Professor Kenneth H. Wathne på Handelshøgskolen ved UiS er heidra med "Outstanding Reviewer Award 2020" av Journal of Marketing, det høgast rangerte internasjonale tidsskriftet innanfor marknadsføring.
Også i 2013 vart professor Kenneth H. Wathne tildelt prisen frå American Marketing Association.
Professor Wathne vart utpeika frå ein redaksjonskomité på 200 personar og i grunngivinga blir det framheva arbeidsmengda hans og konstruktiviteten, grundigheten og aktualiteten i meldingane hans.
Planen er å heidra professor Wathne på JM Editorial Review Board sitt møte den 23/24 august.
Prestasjonen til Wathne vil òg bli oppført på den nye “Outstanding Reviewer” -siden som er oppretta på nettstaden til Journal of Marketing. Det vil òg bli lagt ut på ELMAR som ei internasjonal kunngjering for forskingsfeltet.
Tekst: Egil C. Svela