Historieprofessor fekk svensk prestisjepris i høgtideleg seremoni

Dolly Jørgensen fekk nyleg den svenske Gad Rausings pris 2025 for si banebrytande forsking innan miljøhistorie og miljøhumaniora. Prisen er på 1,5 millionar kroner og blei overrekt i ein høgtideleg seremoni i Riddarhuset i Stockholm 20. mars.

Publisert Sist oppdatert

Kvinne overrekker pris til annen kvinne
Dolly Jørgensen mottar pris og medalje fra prinsesse Christina, fru Magnuson, i Riddarhuset i Stockholm den 20. mars 2025. Foto: Erik Cronberg.

I ein høgtideleg seremoni delte prinsesse Christina, fru Magnuson, ut årets priser til framstående forskarar ved Det kongelige vitenskapsakademiet i Sverige. Seremonien gjekk føre seg i Riddarhuset i Stockholm den 20 mars.

Gad Rausings pris er Akademiens største pris på 1,5 millionar kroner.

– Dolly Jørgensen bidrar på kreativt vis med ny og viktig forståing av mennesket sin plass i naturen, både i eit samtidig og i eit historisk perspektiv. Ho har vist at tverrvitskapleg samarbeid leia av humaniora-forskarar kan hjelpe oss til å forstå kriser som til dømes truga biologisk mangfald og andre miljøutfordringar, seier Lars Berglund, talsperson i den nordiske Rausing-komiteen.

Les meir om Gad Rausing-prisen til Dolly Jørgensen på nettsidene til Det Kungl. Vitterhetsakademien i Sverige.

Framifrå humaniora-forsking

Prisen blir delt ut kvart år til ein nordisk forskar som kan vise til framifrå forskingsinnsats innafor humaniora. Prisen blir delt ut av Kungliga Vitterhetsakademien i Stocholm, som er eit vitskapsakademi for dei humanistiske faga i Sverige.

– Prisen viser at humanistiske forskarar i Norden òg kan vere verdsleiande. Mine snart 20 år ved universitet i Noreg og Sverige har gjort det mogleg for meg å ikkje berre drive eigen høgkvalitetsforsking, men òg stake ut nye retningar for eit heilt forskingsfelt, seier Dolly Jørgensen som opplever prisen som ei stor anerkjenning av miljøhistorie og miljøhumaniora.

– Forskarar som undersøkjer menneske sine relasjonar til naturen i eit tverrfagleg og historisk perspektiv, er naudsynte for å kunne møte dei store utfordringane verda står overfor i vår tid, påpeiker Jørgensen.

Kvinne med diplom med pent kledde folk rundt seg
Dolly Jørgensen mottok Gad Rausings pris for sin banebrytende og mangesidige forskning innan miljøhistorie og miljøhumaniora. Foto: Erik Cronberg

Framstillinga av utrydda artar på museum

Jørgensen får prisen blant anna for sitt breie forskings-perspektiv som spenner over humaniora, samfunnsvitskap, naturvitskap og teknologi. Særleg betydningsfullt er hennar innsats når det gjeld studiet av tilhøvet mellom menneskje og natur, og spesielt menneskje og dyr.

Ei av Jørgensens siste publikasjonar er The Medieval Pig, som skildrar grisens plass i middelalderens Europa, både materielt og symbolsk.

Jørgensen har blant anna forska på historier om utrydding og re-innsetting av dyr. Ho og hennar forskarkollegaer har undersøkt på kva måte naturhistoriske museer vel å vise fram utrydda dyr og kva forteljingar som blir fortald om dei.

Forskinga hennar viser at framstillingane ofte er mangelfulle.

Les om eit av Jørgensens noverande prosjekt på forsking.no: Det finnes bare fire igjen av den sør­afrikanske blåbukken. Alle er utstoppet

Femte norske forskar

Fire norske forskarar har fått prisen tidlegare: I 2003 fekk Einar Niemi (Tromsø) prisen, medan Jan Terje Faarlund (Oslo) fekk prisen i 2013. To år etter gjekk prisen til Sverre Bagge (Bergen), og i 2023 fekk Helge Jordheim (Oslo) prisen.

Jørgensen mottar prisen i Stockholm den 20. mars.

Tekst: Karen Anne Okstad, Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt