Rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane

Rapporten skal gje eit oversyn over korleis særleg norskfaglege utdanningar dokumenterer og korleis dei gjennom vurdering vil sikra at studentane får kompetanse i både nynorsk og bokmål. Han er utarbeidd av Nynorsksenteret på oppdrag frå Språkrådet.

Publisert Sist oppdatert

Nynorsksenteret fekk i oppdrag frå Språkrådet å utarbeida eit kunnskapsgrunnlag om korleis ulike utdanningsinstitusjonar dokumenterer og sikrar at studentane får kompetanse i både nynorsk og bokmål. Resultatet er denne rapporten, «Rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane», som blei publisert i 2023.

Storparten av lærarstudentane startar utdanninga si med sidemålskompetanse i nynorsk, og rapporten legg særleg vekt på korleis utdanningsinstitusjonane forsøkjer å sikra nynorskkompetansen til studentane. Føremålet med rapporten er å få eit oversyn over korleis nynorskkompetansen til lærarstudentar blir vurdert gjennom ulike utdanningar som kvalifiserer til læraryrket.

Det er behov for forsking som viser korleis praksisen i utdanningane faktisk er, og kva for nynorskkompetanse lærarstudentane faktisk har etter at utdanninga er fullført.

Frå rapporten

Problemstillinga som ligg til grunn for undersøkingane i denne rapporten, er: «Korleis dokumenterer og sikrar lærarutdanningane nynorskkompetanse hjå studentane?»

Samandrag av resultata:

  • Lærarstudentar med norsk i fagkrinsen, uavhengig av kva for utdanning dei tek, får generelt nynorskkompetansen sin vurdert gjennom arbeidskrav eller eksamen på fleire tidspunkt gjennom utdanninga si.
  • Lærarstudentar som ikkje har norsk i fagkrinsen, uavhengig av kva for utdanning dei tek, får ikkje vurdert nynorskkompetansen sin gjennom utdanninga si, med nokre svært få unntak.
  • Alle dei tolv utdanningsinstitusjonane som gjev grunnskulelærarutdanning for 1. til 7. trinn, dokumenterer at studentane skal bli vurderte i både bokmål og nynorsk. Funna er om lag dei same som i 2014.
  • Ved dei tolv utdanningsinstitusjonane som gjev grunnskulelærarutdanning for 5. til 10. trinn, er det stort sett berre for studentar med norsk i fagkrinsen at det er krav til at dei skal skriva på både bokmål og nynorsk. Berre fire av dei tolv institusjonane krev at studentar utan norsk i fagkrinsen blir vurderte i nynorsk i arbeidskrav eller til eksamen.
  • Lærarstudentar som tek GLU 1–7 og GLU 5–10 med norsk i fagkrinsen, får som regel nynorskkompetansen sin vurdert gjennom arbeidskrav eller eksamenar meir enn éin gong gjennom studieløpet. Det er like fullt ein tendens at språkkrava blir lagde til starten av studieløpet.
  • Nynorskkompetansen og bokmålskompetansen til studentane blir sjeldan vurdert på lik linje. Nynorskkompetansen blir ved dei fleste utdanningsinstitusjonane testa ved heimeeksamenar (eksamenar utan tilsyn), medan bokmålskompetansen blir testa ved skuleeksamenar (eksamenar med tilsyn).
  • I dag er andre vegar til læraryrket vanlegare enn GLU. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at over halvparten av lærarstudentane som vart uteksaminerte i 2022, tok PPU eller femårig lektorutdanning. Berre studentane som tek lektorutdanning med norskfaglege emne, og studentar som tek PPU med norsk i botnen, blir vurderte i norsk (bokmål og nynorsk).