– Det er ikkje noko poeng i drive med barnehageforsking om ikkje resultata når ut til ungane!

Det seier professor Ingunn Størksen, som i dag mottek Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement.

Publisert Sist oppdatert
Ingunn Størksen. Foto: Elisabeth Tønnessen.

Størksen har forska på barns tidlege utvikling og på kor viktig tidleg språk og sosial kompetanse er for barns leik. Det verkar inn på korleis dei har det her og nå, men óg på kva moglegheiter dei får i framtida.

Ho er brennande oppteken av forskingsformidling som ein god måte å få kunnskapen ho får gjennom forskinga, ut der han trengst.

Om kvifor Størksen får prisen seier Cecilie Claviez frå Universitetsfondet at Størksen er ein uredd og tydeleg deltakar i samfunnsdebatten.
– Ho løftar viktige tema og gjer oss nye perspektiv. Ho står støtt i diskusjonar og møter motbør og kritikk på ein ryddig og pedagogisk måte med argument som er tufta på forsking.

Sjølve prisutdelinga finn stad under opninga av Forskningsdagane i Stavanger-regionen på Arkeologisk museum 18. september.

Her kan du sjå intervju med Ingunn Størksen i samband med prisen:

Intervju med Ingunn Størksen i samband med Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement.