Jørgensen får den svenske Gad Rausings pris 2025 for si banebrytande forsking innan miljøhistorie og miljøhumaniora. Prisen er på 1,5 millionar kroner.

– Dolly Jørgensen bidrar på kreativt vis med ny og viktig forståing av mennesket sin plass i naturen, både i eit samtidig og i eit historisk perspektiv. Ho har vist at tverrvitskapleg samarbeid leia av humaniora-forskarar kan hjelpe oss til å forstå kriser som til dømes truga biologisk mangfald og andre miljøutfordringar, seier Lars Berglund, talsperson i den nordiske Rausing-komiteen.
Les meir om Gad Rausing-prisen til Dolly Jørgensen på nettsidene til Det Kungl. Vitterhetsakademien i Sverige.
Framifrå humaniora-forsking
Prisen er på 1 million svenske kroner og blir delt ut kvart år til ein nordisk forskar som kan vise til framifrå forskingsinnsats innafor humaniora. Prisen blir delt ut av Kungliga Vitterhetsakademien i Stocholm, som er eit vitskapsakademi for dei humanistiske faga i Sverige.
– Prisen viser at humanistiske forskarar i Norden òg kan vere verdsleiande. Mine snart 20 år ved universitet i Noreg og Sverige har gjort det mogleg for meg å ikkje berre drive eigen høgkvalitetsforsking, men òg stake ut nye retningar for eit heilt forskingsfelt, seier Dolly Jørgensen som opplever prisen som ei stor anerkjenning av miljøhistorie og miljøhumaniora.
– Forskarar som undersøkjer menneske sine relasjonar til naturen i eit tverrfagleg og historisk perspektiv, er naudsynte for å kunne møte dei store utfordringane verda står overfor i vår tid, påpeiker Jørgensen.
Framstillinga av utrydda artar på museum
Jørgensen får prisen blant anna for sitt breie forskings-perspektiv som spenner over humaniora, samfunnsvitskap, naturvitskap og teknologi. Særleg betydningsfullt er hennar innsats når det gjeld studiet av tilhøvet mellom menneskje og natur, og spesielt menneskje og dyr.
Ei av Jørgensens siste publikasjonar er The Medieval Pig, som skildrar grisens plass i middelalderens Europa, både materielt og symbolsk.
Jørgensen har blant anna forska på historier om utrydding og re-innsetting av dyr. Ho og hennar forskarkollegaer har undersøkt på kva måte naturhistoriske museer vel å vise fram utrydda dyr og kva forteljingar som blir fortald om dei.
Forskinga hennar viser at framstillingane ofte er mangelfulle.
Les om eit av Jørgensens noverande prosjekt på forsking.no: Det finnes bare fire igjen av den sørafrikanske blåbukken. Alle er utstoppet
Fjerde norske forskar
Tre norske forskarar har fått prisen tidlegare: I 2013 fekk Jan Terje Faarlund (Oslo) prisen. To år etter gjekk prisen til Sverre Bagge (Bergen), og i 2023 fekk Helge Jordheim (Oslo) prisen.
Jørgensen mottar prisen i Stockholm den 20. mars.
Tekst: Karen Anne Okstad, Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt