Kva er god masteroppgåve-rettleiing?

Fleire studentar skriv masteroppgåve. Kva må til for at rettleiinga av oppgåva skal bli best mogleg?

Published Sist oppdatert

To kvinner sitter sammen ved et bord med skrivebøker foran seg. Den ene kvinnen illustrerer noe med hendene for den andre
GOD RETTLEIING: Nederlandske forskarar har analysert forsking på kva som kjenneteiknar effektiv rettleiing av masteroppgåver i eit kunnskapsoversyn. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Det er ein markant auke i talet på studentar som tar mastergradsstudium, både i Norge og elles i verda. Mellom 2011 og 2012 fullførte 10.587 norske studentar ein mastergrad, mens talet ti år seinare hadde økt til 18.546 mastergrader, ei auke på 75 prosent, ifølgje Statistisk Sentralbyrå.

Masteroppgåva

Ein viktig del av mastergraden er skrivinga av masteroppgåva. Formålet er at studentane gjennom arbeidet med oppgåva skal lære seg å tenke kritisk, finne og vurdere relevant informasjon og å styre sitt eige prosjekt – ferdigheiter som er viktige i eit arbeidsliv i stadig endring. I arbeidet med oppgåva har studentane rett på rettleiing av ein akademisk tilsett. Dermed blir rettleiing av masteroppgåver ein stadig meir vanleg rolle for akademikarar. Likevel viser forsking at mange rettleiarar manglar opplæring i korleis dei kan hjelpe studentane på ein god måte.

No har nederlandske forskarar samla studiar som har forska på kva som kjenneteiknar effektiv rettleiing av masteroppgåver i eit kunnskapsoversyn. Deretter har forskarane utvikla eit eige rammeverk der dei lister opp kva som skal til for at rettleiinga skal bli best mogleg.

Her kan du lese heile forskingsnotatet: Eit rammeverk for effektiv masteroppgåve-rettleiing

Kva er resultata av god rettleiing?

Når er både rettleiar og student nøgde med samarbeidet om masteroppgåva? Eit klart mål er at sluttresultatet blir bra, både at oppgåva blir levert i tide og får ein god karakter. Men det er òg viktig at begge partar kjenner at prosessen har vore engasjerande og motiverande. Eit teikn på ein god prosess er til dømes om studenten blir motivert til å fortsette med forsking. Ei god rettleiing betyr at studenten sitt igjen med meir kunnskap, ferdigheiter og betre sjølvtillit enn før arbeidet starta. Eksempel på dette kan vere at studenten skriv og argumenterer betre etter å ha fått tilbakemeldingar frå rettleiaren.

Rettleiaren bør balansera omsorgsfull rettleiing med klare instruksjonar: Det betyr at rettleiaren skapar ein trygg arena for open kommunikasjon med studenten, ved å lytte, støtte og oppmuntre, samtidig som det er nødvendig å planlegge møter og sette fristar

Kva gjer rettleiings-prosessen vellukka?

Ein viktig faktor for god rettleiing er samspelet mellom student og rettleiar. Det bør vere prega av tillit, open kommunikasjon og eit balansert maktforhold. I byrjinga kan rettleiaren vere meir styrande, men med tida tar studenten meir eigarskap til prosessen, og saman utviklar dei forskinga. Det er viktig at studenten tar omsyn til at rettleiaren har avgrensa med tid og aktivt engasjerer seg i tilbakemeldingar hen får. Studenten bør planlegge arbeidet grundig og skrive jamleg gjennom heile oppgåveprosessen. Rettleiaren må på andre sida avklare kva som blir forventa av studenten, både å gjere det klart korleis rettleiinga går føre seg, og kva akademiske krav det er til oppgåveprosessen. Rettleiaren bør balansera omsorgsfull rettleiing med klare instruksjonar: Det betyr at rettleiaren skapar ein trygg arena for open kommunikasjon med studenten, ved å lytte, støtte og oppmuntre, samtidig som det er nødvendig å planlegge møter og sette fristar.

Kvinnelig lærer/student sitter ved et bord sammen med en mannlig student og peker på noe på skjermen til en datamaskin
EIT SAMARBEID: Effektiv rettleiing krev innsats frå både rettleiar og student. Begge partar bør gå inn i rettleiinga med nødvendige kunnskaper, ferdigheiter og haldningar. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Kva bør student og rettleiar ta med inn i prosessen?

Ifølge forskinga krev effektiv rettleiing innsats frå både rettleiar og student. Begge partar bør gå inn i rettleiinga med nødvendige kunnskaper, ferdigheiter og haldningar. Både studentar og rettleiarar treng kunnskap om forsking og oppgåveskriving. Studentane bør vite noko om skrivekonvensjonar, ha metodologisk kunnskap og meir generell førehandskunnskap. Rettleiarane må ha kunnskap om akademiske standardar og prosessar, i tillegg til erfaring med forskingssteg og metodar. Dei må òg vere kompetente innan faget, men dei treng ikkje nødvendigvis å vere ekspertar. Forskinga understrekar relevansen av studentane si indre motivasjon for oppgåveprosessen, som både kan knytast til oppgåvetemaet og læremoglegheitene som oppgåveprosessen gir. Studenten bør òg vere målretta og uthaldande medan dei arbeider med oppgåva, medan det er viktig at rettleiaren er engasjert i oppgåveprosessen.

Forsking til nytte?

Forskarane bak kunnskapsoversynet meiner det er eit behov for betre støttesystem og opplæringsprogram for rettleiarar for å sikre at studentane mottar den støtta dei treng i masteroppgåve-skrivinga: «Slike system vil ikkje berre styrke kvaliteten på masteroppgåvene, men også forbetre studentopplevinga og bidra til meir effektiv læring og utvikling gjennom mastergradsstudiet.». Dei trur rammeverket for ei effektiv rettleiing av masteroppgåver kan vere ein ressurs for rettleiarar, men òg for utdanningsinstitusjonar som vil utvikle gode rettleiarar av masteroppgåver.

Tekst: Nina Kalvatn Friestad