frå kl. 08.00
08.30: Innleiing v/ Anne Hjermann, utdannings- og verjemålsdirektør, Statsforvaltaren i Vestland
08.40: Presentasjon av Tid for lesing og refleksjon rundt kva skuleeigarar og -leiarar kan gjera for å betra elevane sine leseferdigheiter v/ Kjersti Lundetræ og Johanne Ur Sæbø, Nasjonalt lesesenter
09.30-10.00: Spørsmål og dialog.

Påmelding finn du her.

Vel møtt!