Helene Urdland Karlsen er ny rådgjevar ved KSU

Den nye rådgjevaren ved Kunnskapssenter for utdanning har ei fortid frå Språkrådet og skal mellom anna jobbe med skandinavisk barnehageforsking i NB-ECEC-prosjektet.

Publisert Sist oppdatert

Bilde av Helene Urdland Karlsen
– Eg ser fram til å vere med på å setje dagsorden for forskingsbehov heime og ute i den store verda, seier Helene Urdland Karlsen , ny rådgjevar ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU), ved Universitetet i Stavanger. (Foto: Leif Tore Sædberg)

Helene Urdland Karlsen (37) kjem frå Voss og er utdanna filolog med master i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd som leksikograf (ordboksredaktør) i ei årrekkje. Først som forskar i prosjektet Norsk ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo, seinare som forlagsredaktør i Cappelen Damm AS. Ho skreiv i den samanhengen ordbøkene Norsk ordbok – bokmål og Norsk ordbok – nynorsk.

Dei siste seks åra har Helene arbeidd som seniorrådgjevar i Språkrådet, der ho har hatt fagansvaret for norsk språk i grunnopplæringa.

For tre år sidan flytta ho frå Oslo til Stavanger, og bur i dag i eit gamalt sveitsarhus på Storhaug med sambuar, ei dotter på tre år og katten Timmi.

Eg ser fram til å vere med på å setje dagsorden for forskingsbehov heime og ute i den store verda.

Helene Urdland Karlsen , ny rådgjevar ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU)

Vossingen har i all si tid vore levande engasjert i språk og har vore aktiv i målrørsla i mange år.

– Gjennom arbeidet i Språkrådet fekk eg ei stor interesse for utdanningsforsking, og eg gler meg over mogelegheita til å jobbe med alt frå barnehage til høgare utdanning, seier ho.

Helene søkte på stillinga ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU) med eit ønske om å auke kunnskapen om og kvaliteten på utdanninga, slik at alle elevar kan få ei god og likeverdig opplæring.

Som rådgjevar ved KSU skal ho mellom anna jobbe med skandinavisk barnehageforsking, gjennom prosjektet NB-ECEC.

– Eg ser fram til å vere med på å setje dagsorden for forskingsbehov heime og ute i den store verda, seier den nytilsette rådgjevaren.

Me ønskjer Helene hjarteleg velkomen til KSU!