Open førelesing med Olaug Nilssen

Onsdag 26. mars 2025 kl. 14:00-15:00,
Nasjonalt lesesenter,
Auditorium Valhall.

Likar du å skriva kreativt? Ønsker du meir motivasjon og inspirasjon for å gå i gang med eigen skriving? Nasjonalt lesesenter inviterer til open førelesing med Olaug Nilssen!

Publisert Sist oppdatert

Førelesing med Olaug Nilssen

Vil du høyra korleis ein av Noregs mest populære forfattarar jobbar med sin skriving? Kanskje du treng motivasjon og inspirasjon til å gå i gang med eigen kreativ skriving?

Då er du velkomen til open førelesing på Nasjonalt lesesenter, Universitetet i Stavanger, onsdag 26. mars kl. 14.00.

I regi av vidareutdanninga «Kreativ skriving i skolen» inviterer me til open førelesing med forfattar Olaug Nilssen.

Olaug Nilssen (f. 1977) er forfattar og dramatikar, og er tidlegare kåra til ein av dei ti viktigaste unge forfattarane i Noreg. I 2005 fekk ho sitt gjennombrot med romanen «Få meg på, for faen», kor ho braut tabu knytt til ungdom og seksualitet.

For «Tung tids tale» fekk Nilssen Brageprisen, og i denne boka fortel med stor openheit om det å vera mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2021 blei ho tildelt Fritt Ord sin pris for sine bidrag i samfunnsdebatten tilknytt same tema.

Praktisk informasjon

  • Onsdag 26. mars kl. 14.00 – 15.00
  • Stad: Nasjonalt lesesenter, UiS; Valhall auditorium
    Nasjonalt lesesenter ligg i Havtil-bygget, mellom Ydalir hotell og Arkivenes hus.
  • Førelesinga blir strauma, digital lenke blir tilgjengeleg i på denne nettsida.
  • Arrangementet er opent og gratis. For fysisk deltaking, ber me om at du på førehand melder deg på, for å unngå kø i resepsjonen når du kjem. Her kan du melda deg på.
Ta vidareutdanning på Nasjonalt lesesenter

Interessert i vidareutdanning i kreativ skriving? Søknadsfristen er 15. april! Vil du søka midlar for å ta vidareutdanning frå Utdanningsdirektoratet, er det ein eigen frist for dette 1. mars. Les meir om alle vidareutdanningane på Nasjonalt lesesenter – emne for deg som jobbar i barnehagen, skulen og PPT.