Bruk av stordata i høgare utdanning

Det er vanleg at høgskular og universitet samlar inn stordata om studentar for å tilpasse undervisninga, men studentar og tilsette veit lite om korleis slike data blir brukt. Denne artikkelen undersøker den etiske dimensjonen av bruk av stordata i høgskole- og universitetssektoren.

Publisert Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskningsnotatet gjer forskningen meir tilgjengeleg og leservennleg.

Resultata peiker òg i retning av at det ennå ikkje er etablert ein god og tillitsfull kultur rundt utdanningsinstitusjonar sin bruk av stordata om studentar.

Bakgrunn

Stordata viser til innsamling, kopling og analysering av store mengder data som blir behandla av automatiserte prosessar, som kunstig intelligens. Data om studentar, til dømes data om deira demografiske bakgrunn, akademiske utvikling, helse, rørsler på campus-området eller bruk av biblioteket, er blitt ei vanleg kjelde til informasjon for høgskolar og universitet. Mens det har vore mykje fokus på vern av privatlivet og datasikkerheit i samband med innsamling av stordata i medisinsk samanheng, har det vore mindre fokus på denne etiske dimensjonen av innsamling av stordata i høgre utdanning. Det er vanleg at høgskolar og universitet samlar inn data for å kunne utføre læringsanalysar. Slike læringsanalysar gjer det mogleg for universitet og høgskuler å tilpasse opplæringa til individet. Resultata av læringsanalysane kan gje informasjon om studentane slik at utdanningsinstitusjonen til dømes kan tilby hjelp til studentar som har låge prestasjonar eller står i fare for å falle ut av studieløpet. Slik informasjon kan òg hjelpe utdanningsinstitusjonar å kvalitetssikre faglege tilbod. Data- og persontryggleiken knytt til bruk av læringsanalysar er stort sett god. Likevel peiker forfattarane av denne systematiske kartlegginga på at dei individa som skal handsame eller nytte dataa, til dømes førelesarar eller administrativt personale, òg bør vere kjent med potensielle etiske problem som fylgjer av tilgang til og bruk av stordata.

Føremål

Det er lite kunnskap om kva studentar og tilsette ved høgskolar og universitet synest og kan om innsamling av stordata om studentar i høgre utdanning. Dette kunnskapshòlet er utgangspunkt for denne kartlegginga, og forfattarane stiller fylgjande forskingsspørsmål:

  1. Kva slags syn har studentar og tilsette ved universitet på bruk av studentinformasjon i høgare utdanning?
  2. Kva slags etiske spørsmål trer fram i desse synspunkta?

Inkluderte studiar

Kartlegginga inkluderer både studentar og tilsette i høgare utdanning. «Tilsette» tydar mellom anna undervisarar i høgre utdanning, administrativt personale, IT-tilsette ved organisasjonen eller personale som er tilsett for å hjelpe studentane med studiane (t.d. rettleiarar, koordinatorar, assistentar o.a.).

Kriteria som styrte utveljinga av relevant materiale, var:

  • publisert mellom januar 2007 og juni 2018
  • publisert på engelsk
  • publiserte, vitskapelege artiklar (empiriske studiar ) eller grå litteratur (bokkapittel, bøker, konferanseinnlegg, artikkel i trykk)
  • spørjeundersøkingar, intervju eller fokusgruppe-undersøkingar som undersøker studentar og tilsette sitt syn på bruk av stordata i høgre utdanning. Materiell som beskriv studentar eller tilsette sitt syn på bruk av stordata i samband med læringsanalyse, eller bruk av institusjonell studentinformasjon i samband med dataanalysar, blei og inkludert

30 artiklar eller anna materiell (26 individuelle studiar) blei inkludert i ei tematisk analyse , altså ei kategorisering av temaa som dei inkluderte tekstane tok for seg. Deretter blei dataa analysert på med eit etisk rammeverk som forfattarane utarbeidde på bakgrunn av eit breitt spekter litteratur om etiske diskusjonar knytt til ymse relevante problemstillingar. Studiane var utført ved høgre utdanningsinstitusjonar i Storbritannia, Canada, USA, Australia, New Zealand, Tyskland, Frankrike, Austerrike, Nederland og Malaysia.

Resultat

Mens nokre av studiane skildra studentane sitt syn på bruk av stordata (22), fokuserte andre på dei tilsette (elleve). Nokre av dei handsama altså begge gruppene. Den systematiske kartlegginga behandlar student- og tilsettperspektiva under eitt, blant anna fordi begge gruppene ytra mykje det same synet på tvers av litteraturen. Likskapen mellom dei to gruppene var størst innanfor temaa som omhandla fordelane for studentar ved bruk av stordata. Forskjellen mellom dei to gruppene var størst innanfor temaet risiko for tilsette ved bruk av stordata. Bekymringar og problemstillingar knytt til personvern, teieplikt, identitet og samtykke blei ytra av begge grupper og diskutert på mykje same vis.
Fleirtalet av artiklane definerte «stordata» som læringsanalyse. Ti av dei bygga definisjonen sin på ei definisjon frå 2011: måling, innsamling, analysering og rapportering av stordata om elever/studentar og deira omgjevnader med den hensikt å få ei forståing av elevane/studentane si læring for på den måte å kunne optimalisera læringa og dei samanhengane som læringa skjer i (vår omsetting).

Analysane viser at både studentar og tilsette ved høgre utdanningsinstitusjonar veit lite eller ingenting om organisasjonane sin bruk av studentdata eller om læringsanalyse generelt. Dette indikerer at høgare utdanningsinstitusjonar ikkje er gjennomsiktige nok eller flinke nok til å opplyse studentar og tilsette om bruk av stordata. Både studentar og tilsette trekk fram rolla stordata kan spele i identifisering av studentar som står i fare for å få dårlege akademiske resultat eller for ikkje å gjennomføre, samt for å tilpasse undervisinga til den einskilde student. Vidare viser analysane at studentar er merksame på farane innsamling og bruk av stordata i høgre utdanning representerer for dei. Undervisingspersonale fokuserte meir på si eiga gruppe og uttrykte uro for institusjonens ressursar og behandling av og forventingar til dei tilsette. Tilsette som ikkje hadde undervisingsoppgåver peikte på implementerings- og styringsproblem, som opphoping av data eller dårleg kommunikasjon på tvers av sektoren.

Både studentar og tilsette ved universiteta uttrykte bekymring for blant anna personvern, for kva slags bilete av til dømes studentar si åtferd analysane av dataa kunne teikna, for misbruk av data og for underutvikling av sjølvstende blant studentane. Nokre studiar understreka potensialet for at bruk av stordata kunne frigje tid for tilsette i sektoren, medan andre peikte på ei auke i dei tilsette si arbeidsmengde. For nokre tilsette gjekk det òg mykje tid med til å prøve å forstå korleis dei skulle anvende denne nye teknologien. For dei som ikkje såg verdien av bruk av stordata, blei dette opplevd som bortkasta tid.

Resultata av kartlegginga indikerer at det har blitt sett inn for lite ressursar på å engasjere studentar og tilsette i høgre utdanningsinstitusjonar i refleksjonar rundt etikk og bruk av stordata i høgre utdanning. Resultata peiker òg i retning av at det ennå ikkje er etablert ein god og tillitsfull kultur rundt utdanningsinstitusjonar sin bruk av stordata om studentar. Samstundes understrekar forfattarane at dette ikkje tyder at institusjonane ignorerer dette aspektet. Det tyder kan hende heller at studentar og tilsette i høgre utdanning har større interesse av å diskutere etisk bruk av stordata enn utdanningsinstitusjonane er klar over. Dette er òg viktig fordi det ikkje er sikkert at til dømes juridiske innstrammingar knytt til innhenting og bruk av stordata fører til ei auke i tillit mellom institusjonen og menneska i institusjonen.

Implikasjonar

Kartlegginga peiker på fire forhold som kan sikre meir effektiv bruk av stordata i høgare utdanning:

  1. Analysar av stordata, særskilt læringsanalysar, må bli brukt på ein transparent måte og til fordel for studentane.
  2. Utdanningsinstitusjonane må kontinuerleg jobbe med å bygge og vedlikehalde høg grad av tillit hos studentar/tilsette til at institusjonen brukar dataa på etisk vis. Strategiar for å oppnå dette kan vere å investere i høgkvalitetssystem for datasikkerheit samt støttesystem for tilsette for å lære dei å nytte dataa på effektive vis til det beste for studenten. Gjennomsiktigheit blir nok ein gong trekt fram som særs viktig: Dei som genererer dataa (studentane) må få tydeleg og lett tilgjengeleg informasjon om mellom anna kva slags data som blir samla inn og korfor, korleis dei blir brukt, og kor og korleis dataa blir lagra.
  3. Ein bør etablere fora kor tilsette og studentar kan diskutere innsamling og bruk av stordata og læringsanalyse med representantar for institusjonen på ein jambyrdig (egalitær) måte.
  4. Ein bør bygge kunnskap blant studentar og tilsette om institusjonen sin innhenting og bruk av stordata.

Vidare peiker forfattarane på nokre tema som er diskutert i medisinsk litteratur, men som ikkje er handsama i litteraturen som ligg til grunn for denne systematiske kartlegginga. Framtidig forsking på etisk bruk av stordata i høgare utdanning bør derfor undersøke følgande:

  1. Om bruk av stordata i høgare utdanning kan være til større ulempe for nokre grupper enn for andre, til dømes ved å forsterke negative haldningar til dei.
  2. Om mykje data er det same som betre data.
  3. Om sikkerheita for å forhindre at tredjepartar, til dømes kommersielle aktørar, kan få tak i og nytte studentdataa.
REFERANSE:

Braunack-Mayer, A. J., Street, J. M. Tooher, R., Feng, X. & Scharling-Gamba, K. (2020). Student and Staff Perspectives on the Use of Big Data in the Tertiary Education Sector: A Scoping Review and Reflection on Ethical Issues. Review of Educational Research, 90(6), 788–823. DOI: https://doi.org/10.3102/0034654320960213