Mange skular synes det er vanskeleg å vite korleis ein skal jobbe med det tverrfaglege temaet «Folkehelse og livsmeistring». Forskarane i prosjektet LIFE håpar å kunne kome med tydelegare anbefalingar til skuleeigarar, rektorar og lærarar.
Forskingsprosjektet LIFE starta opp i 2023, og skal vere ferdig i 2027. Målet med prosjektet er å undersøke korleis det jobbast med det tverrgåande temaet «Folkehelse og livsmeistring» i skulen samt kome med anbefalingar til korleis skulane best mogleg kan og bør arbeide med dette temaet.
– Det heile er litt diffust
I LIFE samarbeider forskarane ved UiS saman med forskarar frå prosjektet HeaLS frå UiO og NIFU. Saman har forskarane utvikla ein felles spørjeundersøking, som er planlagt gjennomført i februar 2025. Den er sendt ut til alle skulane i landet med ein førespurnad om å delta. No oppmodar Fandrem alle skuleleiarar til å svare på undersøkinga.
I den overordna del i læreplanen vert temaet «Folkehelse og livsmestring» omtalt svært breitt, og det er dermed diffust kva skolen sitt arbeid skal handle om.
– Likevel er mange skular aktive og engasjerte i arbeidet med livsmeistring, forklarar Fandrem, og legg til:
– Det vi ser, er at mykje av det arbeidet som skular allereie gjer, og som dei har jobba med før LK20 kom, no vert definert som del av arbeidet med livsmeistring, legg ho til.
Samstundes lurer skular også på kva meir dei kan gjere, eller om det er noko dei kunne ha gjort annleis.
– Vi trur difor det er behov for tydelegare anbefalingar om korleis ein kan jobbe med at barn og unge skal meistre liva sine på ein god måte, seier Fandrem.
– Må kunne meistre eigne liv
Fandrem fortel at dei har allereie vitja fleire skular i høve datainnsamling i forskingsprosjektet, og observert at læraren ikkje lenger «berre» er ein lærar, men også blir sett som ein psykolog, vaktmeistar og sosialarbeidar. Ho meiner dette kanskje er utfordringa som ligg bak dei låge søkartala til lærarutdanninga ein ser over heile landet.
– Etter å ha intervjua både skuleleiarar, lærarar og andre, er det ikkje tvil om at mange av elevane i dag opplevast som meir sårbare enn tidlegare. Dei slit med eige sjølvbilete, er ikkje vande med å takle motgang, og i frykt for å bli hengt ut, så er dei redde for å seie kva dei eigentleg meiner. Dette seier også elevane når vi intervjuar dei, seier ho.
Prosjektleiaren syner til Elevundersøkinga og tall frå Ungdata der resultata seier at både mobbetal og vald i skulen aukar. Ho meiner det herskar liten tvil om at det er utfordrande å vere lærar og skuleleiar i dag – kanskje meir enn på lenge.
– Det er mykje som fell på skulen, og som vert lærarane og skuleeigarane sitt ansvar. Dette med livsmeistring og folkehelse handlar nett om det, men er eit ansvar skulen deler med elevane sine føresette. Saman har ein ansvar for at elevane lærer det som trengs og kjem ut av skulegongen som eit menneske i stand til å meistre sitt eige liv, seier ho.
– Skulane har mindre kapasitet
Dei auka krava til skulen, saman med den pågåande lærarmangelen, fører til at skular har mindre kapasitet. Det fører også til at ikkje alle skular prioriterer eller makter å vere med i forskingsprosjekt – sjølv om temaet opplevast som viktig. Dette har forskarane i LIFE full forståing for.
– Det er forståeleg at det som ikkje er skulen si kjerneverksemd og som ikkje er lovpålagt, vert nedprioritert i ein travel kvardag. Ein sletter gjerne ein e-post før ein leser innhaldet dersom ein ser at det handlar om å delta i forsking. Det handlar nok om at det er enkelt å tenke at det ikkje er naudsynt å delta. Men eg meiner det motsette – at dette prosjektet og den kunnskapen som vil kome ut av det faktisk er både viktig og naudsynt, seier Fandrem.
Treng eigenleg skulane meir forsking?
Det vert utvikla mykje kunnskap om livsmeistring kvar einaste dag rundt om på skular i Norge som ikkje forskarane får plukka opp, forklarar prosjektleiaren.
– Vi forskarar er heilt avhengige av tilgang til denne kunnskapen som lærarar, skuleleiarar og elevar skapar saman. Ved å bli kjend med slik kunnskap gjennom intervju og spørjeundersøkingar, er vi med på å forvalte den, og kan gje noko tilbake slik at skular kan inspirere kvarandre, seier Fandrem.
Ho meiner at skular som tek imot forskarar og deltek i forskingsprosjekt har ein unik sjanse til å bidra med sin kunnskap i ein større samanheng.
– Det er ein sjanse til å bidra med erfaringsbasert kunnskap om det som fungerer og det som ikkje fungerer. Vi treng skulane med på laget for å utvikle ny kunnskap om korleis lærarar bør arbeide med dette, seier Fandrem og håpar på ein fantastisk julegåve; at fleire skular no melder seg på undersøkinga i LIFE-prosjektet.
Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Jørn Steen/UiS