Den nye senterleiaren ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU), Oddny Judith Solheim, ser fram til å styrke kunnskapsgrunnlaget for utdanningssektoren.
Solheim har ei lang karriere som professor ved Universitetet i Stavanger (UiS), mellom anna ved Nasjonalt lesesenter, og kom til KSU frå ei stilling ved Institutt for grunnskoleutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS). Ho har brei erfaring frå utdanningsforskning og har leia nokre av dei største forskingsprosjekta som har blitt gjennomført i norsk skule.
– Kunnskapssenter for utdanning utfører ein viktig jobb, og det er difor eit privilegium å få leia dette arbeidet, seier Solheim.
Forsking på og formidling av utdanningsforsking
Primæroppgåva til KSU er å samanstilla og formidla nasjonal og internasjonal forsking på utdanningsområdet. Senteret skal òg arbeida systematisk med å vidareutvikla sjangeren kunnskapsoversikt. I tillegg skal KSU bidra til auka kompetanse på samanstilling og oppsummering av forskingsresultat gjennom samarbeid med norske forskarar og internasjonale aktørar på feltet.
– Kva ser du som dei viktigaste oppgåvene dine som senterleiar, i lys av dette mandatet?
– Den viktigaste oppgåva – for meg og oss – vil vera å bidra til at det blir teke kunnskapsbaserte avgjerder i politikkutforming, i retningslinjer som påverkar utdanningssektoren og at praksisen i barnehagar, skolar og høgare utdanning er kunnskapsbasert, svarer den nye KSU-senterleiaren.
Må nå fram til dei som treng det
– Korleis ser du føre deg at KSU kan bidra i denne retninga, meir konkret?
– Dette vil me oppnå gjennom å produsera og sammenstilla forsking av høg kvalitet og ikkje minst legge til rette for at forskinga når dei som treng ho, og blir tatt i bruk. Det er essensielt at utdanningsforsking ikkje berre blir publisert i akademiske tidsskrift, men òg blir omsett på ein måte som er tilpassa dei ulike aktørane i utdanningssektoren. Så vil me òg arbeida for å styrke sektoren sin kapasitet til å nyttiggjera seg forsking, altså det ein gjerne kallar research literacy. For å lykkast med dette er det viktig å styrka samarbeid med relevante nasjonale og internasjonale aktørar.
Det er essensielt at utdanningsforsking ikkje berre blir publisert i akademiske tidsskrift, men òg blir omsett på ein måte som er tilpassa dei ulike aktørane i utdanningssektoren.
– Kva håpar du å oppnå i tida som senterleiar?
– Målet mitt er at Kunnskapssenter for utdanning skal bli ein leiande aktør innan utdanningsforsking, og at arbeidet vårt skal ha ein positiv innverknad på utdanningssektoren i Noreg og utover, avsluttar Oddny Judith Solheim, professor og altså ny senterleiar ved Kunnskapssenter for utdanning, Universitetet i Stavanger.
Tekst: Leif Tore Sædberg, KSU