Prestisjetunge Harvard Business Review har publisert artikkelen "Don’t Count on Free Trials to Win You Customers" av førsteamanuensis i marknadsføring Hongyan Shi frå Handelshøgskolen ved UiS.
Shi har skrive artikkelen saman med Sadat Reza, Dixon Ho, Rich Ling og Gemma Calvert.
Forfattarne har undersøkt effekten av gratis prøvekampanjar for opplevingstenester, altså tenester kor verdien oppdages først etter at dei er konsumert. Eksempel på slike tenester er ein feriedestinasjon, ein film eller ei ny programvare.
Forskninga viser at gratis prøvekampanjar bør brukast målretta mot eksisterande kundar med middels til høg bruk. Dette fordi kundar som allereie har blitt eksponert for produktet er meir mottakeleg for denne typen kampanjar enn andre kundar.
Les heile artikkelen i Harvard Business Review her
Tekst: Silje Marnburg Ellefsen